Dag 3 i isolasjon!

I dag var det tidleg opp igjen. Men det gjer meg ingenting når det er smilande blide damer som bankar på døra og kjem inn for å ynskje meg god morgon. Det er ikkje slik at dei brått skrur på alle lys på rommet og hamrar ned døra. Så det er ein fin start på dagen, frå fyrste stund 🙂

Blodprøvar, blodtrykksmåling og steroide-påfyll. Alle brukar også personlege navn når dei kjem inn til meg. “Hello, Karina”, “Good morning, Karina”, “How are you doing today, Karina?”. Alle er så vennlege <3

Så kom resultata frå legane om at blodverdiane er på rett veg ned. Leukocyttane er bikka 0- talet og det er bra. Så skal det fortsatt synke nokre dagar til- før det kjem seg opp på over 1 igjen- og då er eg forhåpentlegvis trygg til å gå ut av isolasjon.

 

I dag prøvde eg å ta opp igjen vennskapet mitt med Sudokuen som enda litt dårleg i går dessverre. Gjekk mykje betre i dag og me skværa endeleg opp.

Så var det tid for frukost! Yeey! Eg lagde det same gamle. Ein skikkeleg kopp engelsk te med melk i, toasta brød med hardkokte egg på og eit deilig ostesmørbrød til “dessert”.

 

Så var det tid for dagens vodkadusj! Inn i dusjen med meg- og inn på rommet med vaskedamene som skulle sterilisere og skifte på senga.

Alltid like deilig å ta på seg nyvaska sjukehusklede etter ein føler seg så unormal rein og fresh.

Mogleg det er alle steroidane og medisinane eg går på som slår inn på neste bilete, men alltid morosamt å tøyse med litt filter vel? :p Ein god latter forlenger livet!

Denne formiddagen brukte eg på å opne brevet som eg har spart frå mi kjære barndomsveninne, som ho gav med meg i kofferten då eg skulle reisa. Malene og eg var som lim- me var rett og slett uatskilleleg frå tidlege barneår og vidare ut i ungdomstida. Har opplevd så mykje fantastisk gode minner ilag -og nokre av desse skreiv ho om i dette brevet som eg fekk i dag. Det betydde enormt.

 

Tårene berre rann, og eg er så ufatteleg glad for at me fortsatt har kontakten, Malene. Du har alltid hatt, og vil alltid ha ein STOR plass i mitt hjarta. Berre det at du vel å skrive dette som eit brev til meg, med bilete, på eit tidspunkt som dette- seier enormt om deg. Eg er uendeleg glad i deg. Tusen takk for at du gjorde dagen min såå mykje betre!! <3 Dei bileta måtte jo også få sin heidersplass på veggen min! Skal sei det blir litt av ein dekorasjonsvegg på rommet mitt her til slutt 🙂

 

I dag trakk eg også ny “Oppmuntringslapp” frå “Oppmuntringsboksen” min som eg har fått fra mine skjønne tanteborn. Denne lappen trakk eg medan eg hadde dei på facetime frå Rhodos.

Det smeltar hjarta mitt kvar einaste gong eg trekk slike lappar. Tusen takk mine herlege “små”,  snart er tante back in buisness! <3

Så var det tid for nok ein dose steroidar og ei sprøyte som skal stikkast i armen. Dei har full kontroll heile gjengen, og det er såå kjekt at alle brukar navnet mitt når dei kjem inn døra mi.

Så var det lunsjtid kl 12.

 

Joda, kylling i dag faktisk – så det gjekk jo an! Dei varme epla blir eigentleg ikkje betre jo meir eg prøvar å dynka dei i vaniljesaus dessverre. Gu så godt det skal bli å koma heim att til tacomiddag og vanleg mat igjen 😀 OH HAPPY DAYS!! Sola stråler i dag også!

Så kom min godeste pappa innom med litt varer til meg. Egg, brød, melk, ost i lange banar, ris, mais, brus, godteri, tyggis, tannpirkarar, frysevarer og mykje meir. Tusen takk papps!! Eg fekk sjølvsagt ikkje sjå eller snakke med han, då han ikkje får sleppe inn døra mi her. Men eg kunne glimte han frå vindauget.

 

   

Pappa kunne også skimte meg i vindauga der eg stod å vinka frå  isolasjonsrommet mitt.

 

Så kom dagens lunsj kl 2. Kylling igjen! WOOP WOOP! Og makaroni <3 Knallgodt! Tumbs up!

 

Suppa åt eg dessverre ikkje opp. Men eg gjorde godt opp for meg ved å leggja igjen ein fin serviett med handskrive takk for maten over. Då smilte matdama godt.

Ellers gjekk det ein alarm på huset i dag. Alltid litt spanande med litt action på slike elles lite actionfylte dagar på isolat. Fyrste tanken som slo meg var om eg skulle våge meg ut døra, men sidan eg ikkje forstod et kvekk av det russiske språket på høgtalarane så lot eg vera. Og rett som det var kom engelen Anastasia innom for å forklare at det var heilt ufarleg, dei hadde berre ein vanleg øving for å sjekke at alt fungerte slik som det skulle, dersom det i krisetilfelle skulle oppstå noko.

Så var det tid for chilling i senga igjen. Rolig dag i dag altså! Kun samla krefter.

Fekk elles mange snap frå snille tante Mari som passar på litle Dexen min der heime iblant, når bestemor er oppteken.

  

Snart er eg heima hos deg igjen, lille venn <3 Du er god som gull!

Lurer verkeleg på når håret kjem til å detta flekkvis av.. Har jo fortsatt ein del dun på hovudet endå. Augnevippene er framleis godt i behold.

 

Så var det tid for middag kl 17.30! Då lagde eg meg rett og slett pytt i panne med litt maiskorn, kyllingnuggets og smelta ost på risbrød til dessert. Nam nam!

No et eg litt endå meir snacks mens eg skriv blogg- kjem nok til å trille ut frå isolasjon skal dåke sjå.. Men det skal vera lov å kose seg også!

Ser fram til så uendeleg mykje eg no! Ikkje lenge til eg kjem heim att til min kjære familie, min heimstad, min lille Dex og min fantastiske samboar Marius. Alt blir berre velstand. Og tenk- med eit nytt reboosta immunforsvar forhåpentlegvis heilt uten MS 😀 Denne opplevinga her har i alle fall gjort mitt og Marius sitt band sterkare enn nokon gong. Det har knytta oss nærmare til kvarandre og han har holdt meg sterk gjennom det heile.

  

Takk vennen, snart sjåast me igjen <3

Eg rundar av med favorittsitatet mitt på nattskjorta mi: Everything is going to be ok. Me må berre gi det litt tid og recovery <3

God natt mine skjønne lesarar 🙂 Ta vare på kvarandre!

 

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg