Tusen ting på ein gang!

Liten oppdatering! 🙂

Det går i ett sett for tida! Mykje som skal skje og planleggjast framover. Heilt utruleg at hovudet fortsatt heng med. Informasjon ifrå alle kantar heile tida, alltid noko viktig å hugsa på. Det slit på når ein merkar at det kognitive allerede har svikta ein. Men eg gjer så godt eg kan. Og det ser ut til at det er godt nok og faktisk kan gå veien.

For to veker sidan var eg på luggen frisør for å hente den nye parykken min. Var ganske så nervøs i forkant. Kva om den ikkje passa? Kva om den såg heilt rar ut i min farge? Mangen tankar surra rundt i hovudet i det eg gjekk inn døra der.

Eg fekk den med meg i ein pose. Oppi der låg det både egen shampo, hårprodukt til den og eit parykkstativ. Då eg kom heim var det første eg gjorde å pakka ut parykken. Dette snapfilteret beskriv ganske godt følelsen. Heilt merkeleg.

Men den passa heldigvis. Og den såg heldigvis ikkje heilt på tryne rar ut. Men veldig uvant og fortsatt ikkje meg i det heile tatt.

Denne har eit midtskill noko eg aldri pleier å ha. Men, det er bedre enn å ikkje ha nokon ting. Så den kan brukast når eg skal noko spesielt 🙂 Ellers vil eg tru det er såpass varmt og klamt å bruke parykk i sommar når eg kjem heim igjen, at eg vil føretrekke tynne huer.

Når eg reiser heim frå Moskva og i ca 3 mnd etter, må eg ha på meg munnbind for å forhindre smitte angående mitt nedslåtte immunforsvar. Hvertfall på plasser der det er store folkemengder. Då kjem eg til å sjå lignande sånn ut:

Etter parykken var henta, måtte eg innom apoteket for å hente hormonsprøytene til hormonbehandlinga mi som er rundt neste hjørne. Fekk litt sjokk då eg skulle betale. Det gjekk ein god del tusenlappar der også kan du sei..

Men får berre tenkje at det absolutt kan vere verdt det om eg får muligheten til å bli mamma i framtida. Det er mitt største ønske akkurat no <3

Ellers er no flybillettar til Moskva bestilt, den 23.april! Me reiser frå Bergen, mellomlandar i Oslo og flyr direkte frå Oslo til Moskva. Timen på sjukehuset er dagen etter, den 24.april. Sååå utruleg spennande! Eg grugledar meg!! Fortsatt gjenstår prosessen med å søke om visum. Fyttikatta for eit arbeid det er å organisere og planlegge alt dette i forkant av ei slik behandling i utlandet. Det er enormt med ting å tenkja og hugsa på, og eg er livredd for at eg skal gløyma noko vesentleg viktig. Heldigvis får eg god hjelp av pappa som skal være med på heile prosessen.

Men alltid godt med alt som er gjort!

Flybillettar- check!

Ordna nytt pass ( sidan mitt eigentleg skulle gå ut i sommar)- check!

Tannlegesjekk- check!

Planlegging av nedfrysning av egg- check!

Huer og hovudplagg- check!

Parykk- check!

Fått innvilga arbeidsavklarings-penger- check!

Søkt om å få beholde AAP i utlandet- check!

Fullt fokus på trening og nokenlunde sunt kosthold- check!

Mange vil sei eg har overdrevet treninga i det siste, sidan eg har prøvd å gått kvar dag. Eg ser den. Det er ikkje bra å pushe seg for mykje, det er eg fullt klar over. Stress kan føre til nytt angrep, det veit eg. Men for min del så er dette no min medisin. Det er stress-reduserande. Treninga gjer at eg føler meg bedre, at eg ikkje føler meg like sjuk og gir meg mestringsfølelse av å klare.

På alle MS-kurs eg har vært på har dei påpeikt kor viktigt og positivt trening er for kroppen generelt, men også for å forebygge eventuelle angrep. Det seies at MS trives ikkje like godt i aktive og fysisk sterke kroppar. Sidan medisinen min no held på å gå ut av kroppen, noko som er særdeles skremmandes å tenkja på, vil eg difor gjer alt eg kan for å forhindre progresjon og utvikling av sykdommen min.

Det er ikkje kvar dag eg føler at eg har overskudd til noko som helst. Men det at eg då klarar å presse meg til å kome meg på trening, om det så berre er 20-30 min- så er det ein seier i seg sjølv. Og det hjelp på både fysisk og psykisk! Du klarer det du vil !

No har eg også bestilt meg eigne MS-awareness klær for å kunne hjelpe til å øke bevisstheten til folk om sjølve sjukdommen. Syns det er ganske nakent og spesielt å gå med desse kleda, så eg har ikkje vågd å brukt dei så mykje enda. Men tenkjer at eg kan eventuelt reise i dei når eg skal ta opp kampen mot MS.

Ellers er eg fortsatt i 50 % arbeid i barnehagen! Og nyter kvart einaste sekund eg får tilbringa ilag med barna “mine” der 🙂

Dei eldste barna har faktisk forstått at eg er sjuk og at eg skal få ein behandling som gjer at eg mister alt av håret. Men dei ser ikkje på det som eit stort problem, eg kan jo berre bruke hatt eller caps fram til eg blir frisk igjen, som dei seier- og dei har jo heilt rett 😉 Dette kjem til å gå bra, og håret er berre ein bagatell i den store sammenhengen! Dei små får sagt det 🙂 <3

No skal eg bruke resten av energien min denne ettermiddagen, på kvalitetstur med Dex`n og mine herlige tantebarn!

Ta vare på kvarandre! <3

6 kommentarer
    1. Så spennande å lesa om alle førebuingane dine Karina! Du har jammen mange jern i ilden, men du har tunga beint i munnen og klarer det du bestemmer deg for – det ser eg klart!
      Det er flott at du ser så positivt på alt – ein fantastisk styrke. Eg tenkjer 2018 blir eit fantastisk år og “reise” for deg.
      Hell og lukka i alle gjeremål du har att og sjølve “reisa” i Moskva. Det er supert å lese at far din reiser med deg. Det er godt å ha ein som kjenner deg, kan vere støttande/motiverande og samstundes kan vere ein link til dei heime. Dette kan fort gå godt!!! Go!Go!Go Karina!!!

    2. We stumbled over here different website and thought I may as well check things out.
      I like what I see so i am just following you. Look
      forward to looking over your web page repeatedly.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg