Familie er alt!

Sidan avslaget mitt for stamcelle-transplantasjon på Haukeland, har eg endelig sendt inn alle mine MR-bilder på CD og  journalpapir som eg har oversatt til engelsk- til Moskva/Russland. Det kribla godt i magen då dette endeleg vart gjort ein kveld. Har også allerede fått svar frå dei, men ikkje fått ein endelig dato bekrefta. Dette grunna at alt krev planlegging sidan eg er nokså ung. Dersom ein tar ei slik behandling, må man vente 2 år med å prøve å bli gravid og sjansen for infertilitet er 3 %. Så eg burde kanskje ha tenkt på å starta familie før den tid.. Men me får sjå! No er i allefall prosessen i gang, og det er lys i enden av tunnelen! 🙂

Apropos familie.. Det har vært nokre tøffe dagar i det siste. Pappa fann heilt tilfeldig ut på eit legebesøk for noko heilt anna, at han hadde nokså tette og innsnevra blodårer fleire stader rundt hjarta. Heldigvis blei det oppdaga og han blei satt opp til by-pass operasjon. Pappa har alltid våre forbaska sprek- så eg anka eigentleg ikkje på at dette ikkje skulle gå bra. Det visste eg, innerst inne. Men tanken på at dei skulle stoppa hjerta hans og tukla med saker og ting inni der- var ganske skremmande..

Han skulle opererast på fredag, så torsdag ettermiddag reiste både eg og mamma inn på besøk til han på Haukeland. Me hadde ei fin stund. Følelsane kom snikande på då me skulle sei hadet. Klemmen vart gitt og det gjenstod berre å sei “Hadet!”, men det fann meg ikkje naturleg. Eg ville ikkje sei det. Eg sa heller “me snakkes på søndag” for å overbevisa både han og meg sjølv om at dette skulle gå bra. Men då me gjekk frå han, kom følelsane som lyn frå klar himmel. Gode spreke, pappa`n min som stod der og vinka og smilte til oss då me gjekk! Mamma hadde holdt seg sterk ho også, men då eg byrja å sippa så var me plutselig to som felte tårer. Bilturen heim var tøff men samtidig god. Me grein, me lo av kor tåpelige me begge var og me snakka om alt og ingenting. Det var ufattelig godt å ha mamma der. Og me kjente begge to kor ufattelig mykje me alle bryr oss om og er glade i pappa.

Då fredagen kom gjekk timane og minuttane enormt seint! Eg visste at pappa skulle opererast ca kl 9. Og det kjentes ut som eg skulle inn til eksamen då klokka nerma seg 9, nervene var heilt spinnville. Men heldigvis hadde eg ungane på jobb rundt meg som klarte å holde humøret mitt oppe og holda tankane mine nokolunde opptatt <3 Så kom ENDELIG telefonen 11.55, frå mamma. Alt hadde gått fint og etter planen. Det var som om 80 kg blei løfta av mine skuldre. No kunne eg endelig slappa av. Det var jo det eg visste, pappa er pappa- han klarer alt.

Planen var å vente med å besøke han til søndagen, men då mamma skulle besøke han på lørdagen tilbydde eg meg å være med. Både med tanke på at eg hadde lyst å sjå pappa, men også for å kunne være der for mamma på turen. Eg visste ikkje sikkert om eg var tøff nok til å takle det synet som var i vente…

Me møtte opp på lørdagen, og begge to hadde manna oss opp til å være sterke idag. Me forestilte oss det verste synet. Så gjekk me inn på rommet hans. Der låg han. Sterkaste pappa`n min, med ledningar overalt. Det var rart å sjå pappa slik. Det var heilt uvant. Men han var fin i fargen- ikkje gråbleik slik me hadde forestilt oss. Han smilte, lo og spøka med oss. Han var rett og slett nokså lik seg sjølv berre med litt ekstra smertestillande og morfin. Han hadde fått streng beskjed om å ta det med ro. Men høyrde han på det? Nei, pappa han flytta på seg sjølv der i senga, med ulike teknikkar- han skulle slettes ikkje ha hjelp frå nokon. Då me hadde sagt takk for oss og gått derifrå, kom me plutseleg på at me hadde tatt eit bilete av heile familien for å vise til han kor mange som bryr seg om han. Så me gjekk inn igjen til han for å vise han dette. Då var han allerede oppreist på beina GALNINGEN, for å hente ei bok. Typisk pappa- går verkeleg inn for å klare ting sjølv og er sterk som få.

Det gjorde berre SÅÅ godt å sjå og veta at han hadde klart seg. Men det var då det verkeleg gjekk opp for meg. Kor ufatteleg heldig eg er som har dei. Kor ufattelig glad eg er i dei begge to. Kor heldig me er i vår familie som har eit så tett og nært bånd til kvarandre. Og mamma er limet sjølv, som ringjer kvar og ein av oss for å oppdatere om situasjonen til pappa.

Og sist men ikkje minst, gjekk det opp for meg- kor stor inspirasjon pappa er for meg. Eg håper verkeleg at eg kan inspirere nokon der ute, med tanke på korleis eg taklar å vere kronisk sjuk. Men det skal seiast at den som inspirerer meg aller mest- er min flotte og sterke pappa!! Det motet og den ståpå-viljen skal du leita lenge etter! Dette skal gå bra, pappa- du er RÅ! <3

 

Ta vare på kvarandre! <3

 

2 kommentarer
    1. Hei Karina! Me kjenne jo egentlig ikkje kverandre, men siden me e fra Fitjar begge to så vett eg jo kem du e 🙂 Eg må bare sei at eg har lest meg gjennom heile bloggen no! Og at eg syns den e fantastisk fin, oppi alt da vonda. Blir vanvittig imponert øve holdningen din og all den positive energien din! For et forbilde du e! Tror ungane i Dåfjorden barnehage e kjempeheldige som har fått deg der, som ein god, glødande voksen som brenne for jobben sin. Håpe virkelig at ting kan gå din vei i Moskva! Ha ei kjempefin helg, og så håpe eg da går fint med pappaen din og 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg