hits

1 veke igjen!!

I dag står det 7 dagar igjen på nedtellingsappen min. Eg er såååå spent!! Heilt surrealistisk at me er så nærme avreisedatoen plutseleg! Tida fram til no har vært ein berg og dalbane av følelsar, oppturar og nedturar. Søknadsprosessar om overgang til arbeidsavklaringspenger, søknad om å beholde AAP i utlandet, hormonbehandling, legebesøk, sykehusinnleggelser, egg-uttak til nedfrysning på Rikshospitalet osv osv.

 

 

Eg hugsar endå møtet med Lars Bø då eg fekk avslag til å være med på stamcelle-studiet på Haukeland. Eg var framleis for "frisk" og måtte vente på nytt attakk for å bli vurdert. Det var då det heile starta. Då bestemte eg meg for å ta saken i eigne hender.

Ein lang prosess med oversettelse av alle mine 100 journalpapir til engelsk vart omsider sendt til Moskva i september. Så kom svaret, at eg kunne få komme til i april 2018. Vanleg ventetid kunne være opptil fleire år for å kome til, men eg var heldig og slapp til etter kun 7 mnd. Men 7 mnd verka så ufatteleg lenge til akkurat då.. No er dagen her, om kun 7 DAGAR!!  Ventetida er nesten det verste. Skulle eigentleg ønske at dagen berre kunne komme no, slik at me kan få dette unnagjort :D

 

 

Den siste tida har eg brukt på trening, familie og venner. Trening kvar einaste dag og prøver å være så sunn eg kan i vekedagane. Helgane unnar eg meg sjølv litt kos. Kanskje altfor mykje snacks men, helg er helg. Ein skal leve livet òg ;)

 

   

 

Har også prøvd å pakke litt. Men fann fort ut at kofferten min er altfor liten til det eg vil ha med! Så må nok ha nokre pakke-dagar til i ein større koffert. Er ein del som skal handlast inn òg. Denne handelen tar eg i morgon. Men pakkelista er skriven, slik at eg ikkje skal gløyma noko!

 

       

 

Forrige veke fekk eg storfint besøk av venninda mi, Maria, som kom med nydelege blomar, ostepopp, pepsi max, sjokolade og eit fantastisk flott kort!

 

 

 

Ho hadde med seg den nydelege litle jenta si, Thilde, som eg også fekk nyte dagen ilag med. Eg koste meg skikkeleg masse! Lang trilletur, god lunsj i godt selskap og mykje babykosing <3 Tusen takk for at dåke tok turen heilt frå Haugesund! <3

 

 

 

Blei skikkeleg babysjuk no altså! Håpar for all del at behandlinga ikkje gjer meg steril, slik at eg kan få baby snarast mogleg :D Sjangsane for å bli infertil er kun 20 %, så eg kryssar fingrane! Uannsett har eg backup-en vår i frysaren i Oslo! :p Men etter ei slik stamcellebehandling må man uansett vente 1 år med å prøve og få barn. Så det blir ikkje med det fyrste dessverre..

 

 

Elles kom dei eldste barna i barnehagen min på besøk til meg på fredag. Var heilt fantastisk godt å sjå dei igjen! <3 Dei kom springande med opne armar og gav meg varme klemmar! Dei hadde til og med med seg gåve, nemleg sjølvlaga kort med teikning og personleg helsing frå kvar og ein. Så rørandes!

 

 

Dagen gjekk i grilling, hinderløyper, fisking, besøk til dyrene, leik og mykje kosing! "Er du frisk no, Karina?", spurte eit av borna. Eg forklarte at eg måtte fortsatt ta medisinen min i Russland, så skulle eg nok bli frisk. "Ja, når du har mista alt håret så blir du jo frisk. Kommer du i barnehagen på mandag då?". Dei er så skjønne!

 

 

Trur nok ikkje dei forstår så mykje av det som skal skje eller at eg faktisk er sjuk- for det ser jo ikkje slik ut på meg. Men det er kanskje likegreit at dei ikkje forstår alvoret, eg vil jo ikkje at dei skal bekymre seg unødig! Eg skal jo uannsett kome tilbake til dei, 100% frisk, tilstedeværande og gi dei absolutt alt dei treng og fortjener <3

 

 

Eg får fortsatt enormt med støtte frå dåke alle! No er innsamlingssummen kommen opp i heile 230 000 kr!! Snart halvveis til den totale behandlingssummen!  Heilt fantastisk! Det hadde eg aldri trudd!

Min fantastiske gamle nabo i Synningjo, Ingrid, kom også på besøk med reisegåve til meg. Så utruleg snilt!

 

 

I dag blei eg også stoppa av nokre fantastiske naboar her i Havn, som eg eigentleg aldri har snakka med før. Dei ville berre ynskje meg lykke til, gav meg heile 500 kr og ein skikkeleg god klem! Det varmar så enormt. Utruleg rørandes!

Mi fantastiske svigermor kjem stadig innom med nybakte knallgode rundstykker og er ei fantastisk god støtte.

 

 

Mi svigerinne har strikka heile to hodeplagg/huer til meg og laga nydeleg strikkegenser til lille Dex. For nokon flotte og gode folk eg har rundt meg!  

 

 

Eg har ikkje ord til å beskriva den følelsen dåke alle gir meg ved å visa slik støtte som dette! <3 Eg er utruleg HELDIG og takknemleg for å ha så gode folk rundt meg. Fantastisk støtte frå både familie, venner, bekjente og ukjente. TUSEN TAKK!

 

Sidan ikkje alle les bloggen min eller følger "Bethankful" på facebook, så ville eg også senda inn dagens ros til alle dåke som har støtta meg, i både Sunnhordlandsavis og Fitjarposten for å sikre at eg når ut til alle.

I sunnhordlands-artikkel prøver eg å setje ord på kor mykje all denne støtten betyr for meg:
http://www.sunnhordland.no/nyhende/ms-sjuke-karina-26-eg-er-evig-takksam-1.2296612

I helga hadde eg tanteungane mine på besøk og overnatting! Fantastisk kjekt! Dei gjer meg så glad :) Har også prøvd å forklare og forberede dei litt på det som skal skje no snart. Eg forklarte til dei at det kom nok til å bli litt tøft, men at det gjekk bra med absolutt dei aller fleste som gjer denne behandlinga- og det skal det med meg og :) Då svara dei "Ja, og hvis du er sliten og lei så kan du jo berre tenke på at du skal heim igjen til oss- då klarar du sikkert å kjempe litt ekstra". Får heilt tårer i augene her, men dei har sååå rett.

 

 

 

Dei to gutane der er nok ein av dei største motivasjonane mine i denne prosessen- og gjett om eg skal tenkje på å komme heim igjen til dei og gje dei den friske tanta dei fortjener :D Det kommer absolutt til å gje meg den ekstra styrken eg treng ;)

Bildene er jo allerede klare til å hengjast opp på sjukehusrommet mitt i Moskva. Har nemleg printa ut og laminert bilete av venninder, familie, Dex og barna i barnehagen. Då har eg all motivasjon eg treng på veggane, dersom det kjem tunge stunder.

 

 

Eg er fremdeles frykteleg spent, og det blir stortsett søvnlause eller urolege netter der tankane og mareritta tar heilt overhand. Det eg fortsatt gruar meg mest til, er å vere vekke frå Dex`en min så lenge. Eg veit at han har det godt hos bestemor som skal passe på han :) Men det blir allikevel tøft å ikkje ha han rundt meg. Er jo lille babyen min, som eg er van med at går i hælane mine overalt 24/7, søv med meg kvar natt og sleikar handa mi når eg har det tøft. Får berre tenkje på kor godt det blir å komme heim att til han igjen <3

 

  

For dei som fortsatt lurar på korleis denne behandlinga foregår, kort fortalt:

   

 

Først er det et par dagar med testing av heile meg for å forsikre seg om at kroppen min vil tåle behandlinga.

 

Så høster dei stamcellene mine ut og frys desse ned i -190 grader. Deretter får eg cellegift. Etter cellegiftkuren blir stamcellene satt tilbake i kroppen. Så er det 1-2 veker i isolat.

 

Då får eg verken gå ut eller møta pappa. Men muligens får eg ei glasdør der me kan sjå kvarandre og snakke gjennom telefonen. Etter dette er det nok ein cellegiftkur men denne gang Mabthera/Rituximab, som er den same medisinen som eg har gått på fram til januar.

  

 

Så når eg kjem heim att er det fullt fokus på å byggje opp igjen kroppen. Då er det viktig med god hygiene, unngå sjuke folk, bruke munnbind i folkemengder, ete sunt, prøve litt fysisk aktivitet kvar dag, sjå positivt på livet og ta ein dag om gongen. Det kan bli verre før det blir betre, det er eg forberedt på. Og det kan faktisk ta opptil 2 år før kroppen og immunforsvaret er heilt som det skal igjen.

 

Denne siste veka her blir nok intens og eg har allereie fullt opplegg kvar dag. Vennindebesøk både imorgon og på tirsdag, så kjem endeleg Marius`en min heim igjen til meg på onsdag. Hugsar eg syns det var ekstra tøft no sist han reiste ut på jobb. Dette var nok fordi at då visste eg at no skulle eg vera aleine i denne skremmande prosessen i heile 5 veker, så når han kom heim att skulle me plutseleg reise til Russland, kun 5 dagar etterpå. No er me plutseleg her. På onsdag kjem han endeleg heim, og neste mandag er dagen her! WÆÆ!

Ta vare på kvarandre <3

2 kommentarer

15.04.2018 kl.22:17

SAMAN er me alltid sterke! Du står STERK i midten og du VEIT me er MANGE rundt deg ! Klem

Mari

16.04.2018 kl.19:26

<3

Skriv en ny kommentar

Bethankful

Bethankful

26, Fitjar

Instagram: kariinahaaland En positiv og glad jente fra tettstedet Fitjar på Stord. Ønsker å være en støtte/inspirasjon for mennesker som har det tøft, samt motivere andre til å sette pris på livet man har <3

Kategorier

Arkiv