Min sommar så langt!

På tide med ny oppdatering!

Beklagar igjen at det har gått så lang tid utan noko oppdatering. Grunnen er både den at det har vært lite aktuelt “nytt” å skrive om- også har eg brukt tida mi på å verkeleg nytt kvar einaste dag av sommaren. Eg har prøvd å ikkje tenke så altfor mykje over det som har skjedd, og faktisk så har sjukdommen også gitt svært lite lyd frå seg i det siste.

 

Generelt sett så er formen min ganske så bra for tida! Symptomene er så og sei vekke (!!), det einaste eg slit med no om dagane er sjelvningar og iblandt muskelkramper. Men dette er jo absolutt levelig! Synet mitt på det eine auga er heller ikkje blitt betre, men eg tenkjer at dette er ein skade som allerede har sett djupe spor og dermed tenkt å forbli. Men så lenge det ikkje blir verre, så er ikkje dette heller eit stort problem. Før kunne eg ikkje gå ein dag utan å såve/kvile på dagen. Dette har snudd seg heilt! No har eg energi nok til å halde ut heile dagen 🙂 Dei daglege smertene er vekke og hjernetåka har letta! Hipp hurra!!

Mange spør om behandlinga har vært vellykka. Det kan eg diverre ikkje svare heilt sikkert på, enda. Dette er det kun tida som vil vise, om eg får nye angrep eller ikkje. Og sjølvsagt vil dei neste MR-undersøkelsane også kunne gi oss eit svar på dette. Men utifrå formen og det at eg nesten er symptomfri no- vel eg å tru er på grunn av ei vellykka behandling. Eg har trua! Mandag neste veke er det tid for mi første MR-undersøkelse etter behandlinga (3 mnd post). Det blir skikkeleg nervepirrande! I dag har eg også tatt mine 3 måneders blodprøver. Både eg og lille blide Dex`n min, krysser fingrane for at resultata er positive!

No har eg også offisielt kasta munnbindet! WOOHOO!! Det føltes SÅÅÅ godt å endeleg kunne gå på butikkar og blant folk utan å tenkje på dette! Det er ein fryd å no kunne sleppe unna alle dei “kva feiler det ho?”-blikka som følgde med maska. Følte meg som ein norsk versjon av kinesiske turistar i storbyar. Det er rart med det.. Noko som var så sjølvsagt tidlegare- nemleg å gå ute i det fri utan munnbind. Det er no blitt ein skikkelig “blessing”. God helse er jammen meg lett å ta forgitt! Så husk å setja pris på det å vera frisk 🙂

I sommar har eg blandt anna vert med venner, bowla med søster og tanteungar, nytt livet i fredeleg omgivelsar på naustet i, deltatt i slektstreff og ulike konkurransar, gått på fjellturar og feriert litt i heimlandet. 

 

Eg og Marius har hatt oss 2 motorsykkelturar på eit par dagar.

Det er såå kjekt å reisa på motorsykkeltur! Frisk luft, litt av ein opplevelse og alt du får sett!

Einaste problemet mitt på slike turar er at eg har ein tendens til å sovne bakpå der- så me må stadig ha “pit-stops” der me fylle på tanken min med Redbull.

Utanom det, slit eg også med at det er himla hardt å sitje bakpå i fleire timar i strekk. Så når me endeleg tar pausar klarar eg ikkje setje meg ned på rumpa som er så øm, då blir det heller strak ut på nærmaste plen! Ser sikkert bra spesielt ut for dei som køyrer forbi :p Men heldige meg, har jo så mange gode folk rundt meg som vil hjelpe! Så denne gangen me skulle på tur, fekk eg låne både sykkelbukse av svigermor og saueull av farmora til Marius- for at det skulle bli meir behageleg å sitje på. Det blei jo berre DEN “Kardashian-rumpa”!

 

Kanskje eg må begynne å køyre sykkel sjølv. Då kan eg jo berre ikkje sovne, pluss at det er betre sete å sitja på :p

Den fyrste turen gjekk til Farsund der me budde på Farsund Resort. Knallfine plass!

   

Heldige med været var me og! Koste oss gløgg ihel desse dagane!

Den andre turen no nyleg gjekk til Lystangen camping, mellom Notodden og Bø. Fredeleg liten plass med lite folk. Me køyrde rett og slett etter finaværet, og sidan også Johanne og familien var på camping i Bø, vart valget enkelt. Koseleg lita hytte, fin strand, gratis bruk av kajakk på vatnet der og 36 grader på det meste- kunne ikkje blitt betre! Nesten litt for varmt!

 

Ein viktig del av det å vera på ferie- er all den gode maten. Det gjekk ikkje i helsekost for å sei det sånn. Usunn mat, chips og brus nesten dagleg. Huff og huff.

 

 

Det var då eg bestemte meg for at august måned skulle bli andre boller. Då skulle eg skjerpe meg og bli sunn igjen!

  

Så på tirsdag starta alvoret med food-prep for heile veka. 5 sunne middagar og lunsjar vart lagd til. Fullkornsris, grønnsaker og laks.

 

 

August måned skulle bli ein betre og sunnare måned! Så kom onsdagen der eg for fyrste gong etter behandlinga gjekk på treningsstudio igjen.

 

Eg har ikkje lov før det har gått 3 mnd, men det er jo no den 10.august- så då tenkjer eg at det går bra! Har funnet ut at eg skal prøve å ha styrketrening på treningsstudioet kvar dag og jogge 3 km heime på tredemølla etterpå. Det er varmt nok med styrketrening ikledd parykk. Så når eg kjem heim kastar eg parykken og kyllingen kan springe fritt og ta seg ut. Apropos kyllingen ja; håret mitt er endeleg begynt å voksa ut igjen (ca 1 cm no). Så eg ser ikkje lenger ut som eit egg 😀 Men hårveksten er slettes ikkje jevn endå, så utan parykk kan eg bakfra lett forvekslast med ein 80 år gammal mann :p Hehe! Men eg skal avsløra hårveksten min for dåke om ein måned 🙂 Då skal de få sjå bilete veke for veke- heilt fra eg barberte meg skalla og fram til det er gått 4 mnd etter behandling 🙂 No 3 mnd etterpå er det ikkje skjedd all verden, men håpar at når det først er begynt å vokse så går det nok fort!

Men det er ein del smitte og bakteriar med folk på treningsstudio også- så eg prøver å gå så tidleg som mogleg om dagane, då det er minst folk. Det er så deilig å endeleg vera i gong igjen! Eller- etter to dagar går eg no som ein gammal mann då… Med både gangsperr i armane etter første styrkeøkt på onsdag, og gangsperr i beina etter andre styrkeøkt i går. Kroppen er ikkje lenger van med slik trening. Allikevel kjempa eg meg gjennom ei ny armøkt i dag morges, men jogging etterpå kunne eg berre gløyma! Stiv som ein stokk!

Frokostane mine består no av havregraut, bær og cottage cheese.

I tillegg til sunne og faste måltid har eg også no prøvd meg på proteinshake- i håp om å byggje opp og styrke kroppen min!

Lørdagen har eg bestemt meg for at er den einaste dagen i veka der eg kan ete det eg vil- der min kjære ostepopp og pepsi max har fått personleg invitasjon allereie <3

Tok også ny rekord i å springe 3 km på 16 minutt (tidlegare 18 min) no i ferien!

Det MÅ jo berre bety at formen er stigande til tusen 😀 Så glad!!

Eg har elles fått mange tilbakemeldingar og telefonar etter artikkelen i BT, frå både norske og svenske MS-pasientar som spør om hjelp og råd. Veldig kjekt! Eg har også fått høyre at treninga mi har inspirert andre til å tenkje: “Klarar ho, så skal eg også klare!” Ingenting gjer meg meir glad, enn å kunne ha ein positiv innvirkning på folk 😀 Er nettopp dette eg har håpt på, med å være så åpen og ærleg; å kunne hjelpe andre! Tusen takk! <3

 

Ønske dåke alle ei fantastisk fin helg! Ta vare på kvarandre <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg