Tid for siste dose Rituximab/Mabthera!

I dag kom dei inn for å vekke meg rundt kl 07.00 til dei vanlege testane.

Så fekk eg nyte ein deileg frukost igjen, heilt rart kor svulten magen min er og heilt klar for mat så tidleg på morgonen blitt.

 

Dr.Fedorenko kom også innom med dei nye verdiane mine i dag, som framleis stig.

Og det er bra. “Håret dett av også ser eg”, seier han også smiler han godt. Han meiner kun at det er eit godt teikn. Det er jo sikkert det. Men veit no ikkje eg. Berre sjå her- etter ein hårklut gjennom håret: HJELPES!!!

        

Triste greier. Men det fins heldigvis hodeplagg og parykkar, og det skal jo vekse ut igjen. Så må nesten ta det med eit smil- prøve i alle fall.

 

Etter frukost kom dei trillande inn med infusjonsflaskene sine som dei starta opp med allereie kl 10.00 i dag.

        

Elles var maten ikkje så verst i dag faktisk! Det meste var faktisk ganske så godt. Eg åt faktisk opp eit heilt måltid!! Så då laga eg ein fin lapp til matdama og takka for det flotte måltidet og sa at det var kjempegodt 🙂 Trur ho blei litt glad då. Sidan eg også unngjekk eplene og kjøttstykket tidlegare på dagen, så måtte eg jo nesten gjere det litt godt igjen no. Kveldsen lagde eg meg sjølv.

   

Så sånn gjekk no dagen. Blei liggande i sengo meste parten av tida.

      

Såg litt på serie. Åt ganske så mykje tyggis, då ettersmaken av cellegifta ikkje var heilt favorittsmaken min så langt. Litt sånn metallisk smak.

     

Drakk ein god del, for dei sa det var lurt å fylle på med vanleg veske også slik at ein ikkje blei så tung i hovudet. Så eg måtte ein heil god del på badet fleire gongar. Og det var jo ikkje berre berre like enkelt med heile dette stativet drassande etter seg inn på det knøtlitle badet mitt. Men det gjekk no det også 🙂 Eg satt meg ikkje fast.

             

Ein chill dag rett og slett. Men dei passa godt på meg. Kom stadig innom for å sjekke at alt stod bra til og om eg hadde ubehag. Rituximab er jo ein slags cellegift dette også så skal fjerne dei skumle og resterande restane av T og B celler i kroppen. Men eg fekk ingen reaksjonar eller allergiar heldigvis. Gav kun beskjed eit par ganger om at eg fekk litt “flushing” der eg blei litt overoppheita og varm. Men feberen var stabil, pulsen var berre litt høg einaste. Men eg slapp fint unna med dette også 🙂 Har eigentleg vert ganske så heldig under heile oppholdet- med det meste!

Spørs om det held seg slik når eg kjem heim att- eller om eg då får meg eit stuck sidan eg ikkje har alt av dette støtteapparatet rundt meg i form av medisinar,  tablettar og steroidar heile tida.

Kl 16.30 var infusjonen ferdig og all væske var kommen inn i kroppen. Og tidsfordriv var blant anna å prøve nye frisyrar og stilar med snapchatfilter. Viktig å halde humøret oppe.

          

Mykje av tida gjekk på å snakke med stamcellesøster, Coleen på messenger. Ho slepp forhåpentligvis ut av isolasjon imorgon og det skal bli såå godt å endeleg kunne klemme henne igjen. Ho har betydd så mykje for meg på dette opphaldet her.

     

Så fekk eg meg ein gledeleg øverraskelse av at mi kjæraste vennine, Johanne, ville skrive eit personleg blogginnlegg til meg på bloggen min i dag. Det var ufatteleg sterkt og rørandes og tårene trilla som berre det. Ho veit verkeleg å gjere meg glad- den jenta der. Og eg har ikkje ord som kan beskrive kor mykje nettopp denne jenta betyr for meg. Tusen hjertelig takk for at eg har deg Johanne og for at du gjorde dagen min så bra i dag. KUN gledestårer og savn etter deg <3 Sjåast snart igjen!!

Så fekk eg koseleg besøk av min gode pappa som hadde med seg Cola Zero til meg. Det gjorde godt i dag! Elles byrja han med å ta eit godt grepatak i kinnet mitt og meinte at no hadde steroidane slått seg til ro hos meg for ei stund ja. Neida, så gale var det ikkje, lo han. Men det kan sjåast. Og eg føler meg som katten under, ein oppblåst ballong i heile ansiktet. Det er faktisk ikkje tull ein gong. Så kanskje eg skal prøve å stikke hol på kinnene snart. Neida. Det går seg vel til det også får me håpa.

Så spelte me litt kort, prøvde nye spel på Ipaden, drakk kaffi, facetima med både gjengen frå Rhodos og mamma heime på Fitjar. Godt var det også å få snap av at Marius er heime og ser om lille babyen vår også innimellom.

       

Så var det tid for litt kveldslufting før pappa skulle gå heim att. Alltid like godt å trekke inn litt frisk luft etter å ha vert inne ein heil dag og logge mest mogleg i ro.

            

Imorgon er det tid for at dei skal fjerne venekateteret mitt endeleg. Det skal bli godt. Kanskje ikkje så smertefritt å ta det ut men skal bli så godt å få det overstått. Ser fram til dette. No skal eg nyte ei god natt og ta meg heile 2 sovepiller! God natt <3

Ta vare på kvarandre <3

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg