1 mnd post allerede!

Då var det plutseleg 1 mnd siden eg fekk tilbake mine nedfryste stamceller.

Eg har fortsatt liggjande pinsen eg fekk av Fedorenko med “New life”,  på hedersplassen i ståva og sameleis med hårfletta som blei klyppa av.

 

 

Heilt utruleg kor fort tida har gått, nesten like fort som tida føyk då me var i Russland. Dei 30 dagane på sjukehus, med ei alvorleg og tøff behandling- er verkeleg noko eg saknar enormt no. Og det seier litt om kor innhaldsrik reise det var. Spesielt no når eg har fått alle mine framkalte bilder frå Russland og er blitt påmint kor godt eg hadde det der og kor trygg eg faktisk følte meg heile tida- så kjenner eg verkeleg på saknet.

 

 

Menneska der var berre heilt fantastisk. Fokuset var verkeleg på pasientane sitt ve og vel og du merka varmen i fyrste skritt over dørstokken der, då Anastasia kom smilande og tok imot oss. Både Anastasia og Fedorenko, men også alle dei andre ansatte på Pirogov sjukehus kjem alltid til å ha ein stor plass i hjerta mitt. Dei som no les bloggen min og gjerne har bestilt behandling og gruar seg til å reise: Tru meg, dåke har ingen grunn til å grue dåke! Ein kunne ikkje vert i betre hender, enn her på Pirogov. Dåke har absolutt gjort det rette valet i både avgjerelse om behandling, men også stad å utføre den. Det er berre å glede seg! <3

  

I går var det altså den 10. og det var den 10.mai 2018 det skjedde. Den viktigaste dagen i livet mitt så langt. Då eg blei “født på ny” og gitt ein ny sjanse, med eit liv utan MS monsteret som et meg opp innvendig. Det føles heilt surrealistisk heile opplevelsen av denne dagen for ein månad sidan. Eg hugsar at nervene var i høgspenn rett før transplantasjonen, pulsen hamra vilt, men samtidig kunne eg ikkje vente med å få dette unnagjort. Det var jo dette eg hadde venta på i over eit halvt år. Dette eg har tatt opp lån for. Men 500 000 kr er ingenting opp imot alt det eg fekk oppleve der.

Eg knytta nye vennskapsbånd som eg fortsatt held kontakten med nesten dagleg og som eg veit kjem til å vare livet ut. Eg fekk oppleve verdens beste legar og sjukepleiarar som verkeleg SÅG meg og gav meg verdens finaste gave innpakka i kjærleik og omsorg.

 

Eg har kjent på saknet og kjærleiken frå mine kjære her heime, etter ein heil måned vekke. Eg kom tettare innpå og har verkeleg forsterka båndet til både min kjære Marius men også min gode pappa. Og eg har kjent og nesten kunne ta på alvoret i ei slik behandling, som faktisk omhandlar liv eller død for min del.

  

Det starta kl 11.30 denne dagen, med steroidar og andre medikament. Eg såg på pappa, han såg på meg, me såg begge på skjermen som viste høg puls.

 

Begge var nok redde, spente, tenk- dei 10 minuttane her var heilt avgjerande for mitt liv. No måtte me begge berre stole på Dr.Nico og teamet rundt. Det eg var mest redd for var at det skulle skje noko gale undervegs, som hjertestans eller hjerneslag. Men ein fekk liksom ikkje tid til å tenkje på dette, for alt skjedde så fort. Plutseleg var dei 8 stk på rommet mitt, både legar og sjukepleiarar. No skulle det skje.

 

Fleire sprøyter med håp i raud farge, blei sprøyta inn i venekateteret mitt i halsen. Smaken av ein slags “tomat-juice” kan eg nesten kjenne igjen, no når eg skriv om det. Så kom ubehaget, og eg hadde stort behov for å hoste. Det var plutseleg svært vanskeleg å puste og panikken tok meg. Men eg hosta og lukka augene i håp om at det snart var over. Og det var ikkje snakk om mange minuttane før Dr.Fedorenko sa: “All good, no there is no critical moments anymore”. Så gratulerte han både meg og pappa. Heilt vilt. No var det over. Ingen ubehag lenger. Eg var berre litt sliten av å vera så anspent, i dei mest betydningsfulle og intense minutta i heile mitt liv.

 

Så var det feiring av min nye bursdag med både tale frå legen sjølv og gjennomføring av ritual med tømming av nitrogenet som stamcellene våre hadde vert oppbevart i, ut på golvet. Får frysningar berre eg skriv om det heile no, for det har verkeleg vert ei intens reise men samtidig såå minnerik.

 

Eg har møtt utruleg mange fantastiske mennesker og fått meg både stamcellesøstre og bror.

 

 

 

  

Eg hadde ikkje stussa på å reist bort igjen, dersom eg uheldigvis skulle fått tilbakefall. Heldigvis har eg avtalt med Fedorenko og teamet hans at eg kjem tilbake for min 1.års og 5.års MR-kontroll. Så me sjåast snart igjen. Då reiser eg ilag med Ingrid Thoresen som låg ei veke forran meg i forløpet i Russland og har vert ei enorm god støtte for meg gjennom det heile <3 Det har vert så godt å kunna ha kvarandre. Ei som faktisk kan forstå meg på ein måte som ingen andre kan, for dei har ikkje har vert i våre sko.

I ein alder av 26 år har eg altså reist til Russland, hausta ut mine eigne stamceller frå ryggmargen, for å gå gjennom ei heftig cellegiftkur i 4 dagar for så å setje tilbake mine nedfryste stamceller som skal finne vegen frå blodet mitt og tilbake til ryggmargen. Heilt vilt! Og det er nettopp der håpet mitt ligg no, i mine eigne stamceller.

 

Eit intenst håp og stort ønske om at dei skal klare å byggje opp igjen eit sterkt immunforsvar- berre utan feilen som kom i 2016 med diagnosen MS. Om dei har klart det, er det berre tida som vil vise. No må eg berre ta ein dag om gongen. Så får me sjå, om 5 år, kva dom eg får frå MR undersøkelsen då.

For dei som ynskjer å sjå film frå sjølve transplantasjonen og stamcellebursdagen, så ligg det på Youtube-kanalen min:

https://www.youtube.com/channel/UCmOwaApALUUbkJsl3ka64eQ

Ellers har eg altså i dag betalt ned på lånet mitt, allerede (!!!), med dei fantastiske 264 000 kronene som eg har fått fra dåke fantastiske folk!! 🙂 <3 TUSEN HJERTELEG TAKK! Ein stor lettelse og ein bekymring mindre. Får rett og slett ikkje takka dåke nok <3

Stamcellekontoen blir ståande ei stund til, sidan eg fortsatt manglar 36 000 kr for å ha betalt ned heile lånet mitt. Men den summen kan eg no klare sjølv også 🙂 Dåke har verkeleg hjelpt meg godt på veg!! <3 Ha ein fin kveld og ei god veke vidare!

Ta vare på kvarandre <3

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg