Ei veke sidan heimkomst!

I går nøyt me endå ein dag på sjøden.

  

Denne dagen blei det *Trommevirvel*….. ROSA hår! :p Morosamt å prøve.

   

  

Fyrste plassen vart i Vrakvika. Der var me heilt til Dex kom i konflikt med ei geit som følte ho eigde denne skumle plassen.

  

  

Så då la me frå land igjen og farta vidare i finaveret. Destinasjonen blei til slutt andre enden av denne øya, nemleg Pilapollen. Her var det nydeleg! Det var også ei geit her, men denne var litt meir redd og gav Dex den følelsen han ville med at han kunne få eige øya ei stund. Og eg hadde med meg det viktigaste av alt- nemleg Pepsi Max! Livet er fint altså!

     

      

Dex var sjefen sjølv i båten og hadde full oversikt i baugen på båten heile tida. Heldigvis har me fått tak i redningsvest til han, for han er ikkje av den varsomme typen. Han skal verkeleg utforske ALT. ADVARSEL: Spambilder av hund! Mammo hans meine jo at han er såååå skjønn <3

                

Båtlivet er ganske så friskt og fint for ikkje å snakka om avslappandes. Eg som skal stresse mest mogleg ned no og være ute i frisk luft blant lite folk- er dette midt i blinken.

Då me kom heim nøyt me ein god og sunn middag etterfulgt av is på terrassen etterpå. Herleg!

   

På kvelden fekk eg koseleg besøk av mi kjære Elise. Ho hadde med seg ein nydeleg uteblom. Me nøyt nokre timar ilag på terrassen i godt selskap. Med både bær, kaffi og sjølvsagt Pepsi Max. Dagen blir ikkje den same utan 😉 Tusen takk for besøket, Elise! Kom snart igjen 🙂

  

Heldigvis har eg Marius heime til å ta seg av meg. Han går på butikken for meg å lagar det meste av mat og måltider til oss. Snille han <3

Men igår fekk han plutseleg feber i tillegg til ein infeksjon som har har hatt i kroppen nokre dagar, og då han våkna idag så var han endå verre. Så etter eit legebesøk i full hast, endte det med at også han no er blitt sjukemeldt. Så no er me to sjuklingar her heime som må passe på kvarandre. Heldigvis er ikkje dette noko som kan smitte meg- endå. Men om han blir forkjøla i tillegg, må eg isåfall flytte ut og søke ly heime hos ho mor.

Det varierar i parykkar frå dag til dag, eller frå timar til timar, alt etter kor varmt det er. Steroidekinna er dessverre fortsatt på plass og har endå ikkje avtatt.

   

I dag har me berre tatt det roleg begge to, med legebesøk, kvile og middag på terrassen.

     

I dag er det også gått ei veke sidan me kom heim frå Moskva. Den veka har gått ufatteleg fort. Men eg syns allikevel eg har fått gjort ganske mykje, eller rettare sagt, opplevd ganske mykje kjekt. Nytt tida. Også siste månaden- har hatt ein enorm hastighet, spør du meg. Det har nesten gått litt for fort. Føler nesten ikkje at eg har hatt tid til å tenkje over kva som faktisk har blitt gjort eller kva kroppen faktisk har gått gjennom. For det er ein heftig prosess. Lite hugsar eg heller, av alt det som har skjedd. Kanskje det er grunna all medisinen, steroidane og cellegifta. Men slike ting som stamcellebursdagen, sjølve transplantasjonen og cellegiftkuren- alt verkar så uverkeleg og fjernt no. Det er som om eg har drøymt. 

Men for min del har det heile gått overraskande bra- på alle måtar, med lite ubehag. Difor er følelsane kanskje pressa litt bak motet og styrken som har måtta skinna igjennom. Kjenner at det skal veldig lite til for at eg blir emosjonell og veldig følsom for tida. Tårene ligg veldig lett tilgjengeleg for å sei det slik. Skal ikkje mykje til for å utløyse ei rennande elv. Men samtidig er dette forståeleg, kroppen er sliten. Den har gjennomgått enormt på kort tid. Og den treng både kvile og trening for å byggja seg opp igjen. Trening for tida blir korte gåturar med Dex, og elles klesvask og diverse arbeid i heimen. Siste tida har eg kjent på ein plutseleg utmattelse/trøyttheit, hodepine og hatt generelt lite energi. Det kan vera slik at eg planlegg å blogge, sjå eit program på tv eller noko lignande- men så berre dett augene igjen, og eg har ikkje sjans til å få dei opp igjen. Eg berre må såva. Det skjedde igjen ikveld. Skulle liksom setje meg ned for å blogge- men då sa det stopp. Måtte berre leggja meg ned for å sova, og det gjorde eg- i 2 timar.

Sjølv om det har skjedd så mykje som har gått så bra, så er eg redd eg allerede har brukt opp min “flaks”. For eg vil at dette skal vare. Eg er jo forberedt på ein recovery som skal kunne vera som ein rollercoster med både ups and downs. Men eg vil for all del og håpar så inderleg at sjukdommen no er stoppa opp og forblir slik. Leste om ei idag som var 6 år post (etter HSCT) men framleis blei dårlegare og dårlegare- dog utan attakk. Så ho hadde stoppa opp nye angrep med HSCT- men sjukdomsutviklinga og progresjonen var allikevel aktiv. Det var skremmande å lesa. Og det gjer meg sjølvsagt redd. Men, i så fall- så får eg ta HSCT igjen. Det hadde eg faktisk gladeleg gjort igjen, i Russland. Der er eg trygg. Der har eg trua på at dei kan det dei driv med. Men den tid den sorg. Eg har fortsatt trua på at eg no er MS fri- og det skal eg forbli ei god stund (forhåpentlegvis livet ut).

  

Savnet er elles stort etter stamcellesøster mi, Coleen, og resten av gjengen på Pirogov. Men eg og Coleen held dagleg kontakten, heldigvis. Og går med smykkene, armbånda me gav kvarandre. Sameleis med godaste Ingrid som eg blei så godt kjent med der nede. Me held fortsatt jamn kontakt. Det er så godt å ha nokon å snakke med, som har vert gjennom den same tøffe reisa som meg.

      

Ta vare på kvarandre <3

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg