Ubeskrivelig takknemlig! <3

Då tenker eg det er på tide med ei ny oppdatering 🙂

Sidan sist så har litle sjarmøren min endelig fått tatt siste operasjon. Denne gongen var det korsbåndskaden hans som stod for tur. Her sit me i bilen på veg til Haugesund, der han aner fred og ingen fare.

Her har han fått bedøvelse og held på å sovna inn i mammo sine arma <3 Alltid lika vemodigt, men eg veit at han er i gode hender!

Her er han fortsatt litt døsig etter narkosen, men alt hadde gått bra!

Så no er han nyoperert og det er blitt satt inn ein “tråd” som skal erstatte effekten av korsbåndet som røyk, så derfor er det er særdeles viktig at han hold seg i ro. Ellers ryk denne tråden og operasjonen er bortkasta. Dei meiner at han bør være i buret sitt i 4-8 veker, utan å gå laust inne i huset. Dette blir nokre kjedelige veker for han stakkars, men satsar på det blir verdt det til slutt og at han blir frisk som ein fisk 🙂 Summen for ein slik operasjon er til å måpe av! Heilt villt! Men på ei annen side og frå eit heilt anna perspektiv- så er det allikevel verdt kvar einaste krone. Ser ikkje for meg ein kvardag utan denne skjønnasen- så eg er villig til å gjer alt for å ha han lengst mulig og for at han skal ha det godt <3

Eg har også vært hos legen sidan sist, der eg fekk beskjed om at eg sleit med utmattelse/fatique- når eg nevnte korleis helgane var for tida der eg hadde null energi igjen og var svært langt nede.

Med symptom som kraftig hodepine, muskelsmerter, kramper, forsterkning av gamle symptom som lhermittestegn (støt fra nakken og nedover rygg) og uklart syn på høgre auga.  Det skyldes nok mange psykiske påkjenningar i det siste, men eg må allikevel ta dette på alvor.

Legen foreslo at eg blei sjukemeldt i 60% og prøvde å arbeide 40%. Men det var uaktuelt for min del. Fyrste tanken var at eg ikkje kan og absolutt ikkje VIL vera vekke frå jobb! Så eg fekk heldigvis overtalt han til å heller arbede 60% og være sjukemeldt 40%.

Eg har klart 100% jobb lenge no, og eg veit at eg hadde klart endå meir. Men samtidig så kjenner eg at eg presser kroppen min meir enn eg bør. Det går heilt fint når eg jobbar, og eg storkosar meg jo i arbeidet med barn! Men det er når eg kjem heim at eg kjenner på kor ufattelig mykje energi det tar av meg, og kor lite energi eg då sit igjen med til familie, venner og fritid.

Eg hugsa då me var på MS-kurs og dei nevnte akkurat dette med fatique. At personer med MS bør begrense og prioritere kva dei brukar energien sin på, for me bruker meir enn vanlege friske personar gjer på heilt enkle ting. Eg tenkte fyrste gong eg høyrde dette at det berre var tull. Alle klarar det dei vil og går inn for, tenkte eg. Og det er nok noko sant i dette utsagnet. Men allikevel har kroppen min no motbevist akkurat dette. Eg klarer ikkje alt det eg vil eller går inn for. Desverre. Og det må eg faktisk berre innsjå no.

Eg er sta, og kjem aldri til å gi opp eller slutte å gi alt eg har- men samtidig må eg lære meg å prioritere og fordele energien min på alle dei som eg er glad i og bryr meg om. Selvfølgelig skal eg aldri slutte å gi mitt ytterste i alle sammenhenger, men eg kan ikkje klare alt lenger. Då presser eg kroppen og gjer den meir utsatt for endå eit nytt angrep.

Eg har også snakka med personar som har gjennomført stamcelletransplantasjon/HSCT- og dei seier at ein må være fysisk og psykisk sterk før ei slik behandling. Dermed må man ha overskudd til å trene og ta vare på seg sjølv i forkant av denne prosessen. Og skal eg klare dette, må eg kanskje innsjå at eg ikkje kan arbeide 100% fram til eg reiser.

Så no jobbar eg mandag, onsdag og fredag. Og dei dagane NYT eg saman med barna på jobb- og gir selvfølgelig ALT eg har til dei <3 Dei fortjener KUN det beste! Å arbeide er for meg også terapi i seg sjølv, den varmen, gleden og kjærleiken barna gir meg er uerstattelig <3

Her er eit utklipp av eit bilde frå ein av samlingane våras i barnehagen forrige veke <3 Eg er HELDIG!

 

Det er også heldigvis berre snakk om eit halvt år (!!) til behandlingen. Så kan eg forhåpentligvis ein gong i framtidå kunna kalla meg sjølv frisk som ein fisk igjen. Og då, mine venner, då kjem eg tilbake sterkare enn nokengong! Då er målet å komma tilbake i 100% arbeid med overskudd til alt og alle eg vil! 😀 Det SKAL eg klara <3

Har også sidan sist fått time på Rikshospitalet i Oslo for å fryse ned enten enkelt egg, deler av eggstokken eller heile eggstokken- endå ikkje avklart kva som er beste alternativ for meg. Dette fordi stamcelletransplantasjonen kan resultere i at eg ikkje kan få barn lenger. Og dette tør eg ikkje ta sjangsen på, derfor har eg bedt fastlegen min om henvisning. Då har eg hvertfall ein backup plan med alle mine mulige “ufødte barn” liggjande i ein frysar i Oslo…

Må ærlig innrømme at det er svært blanda følelsar når eg får slike brev i posten. På den eine sida er det heilt uvirkelig at eg i ein alder av 25 år må stå inne for slike valg som eg ikkje har kunnskap om i det heile og må dermed vurdere hvilke risikofaktor dei ulike prosdyrane har. 

På den andre sida syns eg det er ein smule urettferdig. For kun et år sidan var eg ei frisk jente som kunne hatt muligheten til å slutte på ppille for å planlegge graviditet. No må eg i narkose for å operere ut ditt og datt, og vente i fleire år før eg eventuelt kan ta sjangsen på å prøve å bli gravid.. Alt var så enkelt før. No må eg tenke gjennom kvar minste ting. Men slik er det blitt, og med mindre det ikkje er noko ein kan gjera med er det ikkje vits å dvele noko meir over.. Men selvfølgelig skal eg væra ærlig og innrømma at det føles urettferdig og vondt..

Over til ein gladsak- eg har endelig kjøpt meg ny bil 🙂 Mamma og pappa skulle kjøpe seg ny Elbil, så då fekk eg eit godt tilbud om å kjøpa deira “gamle” ( 2 år) elgolf 😀 No kan eg forhåpentligvis spare litt bensinpengar i pendling til og frå jobb 😀

Og apropos sparing.. Igår fekk eg meg ein gledelig og svært rørande overraskelse!! Mi kjære svigermor- Sissel Christensen, har tatt initiativ og tatt kontakt med to av mine beste venner Johanne & Elise for å lage innsamlingsaksjon til behandlinga mi! <3 Dei har no saman laga eit arrangemang på facebook som folk kan dele og spre videre for å kunna hjela meg med å finansiera helselånet mitt på 500 000 kr. For nokon fantastiske damer!! <3

Eg har nesten ikkje ord som kan beskrivast kor mykje dette betydde for meg. Summen som eventuelt kjem inn er berre ein bonus, men sjølve initiativet og det at dei gjer dette for å hjelpa meg betyr meir enn nokon kan forstå! <3

Det er handlinga deira som betyr mest- alt anna er berre ein STOR bonus <3 Eg er sååå takknemlig for det dåke har gjort for meg, og dåke veit at eg sett enormt stor pris på kvar og ein av dåke!! Sissel, Elise og Johanne: Eg er evig takknemlig, veldig glad i dåke!!

Når det er sagt så har eg fått inn heile 6000 kr berre si igår kveld- frå både venner men også bekjente! Og dåke skal vita det at eg sett sååå stor pris på kvar og ein av dåke som har sendt meg pengar, gode ord og delt ! Eg ser dåke alle, og er skal prøva å svara kvar enkelt <3

Berre det at dåke er med på innsamlingsaksjonen min symboliserer for meg at dåke bryr dåke (uavhengig av summen som berre er ein bonus), og det sett eg ufattelig stor pris på! <3

Den følelsen eg sit igjen med her er heilt unik. Folk som eg eigentlig ikkje har noko med å gjera lenger, viser at dei vil hjelpa meg i kampen mot MS og vegen mot å bli heilt frisk. Og det er ein heilt ubeskrivelig god følelse! Det fins sååå mange gode mennesker der ute- og eg vil dåke skal veta at eg smiler kvar einaste gong det tikkar inn noko!! Tusen takk til kvar og ein!! <3

Ta vare på kvarandre <3

1 kommentar
    1. I have read several just right stuff here. Definitely worth bookmarking for revisiting.
      I wonder how much attempt you place to create such a excellent informative website.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg