Siste dag i frihet før isolasjon!

I dag var det også tidleg opp allerede kl 06.30 då det skulle tas blodprøvar og urinprøve. Fekk også i meg nokre steroide dosar.

Så var det chill fram til frokost med Sudoku, kryssord og lesing. Nok ein gong lagde eg meg ein skikkelig deilig frokost i 9 tida idag. Måltid er jo eit av høgdepunkta i løpet av slike dagar som dette då det elles skjer veldig lite. Eg kokar egg i mikroen, toastar brød og har elles smeltet ost med krydder på nokre av skivene. NAM! Sjekk den smilande blide skiva då- det kan jo ikkje bli ein betre start på dagen enn dette vel ?!

Så nøyt eg ein god kopp te med sjølvsagt litt melk oppi- då er den alltid best 🙂

Etter frokosten rydda eg litt i både klær og ting og tang som eg har liggande- slik at eg kan ha ei grei oversikt imorgon når det som skal flyttast vekk frå meg må vera klart til å pakkast ned. Frå imorgon av steriliserer dei heile rommet mitt, dusjar heile meg i sprit og eg får egne sjukehusklær til å bruka under opphaldet.

Legane var også innom for å forklare at hemoglobin-nivået ( det som skal frakta oksygen gjennom kroppen) ligg på eit nokså normalt nivå. Leukocyttane mine (celler som beskytter kroppen) ligg også på nivå 1,54. Så når dette går under 1- som det truleg gjer imorgon så er det tid for isolasjon. Blodplatene våre skal normalt ligga på mellom 150-400 , men her ligg mine på 68 no. Men det seier dei går bra. Det er ikkje farleg før det går under 20, og i så fall då, så får eg tilsett andre russiske blodplater og blir kanskje litt halvt russisk. Det hadde jo vert litt kult?!  Må berre passe på no at eg ikkje kuttar meg eller får skadar og sår som kan byrje å blø. Difor er eg gått over til munnskyllevatn for å unngå å pussa med tannkost som kan irritera og framkalla blødningar.

Så kom den første lunsjen. Ikkje like oppløftande som frokosten eg hadde tidlegare. Prøvde med litt vaniljesaus på, men gjorde ikkje susen det heller. Men kjøttet var etande då, med litt godt spizy krydder på 🙂

Så kom middagen. Jadda.. Eg har jo masse backup mat- så det ordnar seg alltid 🙂 Restane hiv eg i han far så det i alle fall ser ut som eg har rørt maten 🙂

Ellers vakna eg med blå/grå hender og bein idag- noko eg tenkte kanskje kom til å gå over jo lenger utpå dagen det gjekk.

Men det blei stadig berre blåare på fingrar og negler- så eg tok kontakt med legen her. Dei gav meg då noko injeksjon for å utvide blodkarene mine. No har det normalisert seg litt igjen, heldigvis 🙂 Alt slags! Men det luraste var å gå med så lause kler som mogleg- spesielt på beina slik at det ikkje strammar til.

Så kom godaste pappa på besøk med litt varer til meg. Deilig juice, ferske egg og ost. Så no er eg berga i lang tid framover 🙂

Me fann ut at me måtte jo nyta dagen ute idag, sidan det er siste dagen me har ilag i “frihet” på ei vekestid. Det er eit så nydelig og ryddigt parkområde sjukehuset ligg på, utforbi her!

      

 

Og fuglane (farmor, farfar, bestemor og bestefar) følger stadig etter oss.

 

Så på ettermiddagen kom fantstiske Coleen innom rommet mitt for å slå av ein prat om morgondagen og tankane rundt dette. Me tok mange kjekke bilder- og avslutta med ein god klem før me begge fer på kvar sine isolasjonsrom imorgon. My big sis <3 Dette skal gå bra for oss begge! Stay strong!

   

Idag facetima eg med Dex og mamsen igjen, og det var første gong han faktisk såg meg inn i auga i kameraet til mamma og sleika på skjermen. Smeltar hjerta mitt <3

Eg og pappa har hatt dagens kaffiøkt med både Casino, Idioten og Yatzy idag. Trur han søv betre inatt, for idag gruste han meg verkeleg.

Ellers var det litt vemodigt å sei hadet til pappa no ikveld, kom nokre tårer igjen når døra vart lukka. Sjølv om eg veit at eg ser han igjen om kun ei veke ++- Me held kontakten kvar dag, og det er jo sjølvsagt ein enorm trygghet å veta at han er i nærheten av meg uannsett. Men no håpar eg for hans del at han klarar å tenkje litt på seg sjølv og oppleve det han faktisk vil oppleve i Moskva. Sjå på det som litt feriering 🙂

Eg skal klare meg fint her på isolasjon eg! Ser fram til mykje kvile og ro 🙂 Dette skal gå bra <3 På bildet under her står eg og peikar opp på det midterste vinduet som er mitt isolasjonsrom og nye heim den neste veka.

Ellers blir det nok ganske kjedelig blogginnlegg framover då det sikkert går mykje i det same om dagane og lite nytt å ta bileter av. Men veldig glad for at folk uannsett vel å følge med på reisen min 🙂 Det varmar <3

Ta vare på kvarandre <3 Eg er snart i mål no!

GOD NATT!

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg