Dei siste to dagane!

I går var det tid for ny blodprøvetaking. 

   

Me er allereie komen til 2.veka etter heimkomst. Eg fekk også i går svar på mine fyrste blodprøvar etter at eg kom heim, forrige veke. To av leververdiane mine var altfor høge, og blodprosenten var på grensa lav. Så eg sendte resultata til Dr. Fedorenko og fekk svar kun nokre få timar etterpå. Heilt fantastisk at han følger opp alle sine pasientar, både dei som ER hans pasientar i dette augneblikket, men også dei som faktisk ikkje lenger er hans pasientar. Tenk kor mange som sender han mail, av både folk som skal bort der men som også har vert der, og han følger opp alle- i tillegg til at han ivaretar alle dei som er der no på same fantastiske måte som han ivaretok meg. Eg har ikkje ord av kor høgt eg respekterer denne mannen. Ein fantastisk lege som verkeleg bryr seg om alle han har med å gjera!

 

Svaret eg fekk frå Fedorenko var at verdiane var høge ja, men det var ikkje unormalt etter ei cellegiftkur. Så eg kunne ta det med ro. Eg spurte også litt om kosthold- om eg kunne eta frukt og grønnsaker. Her svara han at eg kunne eta alt eg ville, så lenge eg skylla det godt, utanom rå fisk og kjøtt. Veldig betryggandes å få slike svar 🙂 Då kan eg senka skuldrene fram til neste blodprøve-resultat.

Elles fekk eg eit rørandes besøk av ein av naboane våre som kom med ein flott oppmerksomheit, med eit vakkert kort med varme ord. Så kjekt at folk tenkjer på meg, altså! Sett så stor pris på det 🙂 Heldige meg som har så kjekke og gode naboar! Tusen takk <3 Og det er utruleg kjekt å høyre at folk følgjer meg på bloggen.

Keep smiling and stay positive!

  

Eg prøver å ete så sunt som overhodet mogleg i vekedagane. Så her var gårsdagens middag, med grønnsaker, potetmos og laks. Magisk! Smakte faktisk heilt himmelsk! Og å kunna sitja ute i sola å ete middag – er jo berre heilt supert! 🙂

På kvelden i går tok eg og Marius nok ein kveldstur ut med båt. Sjå kor fantastisk ver! Idyllisk!

 

 

 

Dette MÅ jo berre nytast 🙂 Lille Dex skulle sjølvsagt helst ligge fremst i baugen heile tida. Men då me gassa litt på, måtte han holdast godt fast.

Skal ikkje så mykje bølge til før ein hund på ca 3 kg dett på sjøden, spesielt med den avslappa holdningen minsten her har, sjølv på ytterste båtkanten :p

Marius tok også sjansen på å la meg få styra rattet!

Me kom heldigvis heilskinna heim igjen!

Før me reiste heim igjen tok me oss ein tur til Hellandsjøen og ringde pappa for å bestilte kaffi på naustet.

     

 

Han kom, med både kaffi og Bamsemums. Herleg! Snille pappa! Men det var ekstremt med mygg- så me vart ikkje lenge. Lille Dex kosa seg med ein krabbe han fann. Men denne måtte me fort fjerne, ettersom han helst ville ete den opp.

 

Det er fortsatt svært uvant å gå forbi speglar her heime, eg kvekk nesten kvar gong eg ser meg sjølv utan hår. Eg velger å dele bilde (sjølv om det er nakent og veldig personleg for min del) – men i håp om at det skal bli litt mindre skummelt og meir avslappande å gå slik heime, spesielt å kunne gå forbi alle vinduer utan å springe eller vera engsteleg for om nokon ser meg.

 

Men no som det er så varmt, så klarar eg ikkje gå med verken parykk eller hovudplagg heile tida. Men eg prøver å gå sånn heilt utan noko, mest mogleg når eg kun er aleine. Skal spare Marius for det synet. Ser at Dex reagerer kvar gong han ser mammo slik. Stirrar som berre det. Nei, det eg ikkje berre noko eg føler- han gjer verkeleg det. Det er som om han no merkar at det er noko med mamma`n sin. Alt er plutseleg så annleis. Han får ikkje lenger sove saman med oss på soverommet. Kvar gong me har vert på tur, må potane vaskast når han skal inn igjen. Eg kosar ikkje like mykje med han no, som før. Og når eg gjer så blir det spritvask rett etterpå. Han får heller ingen suss lenger stakkars, eller stakkars og stakkars…. det er vel heller stakkars mammo som ikkje får susse på han lenger. Er eg som har eit voldsomt behov for å kose med skjønnasen, sjølv er han ikkje spesielt glad i kosing.

Men det å vera skalla er jo eigentleg berre ein epoke som man må gjennom i mitt tilfelle, det er ein del av det heile. Og ein liten bagatell i det store biletet. Det er noko som må til for å nå målet om å bli friskare. Får berre prøve å tenkje at “bald is beautiful” og sjå fram til at hårveksten kjem tilbake. Hjelp å ha ein caps på i det minste, sjølv om man fortsatt ser skallen godt med den også. Men det er heldigvis ikkje like varmt som parykk eller svarte hovudplagg/huer.

 

I dag har eg slappa av på terrassen i nesten heile dag- det var berre heilt herleg! Varme, sol, sommar, MS-fri – kan jo ikkje bli stort betre enn dette! Berre velstand!

 

I dag hadde eg min fyrste handletur på butikken saman med Marius, etter behandlinga. Ubehageleg og ein smule tøft.  Med både munnbind og parykk. Det føltes veldig rart og spesielt. Eg kjende kvart einaste blikk som eit stikk i magen- men eg forstår at folk ser litt ekstra, det ser jo litt spesielt ut. Eg hadde nok sjølv sett litt ekstra, eller snudd meg etter, hadde eg møtt eit slikt syn. Men eg veit at dei fleste på Fitjar no veit og forstår, heldigvis. Og det gjer så godt! Eg er glad for å ha vert så åpen og ærleg om alt, då blir slike ting som dette litt lettare. Sjølv om det var intenst og veldig hett å gå med dette på ein sommardag som i dag. Og det kjem nok aldri til å følast naturleg eller behageleg, men eg vil tru det blir lettare og lettare for kvar gong. Men no må eg berre ta hensyn til immunforsvaret mitt og høyre på kva legen i Moskva seier. Og det er at munnbind skal brukast i alle folkemender, i heile 3 mnd etter transplantasjonen.

 

På formiddagen fekk eg besøk av mamma, som hadde med seg lunsj til oss på terrassen. Snille, gode mams! Tenkjer på alt og alle! På ettermiddagen fekk me nok eit koseleg kaffibesøk- av mor og far til Marius. Dei hadde med seg masse deilig frukt, bær og vaniljekesam. NAMNAM!! Det var berre sååå godt 🙂

Dex har elles fått seg eget svømmebasseng på terrassen i varmen,  men han badar som regel ikkje frivillig. Det hender at han stupar oppi når me ikkje ser på eller tvinger han. Så trur nok han sett LITT pris på å moglegheita til å avkjøle seg i varmen.

Så tenkte eg at det var på tide med ei ny “treningsøkt” i dag, sidan det er to dagar sidan sist. Eg fann fram vektene og auka hastigheten frå 5,5 km/t sist til 6 km/t idag. Så gjekk eg 3 km med vekter i hendene. Merka at eg blei litt meir andpusten i dag, og fekk litt auka hjertebank, så eg tok nokre små-pausar innimellom. Dette for ikkje å presse kroppen meir enn nødvendig. Men eg gjennomførte og det føles sååå godt 🙂 Meistringsfølelse! Eg elskar jo å trene til musikk! Så dette lovar godt. Gleder meg allerede til neste økt.

 

Etterpå gjekk eg ein kveldstur med Dex, mens Marius var på sjøden med nokre venner. Her er me klare for tur! I dag blei det blondt hår.

Fitjar er berre såååå vakker, spesielt på slike sommardagar som dette.

       

 

Det blei vel ca 3 km no også. Så i dag kan eg ta helg med god samvittighet. Deilig å kjenne på at kroppen fungerer og meistrar det eg verkeleg vil, i den grad eg får lov å utfordre meg sjølv.

Elles er formen litt opp og ned fra dag til dag. Har fortsatt hodepine, svimmelhet og hetetokter innimellom. Men stort sett er formen fin- og eg nyt kvar einaste dag utan MS symptom som smerter, fatique og hjernetåke. Det føles berre så godt å endeleg ha normale dagar igjen! Angrar ikkje eit sekund på valget eg tok om å gjennomføre behandling i Moskva. Verdt kvar einaste krone.

No ikveld har me sjølvsagt hatt taco sidan det er fredag.

Og eg har unt meg både PepsiMax og ostepopp- då er fredagskvelden berre heilt komplett!

 

Fredagen er berre heilt herleg- og livet generelt nett no er heilt herleg! Til og med Dex nyter kvelden fult ut her i stova ikveld.

Ynskjer dåke alle ei strålande fin helg! Nyt finveret!

Ta vare på kvarandre! <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg