Isolasjonsdag 7 og eg er FRI!

Har holdt på heile natta med eit blogginnlegg som vart så stort at eg fekk ikkje poste det. Så har ikkje hatt så mykje søvn på augene inatt. Klokka var vel ca halv 5 når eg la meg inatt og allereie kl 06.30 blei eg vekka for å ta urinprøve.

Kan jo sjå om dåke får opp blogginnlegget som eg så gjerne ville dele med dåke igår- men eg trur ikkje det verkar. Får prøve meg på ein ny metode imorgon.

Klikk gjerne innpå for å sjå om det kjem opp noko:

C:UsersKarinaDesktopNytt Microsoft Word-dokument (2).mht

Men det skulle visa seg å bli ein gledens dag- tross lite søvn!

 

Dei vanlege blodprøvetakingane, steroidane og vodkadusjen gjekk unna som berre det. Så var det tid for å nyte ein skikkelig god frukost igjen.

Ikkje før eg hadde satt meg ned med frokosten kom det ei skjønn sjukepleiar inn med kofferten min igjen. Kva skulle dette bety? “Out of isolation”, sa ho. Så no kunne eg få tilbake alle tingene mine igjen.

 

Ikkje før eg var ferdig med frokosten kom også både Dr.Fedorenko innom med dei fantastiske nyhetane om at verdiane mine hadde steget som berre det og Anastasia kom innom og gav meg ein god klem for at eg no endeleg var ute av isolasjon!

Heilt fantastisk! Så eigentleg har eg kun hatt 6 døgn i isolasjon- og det er jo verkeleg ikkje gale! “You are a strong young girl, Karina”- sa Fedorenko fornøgd med resultata.

 

No kan eg eigentleg slutte med vodkavask kvar dag og pusse normalt med deilig tannkrem og tannbørste. Heilt magisk!

Så da var det jo berre å setje i gang å feire da. Men korleis? Joda, ein kopp kakao hadde jo vært på sin plass. Den smakte!

Så byrja eg å omjustere litt rundtom på rommet før eg pakka ned sakene mine i kofferten. Eg skal heldigvis få behalde same rommet nokre dagar til- så dei hiv meg ikkje ut med det fyrste. Heldigvis. Har det jo så godt her. Kunne eigentleg tenkt meg å blitt her litt til- hadde det kanskje vært litt anna variasjon i maten einaste forresten. Men føler meg så trygg her at eg ankar nesten litt på å reise ifrå desse trygge omgivnadane og ikkje minst fantastiske folka.

Eg reiv av meg sjukehusdrakten og fann fort fram mine egne klær igjen. Det var deiligt. No kunne eg også pusse tennene heilt utan bekymringar! Og bruke sminke om eg så ville det. Aaah, berre velstand jo! 

Til og med søster mi og ungane på Rhodos heiste flagget idag for at tante var ute av isolasjon allerede! For ein herleg gjeng!

 

Elles har eg fått servert ganske ok mat idag eigentleg. Skal ikkje klage. Eplene kan vere fine til pynt også dei. Flott dekorasjon.

   

Så fekk eg meg ein skikkelig kjærleiksboost av å lese det nydelege innlegget til stamcellesøster mi, Coleen på bloggen hennar idag.

Klikk her for dei som ynskjer å lese, ho er berre heilt fantastisk:

https://coleenvshsct.wordpress.com/2018/05/18/karina%e2%9d%a4%e2%9d%a4%e2%9d%a4%e2%9d%a4-my-stemcellsisternow-dear-friend-xxx/ein

Så kunne jo endeleg pappa ta seg ein tur til meg igjen! Dette var jo veldig kjekt! Ikkje det at det er SÅÅÅ lenge sidan eg såg han sist- men var godt å kunne samlast igjen. Spele litt kort og drikke kaffi. Han måtte vere ikledd romdrakt for å kome inn til meg stakkars, så fekk eigentleg ikkje lov til å ta bilete av dette kunstverket (så hysj).

Tenk no er det ikkje mange dagane igjen til eg reiser heim til mine kjære!! Og det skal bli sååå godt å bli kvitt dette her venekateteret som stadig heng i veien i halsen.

 

Ellers kasta eg min kjære hårbørste idag- då eg trur at eg kjem til å klare meg greit utan. Håret som er igjen på hovudet no fyk jo til vers berre det kjem ei lita nys. Er så gale veit du. Men ikkje verdens undergang. Det veks ut igjen. Og blir spennande å sjå korleis fasong og form det veks ut igjen på 😀 Haha!

Men kjære vene dei som kan spara øyenvippene mine, please gjer eit forsøk- då ville eg vert evig takknemlig. Litt menneskeleg look må man vel kunne beholde. Ellers blir det som eit egg utan auger også.

Før kvelden var omme tok me oss ein spasertur ut i FRISK LUFT, endeleg! Har ikkje kjend på frisk luft på 6 døgn no så det gjorde godt.

Me spaserte rundt på området utforbi sjukehuset her. Er knallfint her. Litt uheldig med veret idag einaste, små regndråpar- men det tålar me.

No skal eg prøve å få meg litt meir søvn inatt enn det eg gjorde natt til idag, kjenner det skal bli godt å legge seg no.

I morgon får eg truleg også Rituximab infusion gjennom venekateteret mitt,  som tek ca 5 timar. Det er jo den same bremsemedisinen som eg har teke for MS sjukdommen min tidlegare. No er det berre for å bli kvitt alt av drittceller som ikkje lenger treng å høyre til kroppen min. Ser fram til dette! 😀 Gi gass!

Ha ei god natt folkens! Det skal i alle fall eg ha no kjenner eg! Ta vare på kvarandre <3

1 kommentar
    1. Så kjekt å høre . For en gledens dag. Gleder meg på dine vegne Karina . Snart i mål !!! 🤗😍

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg