9.mai i Russland!

I dag har pappa vært innom i Moskva sentrum for å sjå på paraden i byen! Den 9.mai vert markert som den dagen nasjonalsosialistiske Tyskland kapitulerte under andre verdenskrig- ettersom eg har forstått det rett. Seiersdagen er dermed blitt innført som ein offentleg høgtidsdag.

Her kan dåke få sjå nokre bileter og filmar frå denne paraden:

video:Paraden
 

Godt å sjå at pappen også får seg litt “ferie” og opplevelsar oppi det heile også- samtidig som me for kvar dag som går knyttar eit sterkare bånd til kvarandre. Det er det ikkje tvil om.

Her heime på sjukehuset har det gått i latmannskap idag. Neida, eg har nå fått gjort litt. Men det blei tidlig opp og ikkje så mykje kvile som eg hadde sett for meg. “Good morning, here is your breakfast darling”. Infusjon og frokost på morgonen etterfulgt av tabletter i lange baner.

Så løyste eg litt sudoku og kryssord på senga.

Før det var tid for infusjon igjen. Går radigt dette no. Er så van med at løpet berre går og det skjer ting heile tida 🙂 Ser nesten fram til isolasjon for meg sjølv der eg kan ta livet heilt med ro og gjere nett det eg vil.

Så bestemte meg for å ta meg ein spasertur ut i sola og få litt frisk luft idag også. Tok tilogmed med med Sudokuen ut og satte meg på ein av benkane der ute og løyste eit par. Herlegt!

Mens eg då satt der ute for meg sjølv i kvitrande fuglelydar og herlege omgivelsar, kom eg plutseleg på noko mitt kjære søskenbarn Silje fortalte meg før eg reiste bort til Russland. Eg har jo ingen av besteforeldrene mine igjen desverre, på nokon av sidene mine. Men Silje sa at farmora vår hadde sagt når ho låg på dødøsleiet, at ho skulle komme tilbake som fuglar for å passe på oss alle.

Og idag trur eg jammen meg eg såg kjære farmor- eg vel i alle fall å tru at ho og dei andre også er her med meg:)

 

Lunsjen idag var heller ikkje så værst, kyllingen var hvertfall god! Så har eg nå alltid noko ekstra på lur som eg kan laga meg dersom magen ikkje blir mett 🙂

Brødet pleiar eg å ta ost på og ha i mikroen med mykje godt krydder på- JUMMY!

Så kom min godeste pappa på besøk igjen. Me hadde nok ein fin spasertur ute på området, der me idag både fekk facetima med mamsen, tantebarn, marius og svigermor.

Har tenkt at no er det berre å gi gass før den store dagen imorgon, så har prøvd å gått så mykje eg kan idag og holdt meg i bevegelse. Tok heller trapper istedenfor heis og tok meg ein springetur frå nederste etasje på sjukehuset og opp til 5.etasje.

video:video-1525866196(1)

Og beste avslutningen på dagen- eg gruste pappa i siste slaget i Yatzi ikveld 😀 No får me berre kryssa fingrane for at eg ikkje har brukt opp all hellet mitt som eg også må ha litt å gå på imorgon!

Ta vare på kvarandre <3 Imorgon skjer det verkeleg for min del! WÆÆ!

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg