Mine små diamanta!

Sidan forrige blogginnlegg har eg prøvd å komme i gang med treninga igjen, etter egguttaket. Eg må fortsatt ta det roleg utan hopp og spring denne veka, men neste veke igjen- ja då er eg tilbake for fullt håpar eg 🙂 Desse to vekene no har eg berre trent roleg med gåturar og styrketrening med vekter.

Forrige veke var eg endeleg innom igjen, for å besøke barnehagen min i Dåfjorden! Det var skikkelig gjensynsglede! Har savna dei små enormt mykje <3 Så det blei mykje klemming og kos denne dagen:

Uheldigvis var det nokre barn som var sjuke akkurat denne dagen, så eg får kome igjen på besøk snart slik at eg får møtt dei også igjen 🙂 Heilt uaktuelt at dei skal få lov til å gløyme meg veit dåke, hehe..

Neida, men det handlar like mykje om at eg har eit behov for å opprettholde kontakten og relasjonen mellom meg og barna- sjølv om eg er sjukemeldt. Det er veldig viktig for meg at dei er like trygge på meg når eg eventuelt kjem tilbake også. Samtidig vil eg at dei skal få kjenne på at eg savnar dei og at dei betyr mykje  for meg. For det gjer kvar og ein av dei- uten tvil! Neste veke har eg lova å vere med barna på teater. Nei, eg er ikkje på jobb lenger- men eg vil framleis vere ein del av deira liv. For dei utgjer ein stor del av mitt.

Folk lure kanskje litt, når dei lese kor brennande opptatt eg er av barn og at barn skal ha det godt og føla seg verdsatt. Dåke undrar kanskje over om eg har hatt det godt sjølv i min eigen barndom, sidan dette opptar meg så. Skulle kanskje tru at eg har hatt ein dårleg barndom. Men det kan eg sei dåke. Det er heilt feil. Det er er nok truleg nettopp fordi eg har hatt ein så god barndom som eg har hatt, at dette opptar meg på denne måten.

Det er nettopp fordi eg har vært så heldig å fått oppleve akkurat det eg ønsker å vise til “mine” barn. Eg har sjølv fått kjent på den kjærligheten, varmen og anerkjennelsen frå mine foreldre og søsken. Og med dette har eg fått kjent på kor godt dette har gjort meg og kor mykje det har betydd for meg også no i seinare tid. Og også gjennom grunnutdanning og videreutdanning har eg blitt innprinta på kor viktig nettopp dette er for utviklinga og læringsevnen til barn. Derfor er dette noko eg verkeleg brenn for å ta ut i praksis <3 Og som til no har gitt resultat i mine relasjonar til barna!

Og i forgårs var det også tid for besøk igjen i gamlebarnehagen min, Espira Garhaug! Dei hadde hatt nedtelling til denne dagen, akkurat som meg 🙂 Det er no gått nesten eit halvt år sidan eg sist besøkte dei. Men me har heldigvis jevnleg kontakt på brev. Då eg kjørte inn på parkeringsplassen såg eg ungane kom springane mot porten- og dei var ikkje få! Det joma heilt inn i bilen då eg skrudde av tenninga på bilen, dei ropa i kor “Karina, Karina, Karina!” Høyrdes nesten ut som eg sprang maraton med ein svær og herleg heiagjeng på sidelinja. På ei annan side kan dette faktisk stemme, som ein metafor for det som skjer. Eg føler at eg no kjempar denne intense kampen mot MS, men med ein fantastisk heiagjeng i ryggen. Det gjer så godt å kunne kjenne på at ein betyr noko for andre. Det motiverar meg og gjer meg endå sterkare og ikkje minst klar for å ta opp kampen! Og denne følelsen av at ein betyr noko, brenn eg verkeleg for at andre også skal få kjenne på- frå meg! Her er eit bilete frå denne dagen. Eg befinner meg i midten av denne herlege blomsterbuketten under:

Då eg kom innanfor porten blei eg møtt med utstrakte armar og varme klemmar frå dei skjønne små. Men også frå dei vaksne. Har savna dei og! Mange av dei små kom springande med gaver som dei hadde laga og ville gi til meg. Det var vanskeleg å få høyre alle som ville fortelje meg ting, då dei stod 20-30 stk rundt meg å snakka i munnen på kvarandre. Eg ville så intenst sjå og høyre kva kvar einaste ein av dei ville fortelja meg. Men med så mange barn, og ikkje all verden med tid, så var dette ei real utfordring. Så dette kjente eg at var litt anstrengandes.

Ein gjeng kom også bærande bort med eit stort hjerta som barna alle hadde skrevet og laga ilag, ved å trykka fingeravtrykka sine på. Blei vanvittig rørt.

Det gjorde så godt å sjå alle igjen, og å innsjå at dei fleste fortsatt hugsa meg. Mon tru dei testa meg også, om eg kunne hugsa alle dei. “Huska du meg?”, “Huska du kva eg heiter?”, “Huska du kva mamma heiter?”, “Huska du kor eg bur?”, “Huska du kva katten min heiter?” Dei var totalt 90 barn i denne barnehagen då eg slutta. Men eg klarde å svare alle, heldigvis. Hadde gjort meg så vondt hadde eg faktisk måtta innsett å ha gløymt eit navn nokre sekund. Sjølv om dette no faktisk kan være er eit skremmande faktum, då hukommelsen min har svikta stort i det siste. Men eg bestod heldigvis den testen også 🙂

Det at eg også hadde med is til heile gjengen fekk nok eit jubelrop.  Det var nokre fantastiske timar eg fekk tilbringa i barnehagen denne dagen. Då eg køyrde derifrå stod dei ved porten og eg tuta og vinka, det same gamle rituale våras. Eg gledar meg allereie til neste gong! <3

Forrige gang eg var innom gamlebarnehagen, var eg også innom skulen der. For nokre av dei 5-åringane eg hadde tidlegare var jo no begynt på skulen. Og den dagen eg slutta i barnehagen, lova eg jo at eg skulle komme å besøke dei igjen. Men då grein han eine som skulle byrje på skulen. Eg klemte han å spurte kvifor han var lei seg. Han fortalte at neste gong eg skulle kome på besøk så var jo han begynt på skulen. Dermed lova eg å besøke han også, på skulen neste gang.

Så dette gjorde eg forrige gang, besøkte både barnehagen og barna som var begynt i 1.klasse. Denne dagen var det spesielt ein skulegutt som eg ikkje fekk møtt på, og som mor fortalte hadde blitt svært skuffa over akkurat dette. Denne gutten har også sendt meg brev i ettertid med både sjølvlaga smykke og stein som står at han savnar meg på.

Så i forgårs ville eg gjere det godt igjen for denne guten, og mor hans. Etter besøket i barnehagen, stakk eg også innom i heimen hans for å helse på og for å vise at eg ikkje har gløymt han heller <3 Håpar dette gjorde like godt for han som for meg.

Som også tattoveringen min på armen illustrerer, ei barnehand i mi. Eg vil alltid gjere alt i mi makt for å ta så godt som mogleg vare på dei små som eg møter på min veg.

Etterpå gjekk eg ut å åt middag med min unike gamle kollega, Kari Anne 🙂 Ho er heilt fantastisk! Det er ho som er sjølve bindeleddet til at eg fortsatt har kontakt med gamlebarnehagen. Ho skriv breva saman med ungane, og les breva mine i samling saman med dei. Ho har også laga ein egen perm med breva frå meg, slik at ungane kan få bla i når dei ynskjer. Så koseleg <3

Formen i det siste har vært litt så som så. Merkar at eg burde nok absolutt hatt ein ny dose cellegift no ja.

Spesielt denne dagen med besøk i gamlebarnehagen tok på. Det var ikkje besøkene sin feil, det var berre koseleg. Men då eg skulle heim att med elbilen min så var det akkurat for lite straum då eg kom meg til Haukås. Og ladeledningen hadde eg lagt igjen i garasjen min heime på Fitjar.  Stress.. Så då måtte eg fri til bensinstasjonen der og spørja om hjelp. Heldigvis jobba det ei dame der som budde 6 km derifrå, ho tilbydde seg at eg kunne lade heime hos henne. For ei raus og god dame! Dermed gjorde eg dette. Køyrde heim til henne og lada. Men dette var vanleg lading- og det tar tid! Så eg satt i ein iskald bil i ca 2 timar før eg kunne køyre vidare for å lade igjen på Heiane.

Klokka blei vel 11 på kvelden då eg var heime att. Då kom ubehaget for fullt. Smertene. Fatiguen. Eg hadde 0 % energi igjen. Eg klarte å ta meg ein varm dusj før eg slokna ned i sofaen. Tårene bare rant og det gjorde såå vondt i heile meg. Min kjære Marius visste nok ikkje kva godt han skulle gjera stakkars. Men det at han er der, er nok <3 Og han fann både fram kvelds og paracet til meg.

Men dette er typisk, denne dagen var litt for lang og litt for mykje på ein gang- og det taklar ikkje kroppen min lengre. Samtidig så reagerer eg også på kulde ved at smertene og stivheten i ledd blir meir intens. Så det gjorde nok ikkje saken betre at eg satt så lenge i ein kald bil.

Men, denne dagens innhold var uannsett verdt det! <3

Igår slappa eg difor godt av med gode Dex `en min, i det nydelege vår- veret. Me nøyt dagen ute på terrassen!

No håpar eg bare på at det går fort fram til april, slik at eg ikkje får nokon nye angrep no i tida før avreise!

Oppdatering på innsamlingsaksjonen: Totalsummen er no komen opp i 205 000 kr!! Tusen hjerteleg takk alle 😀 <3 Det betyr så mykje! Er snart halveis til beløpet for behandlinga no! Dåke er fantastiske <3

Ta vare på kvarandre <3

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg