Ein personlig seier!

Denne helga har eg vært så heldig å fått tilbragt mykje tid ilag med mine herlige tantebarn, kvar einaste dag. Dei betyr såå mykje for meg! På fredagen så overnatta dei hos tante, og eg blei utpå kvelden overraska med herlige lappar/brev frå han eine.

Eg har snakka litt med dei om kva som skal skje i april til neste år, og i den forbindelse har eg sagt at ønske mitt til jul er eit kort frå dei. Eit kort som eg kan ta med meg når eg reiser og lesa på/trøysta meg med i tøffe tider der nede, når eg savnar dei som mest. Dette har visst nok han yngste tatt på alvor og er allerede i gang med å ha oppfulgt ønsket mitt.

Denne koslege helga og spesielt korta frå han eine gjorde eit stort inntrykk på meg. Eg har som alltid før hatt, men spesielt sterkt no- tru på at denne kampen skal eg vinna! Eg kjempar denne kampen mot MS både for min egen del, men også faktisk nettopp for dei to herlige gutane der. Dei fortjene den beste tanto dei kan få! Eg kjempar for min egen del og mine kjæraste rundt- dei fortjener ikkje å sjå meg forfalle sakte men sikkert… Eg skal gjer alt eg kan for å gi dei alle den “friskaste” og best moglege versjonen av Karina tilbake!

Eg har lenge tenkt at eg snart må ta på alvor det faktum om å være psykisk og fysisk sterk før behandlinga. Så ikveld under dagens joggeøkt, bestemte eg meg for fyrste gong etter eg blei sjuk, om å klare å jogge ei mil i strekk- utan stopp! Det var hardt og svetten rann! Støta frå nakke og nedover rygg (lhermittes teikna) var sterkare enn nokonsinne, det verka i nakke, korsrygg og bein- men i tankane hadde eg beskjedane frå tantebarn…noko som gav meg energi og stå på vilje!

For fyrste gong si eg fekk diagnosen, fullførte eg ei joggeøkt på 1 mil utan stopp 😀 Det føles berre såååå godt!! Tida kunne alltids ha vært betre, men det betyr ingenting. Eg hadde eit mål og eg klarte det tross motgang.

 

Det handlar om å ha trua på at ein klarar. Det handlar om å aldri gje opp. Det handlar om å stå på, være sta og gjere så godt ein kan. Og det handlar om å tenkje positivt og ha håpet i behold! Har ein alt dette- har eg verkeleg tru på at me klarer det meste me vil <3

Dette skal eg verkeleg prøve å bli eit levandes bevis på- for dåke alle, i Moskva til neste år 🙂

Ta vare på kvarandre og god veke til dåke alle <3

2 kommentarer
    1. Tøft å lesa kor flinke du e å stå på😊 jentene preike om dg ofta ennå å glede seg t du komme innom bhg hr igjen😏 stå på tøffen🙄 du klare d du vil😉

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg