Dag 4 i isolasjon!

I natt tok eg faktisk to heile sovepiller, for ventilasjonsanlegget mitt klikka heilt. Bråka som berre juling.

Så eg sovna godt inn igår kveld, men var bra trøtt då mine vakre sjukepleiarar byrja å kvitra allereie kl 06.30 på morgonen idag . Då var det blodprøvar, blodtrykk, temperaturmåling og steroidar som stod på programmet igjen.

 

Men sløv som eg fortsatt var frå gårsdagens sovepiller- klarte eg å sova litt til fram til frukost.

Frukost! Dagens høgdepunkt! Det blei toasta brød med hardkokte egg og ostesmørbrød idag også. Slår ikkje feil dette altså!

Så slo eg ihel litt tid med å sjå på serie på Ipaden min, før eg vart heilt hekta på Fruitella og lollipops. Skikkelig crawings i heile dag på noko søtt! Korleis skal dette gå? Med bollekinn frå steroidene frå før.

Så kom dagens første lunsj kl 12. Forstår meg ikkje heilt på dei varme eplene altså. Men så er jo eg ei av dei jentene som likar eplekake, men utan dei varme eplene inni. Så det er kanskje forståeleg nok at dette ikkje slår heilt an hos meg då. Men! Eg hadde rett i koppen- og kjøttet er greit nok det! Så då koka eg varmt vatn opp i ei skål , med utblanda “rett i koppen grønnsaksuppe” og heiv alle kjøttbitane oppi der igjen. Voila`!

Sikkert eit næringsrikt måltid dette vel? 🙂

Sååå gjekk nå sekunda over til minutt og minutt over til timar, og eg låg endå her og funderte på kva eg skulle ta meg til. Skulle eg verkeleg våge meg over på “middels” vanskeleg Sudoku no etter det turbulente forholdet me har hatt under opphaldet. Våga eg verkeleg det? Ja, eg bestemte meg for det. Og jammen meg. Det gjekk! Litt tid tok det og ein del viskelær skal ærleg innrømmast at blei brukt opp. Frustrasjonen var også godt tilstades. Men fyttikatta for ein seier å endeleg klare og komme eit steg vidare i denne boka. No fekk jo hjernen min trimma litt også.

Så kom fantastiske Dr.Fedorenko og Dr.Niko inn med gode nyheter om at nivåa mine stadig synk slik som dei skal og at dei er veldig fornøyd med resultatet så langt. Så betryggande å høyre! Han tok meg godt i handa før han gjekk for dagen og ba meg helse så mykje til mine kjære der heime. FOR ein mann. Får ikkje sagt det nok. Kva skulle eg gjort utan desse to englane her som gav meg livet mitt tilbake?

Så var det lunsj kl 2. Kjøttet var etande det, men eg lagde ostesmørbrød igjen av den lyse skiva.

 

Så kom middagen/kveldsen. BAM BAM BAM!! Fisk, spinat, tørre poteter, brød og eit egg.

Okei, no Karina må du berre slå til med noko skikkelig godt! Kreativiteten kunne høyrast at gjekk på høygir i skallen.

Dermed kokte eg opp riskorn i microen og varma det opp ilag med fiskepinnar og chicken-nuggets. For et måltid! Om eg så må sei det sjølv! NAMNAM!

Elles har eg heile tida kontakt med mine stamcellesøstre og brødre på huset. Spesielt Coleen. Eg og ho har fått eit band utan like som eg veit kjem til å vare livet ut. Me held kvarandre oppdaterte, støttar kvarandre og oppmuntrar kvarandre når dagane elles er grå.

 

Tenk så langt eg er komen no. På dag 4 allerede i isolasjonstida.

Dr.Fedorenko sa at han trudde kanskje eg allerede slepp ut om kun 3-4 dagar. Tida har gått så fort! Eg som trudde at ein måned her nede i Russland skulle verke som ein evighet. Men no er eg snart i mål, no ser eg faktisk målstreken!

Noko av det eg saknar og har mest crawings for her om dagane (sikkert heilt tullete sagt men) er………  

Det hadde verkeleg gjort dagen min! Gurimalla så godt det skal bli med ostepopp og ekte pepsi Max igjen! HALLELUJA! Små gleder i kvardagen altså.

Men først skal eg kome meg heim att. Heim til mine kjære. Heim og tilbringe mykje sakna tid med mine tantebarn og familie.

Eg har jobba i fleire månader for å bli sterk nok til å takle denne behandlinga her. Og det syns eg at eg har klart det ganske så godt fram til no. No gjenstår det berre å fortsette og jobbe seg opp når eg kjem heim att også- og ikkje tenke at alt blir like rosenrødt der. Det må fortsatt jobbast, både med psyken og formen. Der heime har eg ikkje lenger all drugsen som eg er dopa ned på no. Der må eg verkeleg gjere ein innsats sjølv.

Og eg er forberedt på at det blir ein berg og dalbane av både følelsar og symptom, før det eventuelt blir slik eg ser for meg at framtida og stabiliteten i sjukdommen min skal forbli.

   

Ta vare på kvarandre <3 Kun 1 veke til heimreise for min del no 🙂

Og igjen vil eg takka for all oppmuntring, støttemeldingar og helsingar eg har fått så langt på mi reise, frå både her og der- det varmar meg enormt. Og eg skal absolutt ikkje gje meg med blogginga- spesielt ikkje sidan eg har fått tilbakemelding om at eg inspirerer mange – og det er faktisk det kjekkaste eg høyrer og det høgaste ønske eg faktisk har! Å kunne vere til hjelp for andre <3 

Stol på dåke sjølv og gjer det som er rett for nettopp DEG og ditt liv!

 

2 kommentarer
    1. Det er så kjekt å se at det går fremover for deg ❤ vi skal takke for at vi får følge din kamp og se hvor viktig det er å tenke positivt. Du er en inspirasjon for oss alle 😍 tenker det blir godt å få komme hjem igjen . Lykke til videre . Du er topp !

    2. Signe lill waage:
      Tusen takk, Signe Lill! Veldig kjekt at du har følgt meg på heile denne reisen ? Takk for gode ord!! Setter stor pris på det! Du er toppers sjølv! Stå på ??

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg