Den beste tida på året!

Heisann! På tide med nytt blogginnlegg no trur eg 🙂

Her kjem ein liten oppdatering sidan sist..

Desember måned er ein skikkelig travel men også veldig fin måned. Det er både jul, ærend, arrangemang, familietid og bursdag! Den 12.desember i år fekk eg meg tidenes bursdagsgave. Det starta med frokost, roser og presang på senga av min kjære Marius. Presangen var at eg skulle om to timar til Leirvik for å få behandling på Velværetunet spa-og behandlingssenter! Behandlinga var ei såkalla antistress delux-pakke som varte i heile to timar og bestod av bad/spa, kroppsskrubb med algar og salt, vitaliserande maske og ei herleg massasje! Absolutt å anbefale!

Eit friminutt i kvardagen- rett og slett! Det var berre såå avslappandes og deiligt! Fantastisk fin bursdagspresang 🙂 Tusen takk, Marius <3

Seinare denne dagen fekk eg ein snap av mi søster som jobbar på Rimbareid skule ilag med både min far og mi mor, om nok eit fantastisk initiativ som hadde blitt satt i gong der oppe. Denne snappen fekk eg:

Så rørandes og flott at så mange folk vil være med å støtte meg og behandlinga mi! Eg får ikkje takka folk nok! <3 Set så utruleg stor pris på dåke alle!

Ellers er formen nokenlunde grei for tida. Den er sjølvsagt opp og ned frå dag til dag. Alt ifrå fatique/utmattelse, hodepine, nervesmerter, synsforstyrrelsar, kramper, nummenhet, men mest plagsomt av alt- hjernetåke (Brain Fog). Men eg har hatt overskudd til trening, jobb, familie og venner- så det er bra!

Men desverre så klarar eg ikkje å fungere like godt og på samme måte som tidlegare. Eg klarar ikkje å gjere fleire ting samtidig, slik som før. Eg klarar ikkje å koble ting like raskt som eg gjorde før. Eg klarar ikkje å konsentrere meg eller hugse like godt slik som eg gjorde før. Det er vondt å innsjå, men det er slik ting har blitt no. Eg kan ikkje gjere så mykje verken frå eller til, det hjelp hvertfall ikkje å gå i kjellaren-sjølv om den ofte ropar meg ned.

Det einaste som gjeld for meg no, er å tenkje at dette er kun midlertidig. Ja, det er ein livslang sjukdom og diagnose.. men eg nektar.. Dette er ikkje slik livet mitt skal bli. Eg skal ikkje og vil ikkje slå meg til ro med at slik har det blitt og slik kjem det til å vera. Eg forstår at slik er situasjonen her og no og at det er lite eg kan gjera med det. Slik er jo berre livet, uforutsigbart og skjørt. Men eg nektar å gje meg der, før eg har prøvd alt i mi makt for å få helsa og livet mitt tilbake. Mi største oppgave no er å holde hovudet kaldt, ha trua og håpe at alt vil gå min veg angående behandlinga som er i vente.

Mange seier at dei ikkje forstår korleis eg klarar å være så sterk eller korleis eg tør å ta sjangsen på denne behandlinga. Eg ser ikkje på meg sjølv som spesielt sterk, men eg har ein vilje av stål (truleg frå min far). Og denne viljen har kome godt med det siste året! Eg har eigentleg kun hatt to valg frå eg fekk diagnosen, og det er å entan leggje seg flat og gjere seg inneforstått med at livet no går på ned eller stå på og gjere det eg kan for å få eit best mogleg liv. Valget er ganske så enkelt. Og eg trur dei fleste hadde tatt same valg og vært akkurat like “sterk” som meg.

Behandlinga er sjølvsagt tøff og ikkje utan risiko, men det er det siste hinderet som gjenstår for min del i håp om å få livet mitt tilbake på same spor som tidlegare. Difor er eg ikkje spesielt redd. Eg ser på det som min moglegheit til å ta kontrollen på livet mitt tilbake.

Og det trur eg også at dei fleste i mine sko ville ha tatt sjangsen på. Eg har vært så heldig å fått utdelt ein sterk vilje, og den skal eg bruka for alt den er verdt!

No er det snart jul og den tida skal nytast! Me skal feira jul i gamlahuset / barndomsheimen min i år- som min bror har overteke. Det blir nok litt spesielt men også veldig koseleg. Eg var nok den som tok det å selgje barndomsheimen, tyngst. Sikkert bra teit men.. Eg har jo eigentleg budd der så og sei til eg var godt over 20 år. Det sit sååå mange minner i dei veggene der. Men heldigvis var et bror min som overtok, så då kan eg besøke heimen ofte allikevel 🙂 Så det blir veldig kjekt å endeleg feire jul i det huset igjen, sjølv om det ser heilt annleis ut no 😀 Her er eit bilete av slik eg hugsar jula i barndomsheimen:

I år skal også Marius (samboaren min) feire jul saman med oss 🙂 Dette blir kos.

 

Det er få som veit eller som faktisk får vita korleis eg har det- sånn eigentleg. Eg snakkar lite om det og eg fortel særdeles lite når folk spør. Fordi det er vanskeleg å beskrive. Det er vanskeleg å setje ord på. Det er vanskeleg for meg å forstå. Og det er vanskeleg å tru på at folk kan forstå noko slikt når dei ikkje sjølv har opplevd det. Ikkje ein gong til min sambuar fortel eg så mykje. Fordi eg vil ikkje være til plage. Fordi eg vil ikkje høyrast ut som ei som synest synd i seg sjølv.

Dette fører til at eg held det meste inne (utanom her på bloggen, kor eg kan få utløp for ein god del tankar og følelsar). Det er lettare på denne måten, fordi det krev ikkje at den andre parten må svare- noko eg trur er vanskeleg for mange. Det som skjer i kroppen- det skjer som oftast utan at eg fortel dei eg er med akkurat då om det.

Men når ein held mykje inne over tid, så er det som om man samler opp alle tårene, tankane og følelsane til ei stor flodbølge- og ein veit aldri kva tid den kan bryta ut. Så eg veit at det absolutt ikkje er bra, men eg slit allikevel med å fortelje om alt som skjer. Men den som merkar best mine symptom og får gjennomgå mest her- er nok diverre min godeste Marius. Mine humørsvingninga frå dag til dag, hjernetåka, utmattelsen osv. Han er så god som held ut <3 All æra til han! Evig takknemlig for det!

“Kva skal ein sei? Kva er greit å svare? Kva skal ein spør om? Korleis skal eg opptre?” Det er nok mange slike tankar folk rundtom tenkjer når dei ser meg eller les bloggen. Men for min del er det ikkje så nøye. Eit smil, eit varmt blikk, ein klem, eit lite spørsmål om korleis eg har det iblandt- det skal ikkje så mykje til. Og innsamlingsaksjonen har absolutt vist at det fins SÅÅÅÅ mange utrulig flotte folk som er med å gir støtte <3 Det betyr enormt! No er summen oppe i heile 151 000 kr! Heilt utruleg <3 Tusen hjerteleg takk!

No skal eg nyte juletida saman med familie og venner 🙂 Ta vare på kvarandre <3

Håpar at alle mine lesarar får ei fantastisk fin jul og eit godt nyttår ! <3 Her kjem ei helsing frå nissen sjølv! 😀 (Bilete frå då eg var nisse i gamlebarnehagen)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg