Dagen eg blei født på ny!

For ein berg og dalbane det har vert av følelsar frå eg vakna idag til eg no legg meg her i sjukesenga. Det er heilt uverkeleg å faktisk skulle prøva å beskrive denne reisa eg har hatt idag.

Det heile starta klokka 06.30 idag, då sjukepleiarar kom inn for å ynskje meg god morgon og var klar for å ta EKG-test. Så like rundt kl 07.00. kom nestemann for å samle inn nokre 5-6 glas med blodprøvar. Alt skulle gjerast klart så tidleg som mogleg.

Nervene var allerede då i høgspenn så eg fekk ikkje sove så mykje meir frampå denne morgonen. Det gjekk i Sudoku igjen, kryssord og surfing på nett. Trur eg kjem til å bli ein nailer i denne sudokuen til slutt.

I halv 9 tida kom dei smilande inn med deilig frokost til meg. Eller det vil seia det kom ein slags frokost. Om den var så deilig som blikket til dama gav uttrykk for er ei anna sak. Men då var eg verkeleg svulten. Løye med dette her. Heime så kan eg liggje å dra meg til langt på dag før eg får noko matlyst, men her når man står så tidleg opp kvar einaste dag- bli man fort veldig sulten. Så idag danderte eg meg DEN skikkelige frokosten med toastet brød med smelta ost på og krydder, samt toastet brød med hardkokte egg som eg kokte opp i microen. Fantastisk godt 🙂 Så var det pilletid og fasting fram til transplantasjonen skulle starte. Vente vente. 

Heldigvis såg eg engelen Anastasia var tilbake på sjukehuset idag (heilt til høgre i gult) ! Det var veldig betryggande 🙂 Ho har jo også sjølv hatt MS og har fått samme behandling her tidlegare. Og i år feirar ho sin 6 års stamcellebursdag utan MS symptom. Ho ser såå oppegåande og frisk ut at ein skulle aldri tru ho hadde vore sjuk. For ein inspirasjon det må være for både sjukehuset generelt, men også pasientane som kjem hertil som kan få sjå kor godt og velfungerande ho gjer jobben sin. 

I 11 tida kom pappa. Då tok eg, han, Arnaud (min stamcellebror), Coleen (min stamcellesøster) og hennar mor ein tur i parken for å lufte oss litt før alvoret skulle starta.

Så starta dei vel med steroidane ca 11.30, 5 fylte flasker med noko rennande oppi. Så gjorde dei klar senga mi for det som skulle skje. Pledd både over og under meg. Bleie var visst også eit must siden det var så mykje væske innabords og eg ikkje kunne bevege meg så lett til toalettet med alle desse ledningane kobla på meg.

Så blei pappa pakka inn i ein ekte operasjonslege-drakt. Såg nesten profesjonell ut! Men gjerne like greit at det ikkje var han som stod for hovedansvaret denne dagen ( no offence, daddy).

Spenninga var til å kunne ta å kjenne på inni dette rommet no. Eg hadde ganske høg puls såg me før det heile starta, då det var berre eg og pappa som sat her og venta. Vanskeleg å sjå for seg korleis dette kom til å bli, korleis det kom til å kjennes ut og i verste fall korleis utfallet kunne bli. Det eg har vært mest bekymra for har jo vært hjertestans eller hjerneslag osv. Så det var jo sjølvsagt noko som ikkje akkurat gjorde at pulsen gjekk ned så heise. 

Like tøft var det nok for han far gi frå seg kontrollen på minstajento si til legane der. Men eg trur han også med tida har blitt veldig trygg på at eg er i dei beste hender her. 

Men så kom dei inn, ein etter ein. To legar, ein av dei var Dr.Fedorenko, Anastasia var også med, Anna som også er sjukepleiar og to til var også tilstades. Så totalt i rommet var me på det meste 8 stk.

Så skjedde det. Lakenet vart lagt over meg og den nedfryste posen med mine gamle stamceller blei tatt opp i frysande tilstand. Alt dette skulle no inn i kroppen på nærmare 10 minutt. Gjennom sprøyter som blei satt i venekateteret i halsen.

Det tryggaste var å sjå eller berre høyra at Dr.Fedorenko var i nærheten heile tida for å passe på meg.

Då sette me i gong: Her er alle dei nedfrosne stamcellene mine som skulle rett inn i kroppen frå -190 grader. Det røyk frostrøyk rundt posen. 

video:I mål

 

Først kjende eg ein skikkeleg tomatjuice smak i munnen, så byrja det å krible og hamre litt over hjertet. Så følte eg veldig for å hoste, så eg prøvde det. Men då tok panikken meg litt, for ettersom eg hosta og harka ut på luft som stod og tetta igjen for hjerta, så følte eg det var tungt å puste skikkelig oksygen inn igjen etterpå. Men Dr.Fedorenko sa berolegande at hvis du føler at du ikkje får puste så seier du berre stopp. Men det gjekk greit. Eg hadde no puls, håpa eg i alle fall på.

video:Underveis

Det var berre svært ubehageleg i nokre få minutt før det heile utruleg nok var over. “All good, no there is no critical moments anymore”- sa legen betryggande. Han gratulerte også pappa med ei vellukka behandling. Då var posen med stamcellene mine tom. Han tok også meg i handa og gratulerte meg så mykje med den store dagen.

video:video-1525982656(1)

 

 

Så var det kun meg og pappa igjen på rommet. Han klappa meg på kinnet og skrøyt over kor tøff eg hadde vore. Kan seia nett det same om han, kan ikkje ha vore så lett for han heller dette. Og eg hadde ikkje klart det utan han ved mi side. Det var då følelsane bobla over. No hadde eg vore sterk lenge nok, og det var godt å få ut litt følelsar. Men det var eit veldig følelseslada og emosjonelt øyeblikk for oss begge.

Følalsar har nok han også godt av å få ut, men han er av same stål som meg som prøver å halde det inne så lenge det går.

Rommet var no prega av skrekkblanda fryd over at det heile var over og gjennomført. For ein lettelse! Og for ein suksess! Me får berre krysse fingrane for at det held seg slik når eg kjem heim også!

No har eg jo sklidd gjennom denne behandlinga ganske så greit med lite ubehag, så det spørs korleis det blir å koma heim att utan all medisinering og steroidar å gå på. Då må eg nok berre jobbe alt eg kan sjølv med å byggje meg opp igjen.

Så slappa me litt av på rommet igjen før den store happeninga med bursdagsfeiringa som starta kl 17.00. Då var alle som var komne like langt i programmet samla for å feire sin nye bursdag. Pluss litt publikum. Det var nokre nye venner som ankom for nokre dagar sidan som også fekk anlednininga til å vera med på denne happeningen.

Til saman var me 4 stamcellesøstre/brødre samla der idag, ikkje alle hadde anledning eller var i form til å delta. Men for ein seremoni og oppleving! Så utruleg rørande! Dr. Fedorenko haldt ein fantatsisk tale til oss alle om at me no måtte stå på sjølv, men hadde blitt gitt ein fersk start ved å få bygga opp eit nytt immunforsvar. Me var alle ein stor familie her på sjukehuset. Og det er særdeles viktig for dei på dette sjukehuset å få fram- at alle er eit team som støttar og hjelper kvarandre. Både pårørande, legar, pasientar og staff bryr seg om kvar og ein. No var det opp til oss å vera sterke framover, tenke positivt og gå inn for at me no er MS – free!

Me fekk også utdelt nokre lekre pins som symboliserer “New Life”, altså at me er blitt gitt ein ny sjanse i livet. Utan MS monsteret.

Så tok han runden med å holde ein personleg tale til kvar av oss som hadde bursdag.

video:Personleg tale

Utrulig emosjonelt og rørandes! Fantastisk mann <3

Deretter avslutta me ritualet med å tømme ut, 3 gonger kvar, nitrogenet som stamcellene vore har vært nedfryst i.

video:Ritual

Coleen og eg gav kvarandre ein liten bursdagsgave- berre fordi me er komne så nær kvarandre. Her har eg verkeleg fått eit vennskap og band for livet <3 Eg hadde nok ikkje klart meg utan denne jenta her under dette opphaldet! Me har halde kvarandre sterke gjennom heile prosessen 🙂 Stamcellesisters for life!

I kveld avslutta eg og pappa ei kveldsøkt med litt bøy og tøy på sjukehusområdet og avslutta med ei kaffiøkt med noko godt attåt – sjølvsagt! Brettspel på Ipad blei det denne gongen 🙂

I morgon er det truleg klart for isolasjonstid for min del , så då blir det mykje aleine tid. Men det skal bli godt det også trur eg. Å få kvila ein god del. Slappa av. Få sortert litt i tankane.

No er dei falske vippene mine også rivne av, så no det det kun små duntustar på hovudet som gjenstår (ser ut som ein nyfødd kylling eller eit hardkokt egg) – og det kan berre gå naturens gang no. That’s life. Håpar berre at håret dansar seg tilbake i løpet av sommaren eg har framfor meg- slik at eg eg kan gå utanfor utan å føle meg som eit levande fugleskremsel.

Ta vare på kvarandre <3 Det er noko godt i kvar einaste dag! No ser eg verkeleg fram til å komma heim igjen snart!! Kun isolasjonstid igjen 😀

Nok ein gong – takk for alle gratulasjonar eg fekk på dagen min idag og takk for all støtte og omtanke dåke stadig viser meg frå alle kantar 🙂 Denne dagen har vore eit minne for livet- på mange ulike måtar! Og eg og pappa veks stadig nærmare kvarandre ❤

3 kommentarer
    1. Gratulerer med dagen Karina💙dette er første dagen av resten av ditt liv 😊rørende å lese om dagen din idag! Klem

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg