MS har gitt meg mykje motgang men også ein heil del av lærdom..

Hei og hopp! Dagens visdomsord og siste farvel med MS diagnosen!

.

MS oppleves forskjellig fra person til person, ingen tilfelle av MS er like og ingen kan samanliknast. Ingen MS pasientar har det dermed likt sjølv om man kan oppleve liknande symptom. Og berre dette er ein støtte i- å høyre at andre faktisk opplever og kjenner på det samme som deg. Då føler du kanskje ikkje så mykje på at du er aleine eller at det er noko skikkeleg gale med deg, det er berre slik sjukdomen kan opptre til tider. Eg har vore sint, eg har vore fortvila, eg har vore redd, eg har vore irritert, eg har vore sliten og vore langt nede til tider. Men eg har alltid klart å kravla meg opp igjen derifra. Det nyttar ikkje å ligge og synest synd i seg sjølv, og ingenting blir bedre av å kun liggje å tenkje på kva ein føler på. Det handlar om å finne lyspunkt i livet, ting som gjer ein glad, ting som man kan sette pris på- som betyr så mykje meir enn litt “vondter” her og der.

Så ja, eg hatar MS og eg skulle verkeleg vert foruten dei to siste åra eg har hatt denne diagnosen. Sjølv om det har mykje godt i løpet av denne tida, i form av minne og lærdom, så skulle eg sjølvsagt helst vore forutan diagnosen. Men dette innlegget tenkte eg skulle være mitt siste farvel med MS. Og eg skal prøve å snu det over til noko positivt. For MS, du har verkeleg lært meg enormt om livet generelt og gitt meg eit heilt nytt perspektiv på kva livet faktisk handlar om. Eg vil tørre å påstå at eg set mykje meir pris på livet etter diagnosen, enn eg gjorde før eg fekk den. Då var livet så sjølvsagt og forutsigbart- iforhold til no     – så skjørt og verdifult.

Så eg skal prøve ramse opp minst 26 ting eg er takknemleg for at MS har gitt meg eller opna moglegheita for å sjå klårare:

1. Eg har blitt betre kjent med kroppen min, på kva den takler, føler og makter til ulike tider.

2. Eg har “snubla borti” min indre styrke- som ikkje berre ligg i det å ha ein fysisk sterk kropp, men at man også må tenke positivt og halde humøret oppe for at livet skal bli godt. Eg har lært at eg er sterkare enn eg faktisk trudde eg var.

3. MS har gitt meg eit fokus på livets små gleder, ikkje ta ting for gitt, men å sjå livet frå eit heilt nytt og vakkert perspektiv,.

4. MS har gjort at eg har sett av meir tid til familie, venner og tantebarn- noko som eg no veit er dei verkeleg viktige tinga i livet å bruke tid på.

5. MS har gitt meg meir fokus på prioriteringar i livet mitt, og vist meg at det meste er oppnåeleg så lenge man går inn for det.

6. MS har gjort meg til ein meir avbalansert person som prøver å stresse mindre- for stress er aldri bra for helsa- derimot er “powernaps” eit verkeleg godt tips.

7. MS har fått meg til å fokusere meir på kosthald og fysisk trening. Trur aldri eg har veore i så god fysisk form som før eg reiste ned her til Moskva. Trente kvar bidige dag- for det hadde eg satt meg eit mål om.

8. MS har verkeleg sett viljestyrken min på prøve, men eg synest eg har kome ut med eit godt resultat.

9. MS har vist meg at eg kan setje meg mål og klare det meste eg går inn for å klare.

10. Takket vere MS fokuserer eg no meir på notida, ikkje fortida eller framtida. Men tida me har ilag her og no. Den er uerstatteleg.

11. Eg er takknemlig for at MS har lært meg at dei ulike stemningane og rare opplevingane eg har kjent på i kroppen min i så lang tid,  har hatt ei forklaring.

12. Eg er takknemlig for at MS har gitt meg eit heilt nytt syn på livet. Eg ser skjønnheten i det meste, lukta av sommar, samver med familien, nytelsen av å opne ei Pepsi Max flaske og ostepoppen på lørdagskvelden. Livet er herleg!

13. Eg er takknemleg for å ikkje ha blitt verre ramma enn det eg har fram til no, og at eg var tidleg ute med HSCT behandling.

14. Eg har fått større forståing, medkjensle og empati for folk som har det vanskeleg. Eg har fått meir respekt for helseproblem som andre står overfor. Alle har sine egne kampar, så det er bedre å gi støtte, aldri gi kritikk.

15. Eg har fått eit verkeleg brennande ynskje om å vere ein inspirasjon for andre som har det tøft, og vise dei at livet kan snu så lenge man snur perspektivet man har på livet.

16. MS har gjort meg til ein meir positiv person som ikkje lenger orkar å dvele ved det negative ( det stjel berre unødig tid og energi).

17. MS har gitt meg så mange flotte opplevingar i form av ei enorm støtte fra folk som eg ikkje eigentleg visste fantes. Eg har fått så utruleg mange flotte tilbakemeldingar på både bloggen, om korleis eg taklar sjukdommen og fungerar i kvardagen- og det betyr enormt.

18. Utan MS hadde eg aldri fått kjent på all denne varmen og kjærleiken frå lokalsamfunnet, nære, kjente, bekjente og ukjente folk som har støtta meg gjennom dette lange løpet. Og eg har blitt kjent med så mange fantastiske folk i liknande situasjonar med ulike diagnosar.

19. Eg har vore i stand til å skrive og lage min egen blogg om korleis det har vore å leve med ein slik sjukdom. Og fleire seier til meg at det har vore til hjelp for dei, noko eg er evig takknemleg for. Men det har også vore ein terapiform for meg ved å få ut tankar og kjensler- utan å ta det utover familie og venner- den tida vil eg heller bruke på å nyte enn å syte.

20.  Takket vere MS har eg blitt meir tolmodig med meg sjølv, meir tolerant ovenfor andre og aksepterer mykje lettare andre sine forskjeller, utfordringar og ulikskapar.

Noko eg synest er ein veldig viktig tanke: Alle er ulike, men alle er unike.

21. MS har gjort meg bevisst på korleis kroppen min føler seg til tider og kva eg har energi til frå dag til dag.

22. MS har lært meg å kanalisere min begrensa energi til kun positive opplevingar og resultat.

23. Med MS har eg kunna verka svak på utsida, men verkeleg halde på min indre styrke på innsida- noko som har vore til god hjelp for min egen del.

24. Livet er skjørt og tida flyr, men MS har lært meg å bremse ned og nyte kvart augneblink så best eg berre kan.

25. Eg er takknemleg for at MS har gjort meg klar over at livet er såpass skjørt og at min helse kunne ha vore mykje verre på dette tidspunktet. Eg er og har vore heldig!

26. Eg har opplevd omsorg og støtte frå fullstendig fremmede menneske- noko som har betydd enormt mykje for meg og har gjort at eg også vil vere ein slik person for andre. 


Men så, no er du forhåpentlegvis ute av livet mitt MS. I alle fall er det slik tankegongen min skal vera framover: Eg er MS fri! Eg skal leve i nuet. Eg skal leve normalt, men lytte til kroppen og la den få den tida den treng til recovery og kvile. Dette har på mange måtar vore ein tøff behandling, men eg har vore heldig og sklidd gjennom behandlinga ganske greit. Sikkert mykje takket vere at eg har halde meg sterk gjennom heile prosessen men også takket vera den enorme støtta eg har fått frå alle rundt meg. Det som gjenstår no er å lytte til kroppen og dens signal- og gi den all verdas tid til å bygge seg sterk og frisk opp igjen.

Sååå til min varme, flinke og gode lege og “ekstra-pappa (for ein månad)”:

Tusen takk for at du, Dr.Fedorenko, min “livreddande” lege gav meg denne moglegheita, saman med ditt fantastiske team på sjukehuset! Eg er evig takknemlig!

Fann ein ganske så sterk film på YouTube som eg også ville dela med dåke, som handlar om barn som lever med foreldre som er sjuke. Her ei mor med MS. Denne mora klarar seg godt, men mitt ønske er at denne behandlinga eg no har gjort vil føre til at eg aldri havner i ein slik situasjon. Og om det så skulle skje skal eg ta det den dagen det kjem, men eg tek ikkje sorgene på forskot. Eg er klar for å leve livet og gi mine eigne barn ei frisk og aktiv mamma- like heldig som eg har vore med mine fantastiske foreldre.

 Eg hadde gladeleg gjort denne behandlinga på nytt. Det blir vemodig å skulle reise frå denne fantastiske plassen og sjukehuset her. Er blitt så glad i dei alle. Og fått vennskap for livet! MEN- Tusen takk for at de har gitt meg moglegheita til eit liv utan store bekymringar og alvorleg sjukdom:
 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg