Ein spesiell opplevelse og brå start på 2018..

Her kjem ei lita oppdatering 🙂

Forrige veke hadde eg ein ganske så spesiell opplevelse. Det var nemleg tid for timen min på Luggen Frisør for å teste parykkar. Heilt uvirkeleg og vanskeleg å beskrive. Heldigvis hadde eg med meg bestevennindo mi Johanne, noko som hjalp godt på 🙂

Det blei ein minnerik men samtidig veldig rar opplevelse. Eg ankom rommet, beståande av to stolar, ein vask, eit speil og mange brosjyrar om både hårtap og kreft. Eg fortalde dama som jobba der kven eg var og kvifor eg befant meg i denne situasjonen. Ho gjekk dermed for å hente ein parykk som skulle kunne passe. Nervepirrande og rart å sitje der å vente på å få prøve hår, fordi eg sjølv kjem til å miste mitt. 

Først var det ein brunlig parykk. Då ho sette den på hovudet mitt, det var nok då alvoret plutseleg gjekk opp for meg. Herlighet, dette er jo ikkje meg. Eg kjende ikkje mitt eige speilbilete igjen. Off nei, eg måtte få Johanne ( venninda ) mi inn. Så eg spurde om dama kunne hente henne. Det gjorde ho.

Johanne kom inn i rommet. Eg såg på ho at dette var svært uvant for henne også. Men me klarte å få fram smil og latter av heile situasjonen. Sidan eg alltid har hatt eit ønske om å prøve å få blonde striper, noko som aldri har gått i mitt svart-mørka farga hår, benytta eg meg av sjangsen no. Eg spurde om dama hadde ein blond parykk, bare for å prøve. Dama gjorde som eg sa, og kom tilbake med ein longhåra blond parykk.

Morosamt, rart og merkeleg på ein gong. Men dette var i allefall ikkje meg!! På ei annan side likte eg denne siste parykken best, for den var lengst og gav litt mindre “PARYKK!”- inntrykk.. Difor blei det denne lengste parykken, berre i min mørke farge. Eg syns begge var unaturlege, ingen av dei var meg og på begge ser ein tydeleg at dette er uekte. Men samtidig så er det jo det som er sannheten. Det er parykk.

Dette er ikkje meg, det kjem aldri til å bli meg og eg treng ikkje late som at dette liksom skal være meg. Det er kun midlertidig, det er for ein periode og det er kun for at eg skal kunne føle meg nokenlunde “heil”. Hår er ikkje alt. Men for damer / jenter så betyr det mykje. Det innsåg eg denne dagen. Men det skal gå bra dette og, det kjem jo til å vokse ut igjen 🙂 Evig takknemlig for at du var med Johanne! Du får alltid fram eit smil og ein latter hos meg, uannsett kva for ein absurd situasjon me befinn oss i. Tusen takk! <3 Du veit kor stor pris eg sett på deg!

Elles har formen ikkje vært så bra den første veka i det nye året. Symptomene har blitt ganske så forsterka, og eg har slitt med fatique, hjernetåke og smerter.

Det er nok mange ulike faktorar som spelar inn. Eg har mange tankar og enormt mykje som skal planleggast og gjerast framover. Dette stressar meg. Og stress forverrar symtom og kan i værste fall føre til nye angrep. Så eg må prøve å stresse ned. Noko som er lettare sagt enn gjort..

Samtidig så er det no 6 mnd sidan sist eg fekk medisinen min, Rituximab/Mabthera. Og denne treng jo påfyll etter 6 mnd, noko eg no IKKJE kan ta. For då øydelegg eg behandlinga eg har i vente. Eg må no faktisk gå fleire månader utan medisin, noko eg kjenner sterkt at er svært skummelt. Med tanke på at eg hadde 3 angrep på kun nokre få månader, den tida eg gjekk utan medisin sist.

Men eg håpar det skal gå bra! No skal eg inn å snakke med overlege/nevrolog i slutten av månaden for å høyre kva han tenkjer, også er det jo tid for hormonbehandlinga mi i Oslo. Som sagt, mykje i vente. Mykje som skal skje. Ei svært spennande tid!

Til jul fekk eg gavekort på treningssenteret av mine fantastiske foreldre. Så dette skal eg absolutt prøve å benytte meg max av. Eg skal trene meg så sterk som overhodet mogleg, slik at det er større sjangs for at eg vil takle behandlinga! Samtidig prøver eg også å holde litt igjen, slik at eg kan ha overskudd til å gi alt på jobb og med familien også, den siste tida!

 

Er det nokon som motiverar meg til å aldri gje opp, så er det mine skjønne tantebarn. Sjå kor heldig eg er som fekk dette i posten, den eine dagen eg var svært dårleg:

Det å ha dårlege dagar er ikkje noko kjekt i det heile. Det er då eg faktisk innser at eg ikkje lenger verken klarar å gjer alt eg vil, eller er den eg vil og ynskjer å vera lenger. Dette berre forsterkar valget mitt om stamcellebehandling. Samtidig så ser eg på desse dagane her, at sjølv om eg har vært uheldig med tanke på å få denne diagnosen- så er eg enormt heldig og takknemlig for alle dei gode personane eg har rundt meg! <3

Ta vare på kvarandre <3 Ver sterk og gi aldri opp håpet 🙂 Det meste går som regel bra!

1 kommentar
    1. Fin blogg du har. Så fine bilder og fin tekst du har skrevet . Jeg vil gjerne følge bloggen din . Legg meg til som venn . Ha en fin natt

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg