Hormonbehandlinga er i gang!

På tide med ny oppdatering!

    

No har eg gått ei veke utan ungane på jobb- og dei er allereie eit stort savn! Sidan det var satt opp på planen forrige veke at barna skulle få komme på besøk til oss i Synningjo på fredagen (og eg vart sjukemeldt onsdagen før), ba eg eine kollegaen min fint om dei ikkje kunne ta seg ein tur på besøk den dagen allikevel 🙂 Slik at eg holdt ordet mitt iforhold til ungane, men like mykje at eg sjølv fekk sett dei igjen! <3 Det gjorde godt! Me hadde ein fantastisk kjekk dag saman 🙂 Har sagt at dei må love å besøke meg fleire gongar!

Ellers fekk eg her ein dag ein snap frå min gamle kollega i min gamle barnehage 🙂 Der har eg jo lovd i brevene som me skriv att og fram til kvarandre, at eg skal besøke dei 20.februar. Då eg opna snapen frå min gamle kollega, fekk eg rett og slett frysningar over heile meg og tårer i augene:

Det varma enormt!! Her har kollegaen min laga kalender der barna kan telle ned på dagar til eg kjem på besøk til dei 🙂 Såååå herlig!! <3 Eg er heldig så har så mange fantastisk flotte folk rundt meg!!

I vekedagane prøvar eg å gi gass med å byggje opp ein fysisk sterk kropp! Det er viktig at formen er på topp no som eg skal ta for meg denne kampen i april!

Men det er også viktig å setje av tid til kos og kvalitetstid med dei man er glad i. Så i helga reiste eg og bror min på besøk til søster mi på Voss. Dette var kjempekos! Fekk tilogmed stått litt på ski ilag med tantebarna 🙂 Hyttekos og vin er jo i seg sjølv også sjølve oppskrifta på stressreduksjon 🙂 Vinn-vinn!

Ellers har formen vært litt gruggy i det siste. Har hatt ein del ubehag og smerter øverst i ryggsøyla. Det starta forrige onsdag og kome og gått fram til no. Har informert MS-sykepleiarane om dette, då det muligens kan være eit nytt attakk- men me håpar alle på at det kun er muskulært, eller eventuelt stress. Eg er livredd for å få nye angrep no i tida framover, med tanke på at eg no går utan medisin og er difor ein smule utsatt. Eg har nok av arr og “bright ideas” frå før, i både hjerne og ryggmarg .. Treng verkeleg ikkje fleire! Men om det er komen fleire arr eller ikkje, vil nok MR-maskinen i Moskva kunne svare ganske klart på- under dei første testdagane der.

På mandag var den store dagen, då eg skulle starte opp på hormonbehandlinga. Har kvidd meg ei stund til dette, ikkje berre fordi eg ikkje anar bivirkningar undervegs- men mest fordi eg har skikkelig sprøyteskrekk. No skal eg liksom stikke meg sjølv kvar dag. Eineste problemet no, var avtalen med Oslo Universitetssykehus som gjekk ut på at eg skulle få oppfølging og kontrolltimar på Haukeland- istedenfor å reise att og fram til Oslo heile tida.

Denne avtalen kunne dei ikkje lenger holde. Eg måtte på eiga hand ta kontakt med Haukeland for å ordne dette, sa dei. Og då eg gjorde det fekk eg til svar at dei kunne ikkje hjelpe meg, dei måtte ta seg av sine eigne på Haukeland. Sine egne? Eg høyrer jo i utgangspunktet til nettopp Haukeland. Eg kunne i såfall be ein lege i Oslo ringje tilbake til dei, det var einaste eg fekk til hjelp. Eg ringte att og fram til både legar på Oslo Universitetssykehus og Haukeland for å ordne dette på eit vis, men ingen kunne hjelpe meg. Fekk kun til svar at dei kunne ikkje leggje seg opp i dette, det måtte eg ordne på eiga hand visst eg ikkje kunne kome til Oslo. Fortvilende.

Då eg prøvde å ringje opp igjen til dama som sa nei til å ta imot meg på Haukeland- kom eg no berre direkte til mobilsvar. Eg ringte til skranken og ba dei setje meg over til denne dama som eg hadde snakka med.. anropet blei avslutta med ein gong- utan noko summetone. Då følte eg meg ganske så hjelpeslaus og aleine.

Det endte med at eg måtte ta kontakt med ein privatklinikk i Haugesund, for å sleppe å reise eins ærend til Oslo på førstkommande mandag kun for ein kontrolltime/ultralyd. Så det ordna seg heldigvis til slutt!

Mandags ettermiddag kom- og eg hadde heldigvis avtalt med ei fantastisk sjukepleiar her på Fitjar som skulle komme på besøk for å forklare meg undervegs. Alt var klart, og nåla skulle stikkast. Nervene tok heilt overhand. Eg tok tak i magen, kløyp til- og førte nåla litt inn i huden.

Men då eg kjente stikket, drog eg i refleks sprøyta ut igjen i full panikk. Noko som absolutt ikkje var planen! Dermed ba eg sjukepleiaren gjere eit nytt forsøk- før eg eventuelt plutseleg kom til å svime av. Haha, skikkeleg pyse veit du! Ho stakk, og det var ikkje det minste vondt. Over på eit par sekund. Flaut.

Kvelden kom og det vart etterkvart litt ubehag og smerter i nedre del av magen. På natta var eg plagd med muskelkramper, noko som også fortsatte litt neste morgon.

Då eg ringte sjukepleiarane i Oslo for å informere dette- meinte dei at det var eit vanleg symptom, men dei syns det kom veldig tidlig hos meg. Det var mest vanleg at slike kramper kom langt uti forløpet. Eg tenkjer uannsett at samme kor mykje ubehag og smerter det eventuelt blir no i ca 2 veker- så skal eg stå i det. Det vil absolutt være verdt det til slutt, dersom eg kan sikre meg muligheten til å bli mamma ein gong i framtida 🙂

Heldigvis har eg ein som alltid er der og passar på meg 🙂

Igår tilbrakte eg dagen med nevøen min, Sebastian- som måtte være heime pga feber. Me kosa oss med både pepsi-max, ostepopp og film heile dagen 🙂 Så kom broremann, Nikolai på besøk etter skulen 🙂 Då klokka nærma seg 16.00- var det tid for ny sprøyte. Denne gangen skulle eg klare det heilt på eiga hand. Berre med litt meir publikum denne gangen. Sidan mine to nevøar stod ved mi side, kunne eg ikkje feige ut. Det hjalp. Eg prøvde å leke tøff- og plutseleg var det heile over. Det som var mest vondt var mitt eige tak i magefettet- kløyp til som berre det :p

Og idag- heeeilt på eiga hand (utan publikum) ! Gjekk bra det og 🙂 Trur eg skal være over sprøyteskrekken no 😉

No er planen å gå på denne sprøyta kvar dag fram til kontrolltimen på mandag! På fredag skal eg også starte opp på ei ny sprøyte i tillegg til den eg tar no. Så får me sjå kva ultralyden på mandag viser- om egga er store nok til å utføre uttaket snart! Spennandes!

Eg held dåke oppdatert 🙂

Ha ein fortsatt fin kveld! Ta vare på kvarandre <3

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg