Ikkje berre ein dans på roser!

Mange fekk kanskje med seg artikkelen i Sunnhordland denne veka: http://www.sunnhordland.no/nyhende/eg-foler-eg-har-fatt-livet-tilbake-1.2525579

 

 

Tenk at det allereie er eit halvt år sidan eg var på “sjukehus-ferie” i Russland! Så til oppdatering ser dåke jo at det går stort sett veldig bra! 😀 Eg har fått livet tilbake og er evig takknemlig for all støtte eg har fått det siste halvåret- noko eg prøvde å få fram på facebook-sida “Bethankful” igår, då eg skreiv :

Eit 1/2 år er gått sidan eg fekk gåva “livet”, for 2. gong ❤ 
Denne gang med ei større bevissthet om kor skjørt livet kan vera, kor viktig det er å ta vare på dei man er glad i og eit heilt nytt perspektiv på kva som er viktig her i livet ! Å “bli født på ny” og få ein “second chance” er det jammen ikkje mange som får oppleve! 😳👏

 


 

Sjølv om eg skulle ha vert foruten diagnosen, ville eg allikevel aldri ha vert foruten denne opplevelsen! Eit reint bad i kjærleik og støtte, som eg aldri nokon gong har opplevd makan til!! 😍 Eg er sååå takknemlig for kvar og ein av dåke som har backa meg! ❤ Herlighet så heldig eg er! 🙌

Behandlinga i seg sjølv gav meg i mitt tilfelle 90 % sjangse for suksess (MS STOP)! Men med støtte frå familie og andre rundt meg, var sjangsen for ei suksessfull behandling og recovery – 100 % ifølge Dr. Fedorenko 👍 Så grunn til at livet mitt no smiler breiare enn nokon gong, er difor mykje takka vera nettopp den støtta frå dåke alle rundt meg ❤TUSEN HJERTELIG TAKK!! ❤

“Never forget what’s important in life. Material things can be replaced , but important people can’t.” Ikkje kast vekk tida, vis at du bryr deg, skap minner og del opplevelsar. 

Så mi oppfordring til alle er: Bestem deg for å bli den viktige personen i andres liv. Enten det er snakk om yrkesmessig, familie, venner, bekjente eller ukjente. 

For i mitt tilfelle har dåke alle vert nettopp dei betydningsfulle viktige personane, for min suksessfulle behandling! <3 

 


 

Men siste tida har ikkje berre vert ein dans på roser, for å vera heilt ærleg med dåke. Sjølv om det stort sett går mykje betre enn før!

For ein måned sidan oppdaga eg nemleg ein flekk bakpå korsryggen. Denne forandra seg dagleg- både i farge og form.

 

 

I tillegg fekk eg også betennelse i ei visdomstann. Når eg fyrst får ein infeksjon, har det lett for å “balle på seg”. Men dette fekk eg heldigvis skyllevatn og antibiotika for med ein gong. 

 

 

Etter ei lita veke med bekymringar, kom det stadig fleire prikkar. No på både mage, rygg og armar. Det fyrste som slo meg var jo frykten for at det var vannkoppar- noko eg ikkje veit om eg er immun mot lenger. Så eg googla det eg kunne, og kom fram til at det kunne likna noko kalla “Pityriasis Rosea”:

 

 

Beskrivelsen av dette stemte i allefall med mitt tilfelle. Fyrst ein liten flekk, så etter ei veke – fleire rosa flekker. Men då eg oppsøkte legen, var uheldigvis ikkje fastlegen min tilgjengeleg, så eg måtte gå til ein annan lege. Eg viste flekkane og sa kva eg trudde det var. Legen var ikkje einig og meinte heller at det var ein soppinfeksjon.

Dermed fekk eg utlevert ein krem som eg skulle smørja flekkane med 2 gonger dagleg. Men flekkane blei berre fleire og fleire. 

 

 

Etter ei veke såg eg ikkje ut på overkroppen. Klumpar overalt. Og gjett om det klødde. No byrja det også å koma flekkar på beina.

 

 

Då eg fekk spørsmål på denne tida av folk som spurte korleis det gjekk, svara eg fortsatt “det går bra”- medan eg kjente at tårene pressa seg på. Hadde eg på dette tidspunktet møtt nokon som kom med motsvar og sa  “eg ser at det ikkje går bra, Karina”, hadde eg nok knekt saman på sekundet.

Ikkje for at det å ha nokre ussle betennelsar eller virusinfeksjonar i huden er noko å klare over, men eg var rett å slett så lei av at det alltid skulle vera noko og livredd for kva det kunne vera. Spesielt med tanke på mitt lave og utsatte immunforsvar nett no. 

 

 

Frustrasjonen og bekymringane tok rett og slett overhand, så ein kveld sendte eg mail til legen i Russland. Han meinte det var herpes zoster/helvetesild og ba meg starte på nokre tablettar 2 gonger dagleg.

Eg gjorde som alle rundt meg sa. Det som kanskje var mest frustrerande var at legane ikkje var einige om kva det var, for det gjorde meg berre endå meir bekymra. 

 

 

Men dagane gjekk og det blei ikkje betre. Så nok ein gong gjekk eg til legen, no endeleg til fastlegen min. Der fann dei ut at det faktisk var Pityriasis Rosea, slik som eg sjølv hadde googla meg fram til for fleire veker sidan! Typisk! Dette er ein virusinfeksjon i huden som er heilt ufarleg og ikkje smittsom. Men det klør, varer i nokre veker og kan etterlate pigmentflekkar.

Dette tyder altså på at sjølv om det er gått eit halvt år og blodprøvane mine ser fine ut, er fortsatt ikkje immunforsvaret mitt heilt på topp. Men no kunne eg endeleg slutte både på kremen mot soppinfeksjon (noko det ikkje var) og tablettar mot herpes zoster (som det heller ikkje var). No fekk eg heller ein ny kortisonkrem som eg skulle smørja heile kroppen med i 2 veker til.

 

 

Heldigvis er det allereie betring, så det ser ut som at eg har fått rett medisin denne gangen! 🙂 No kan eg endeleg sjå fram til sydenturen vår igjen, som er om to veker. Noko som frista lite for eit par veker sidan.

Marius slår nemleg på stortromma og tar meg med til Gran Canaria no, sidan det ikkje kunne bli noko sydentur på oss denne sommaren. Eg er så heldig som har han altså! <3 Han veit korleis han kan gle meg! Me reiser ilag med Elise og kjærasten, så dette ser eg verkeleg fram til! Skal bli så herleg! 

 

 

Elles går dagane i koselege vinter-kveldar med stearinlys, studier, venner og familie og sjølvsagt – ei dagleg treningsøkt på treningssenteret!

 

 

 

Ein dag utan trening er for meg no blitt som ein dag utan meining! Neida.. Men gurimalla så godt det gjer! Gir meg så mykje energi! 🙂 

Ta vare på kvarandre, folkens <3

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg