Stå på!

Dagens visdomsord 🙂

Det er viktig å setta seg mål. For min del er målet no å bygga kroppen sterk nok til å takla det som er i vente. Og tru meg. Me er sterkare enn me sjølv trur!

Aldri gi opp 🙂 Ha truå på at du kan, så skal du sjå at du faktisk er ustoppeleg 🙂 

God helg alle lesarane mine <3 

 

Mine små diamanta!

Sidan forrige blogginnlegg har eg prøvd å komme i gang med treninga igjen, etter egguttaket. Eg må fortsatt ta det roleg utan hopp og spring denne veka, men neste veke igjen- ja då er eg tilbake for fullt håpar eg 🙂 Desse to vekene no har eg berre trent roleg med gåturar og styrketrening med vekter.

Forrige veke var eg endeleg innom igjen, for å besøke barnehagen min i Dåfjorden! Det var skikkelig gjensynsglede! Har savna dei små enormt mykje <3 Så det blei mykje klemming og kos denne dagen:

Uheldigvis var det nokre barn som var sjuke akkurat denne dagen, så eg får kome igjen på besøk snart slik at eg får møtt dei også igjen 🙂 Heilt uaktuelt at dei skal få lov til å gløyme meg veit dåke, hehe..

Neida, men det handlar like mykje om at eg har eit behov for å opprettholde kontakten og relasjonen mellom meg og barna- sjølv om eg er sjukemeldt. Det er veldig viktig for meg at dei er like trygge på meg når eg eventuelt kjem tilbake også. Samtidig vil eg at dei skal få kjenne på at eg savnar dei og at dei betyr mykje  for meg. For det gjer kvar og ein av dei- uten tvil! Neste veke har eg lova å vere med barna på teater. Nei, eg er ikkje på jobb lenger- men eg vil framleis vere ein del av deira liv. For dei utgjer ein stor del av mitt.

Folk lure kanskje litt, når dei lese kor brennande opptatt eg er av barn og at barn skal ha det godt og føla seg verdsatt. Dåke undrar kanskje over om eg har hatt det godt sjølv i min eigen barndom, sidan dette opptar meg så. Skulle kanskje tru at eg har hatt ein dårleg barndom. Men det kan eg sei dåke. Det er heilt feil. Det er er nok truleg nettopp fordi eg har hatt ein så god barndom som eg har hatt, at dette opptar meg på denne måten.

Det er nettopp fordi eg har vært så heldig å fått oppleve akkurat det eg ønsker å vise til “mine” barn. Eg har sjølv fått kjent på den kjærligheten, varmen og anerkjennelsen frå mine foreldre og søsken. Og med dette har eg fått kjent på kor godt dette har gjort meg og kor mykje det har betydd for meg også no i seinare tid. Og også gjennom grunnutdanning og videreutdanning har eg blitt innprinta på kor viktig nettopp dette er for utviklinga og læringsevnen til barn. Derfor er dette noko eg verkeleg brenn for å ta ut i praksis <3 Og som til no har gitt resultat i mine relasjonar til barna!

Og i forgårs var det også tid for besøk igjen i gamlebarnehagen min, Espira Garhaug! Dei hadde hatt nedtelling til denne dagen, akkurat som meg 🙂 Det er no gått nesten eit halvt år sidan eg sist besøkte dei. Men me har heldigvis jevnleg kontakt på brev. Då eg kjørte inn på parkeringsplassen såg eg ungane kom springane mot porten- og dei var ikkje få! Det joma heilt inn i bilen då eg skrudde av tenninga på bilen, dei ropa i kor “Karina, Karina, Karina!” Høyrdes nesten ut som eg sprang maraton med ein svær og herleg heiagjeng på sidelinja. På ei annan side kan dette faktisk stemme, som ein metafor for det som skjer. Eg føler at eg no kjempar denne intense kampen mot MS, men med ein fantastisk heiagjeng i ryggen. Det gjer så godt å kunne kjenne på at ein betyr noko for andre. Det motiverar meg og gjer meg endå sterkare og ikkje minst klar for å ta opp kampen! Og denne følelsen av at ein betyr noko, brenn eg verkeleg for at andre også skal få kjenne på- frå meg! Her er eit bilete frå denne dagen. Eg befinner meg i midten av denne herlege blomsterbuketten under:

Då eg kom innanfor porten blei eg møtt med utstrakte armar og varme klemmar frå dei skjønne små. Men også frå dei vaksne. Har savna dei og! Mange av dei små kom springande med gaver som dei hadde laga og ville gi til meg. Det var vanskeleg å få høyre alle som ville fortelje meg ting, då dei stod 20-30 stk rundt meg å snakka i munnen på kvarandre. Eg ville så intenst sjå og høyre kva kvar einaste ein av dei ville fortelja meg. Men med så mange barn, og ikkje all verden med tid, så var dette ei real utfordring. Så dette kjente eg at var litt anstrengandes.

Ein gjeng kom også bærande bort med eit stort hjerta som barna alle hadde skrevet og laga ilag, ved å trykka fingeravtrykka sine på. Blei vanvittig rørt.

Det gjorde så godt å sjå alle igjen, og å innsjå at dei fleste fortsatt hugsa meg. Mon tru dei testa meg også, om eg kunne hugsa alle dei. “Huska du meg?”, “Huska du kva eg heiter?”, “Huska du kva mamma heiter?”, “Huska du kor eg bur?”, “Huska du kva katten min heiter?” Dei var totalt 90 barn i denne barnehagen då eg slutta. Men eg klarde å svare alle, heldigvis. Hadde gjort meg så vondt hadde eg faktisk måtta innsett å ha gløymt eit navn nokre sekund. Sjølv om dette no faktisk kan være er eit skremmande faktum, då hukommelsen min har svikta stort i det siste. Men eg bestod heldigvis den testen også 🙂

Det at eg også hadde med is til heile gjengen fekk nok eit jubelrop.  Det var nokre fantastiske timar eg fekk tilbringa i barnehagen denne dagen. Då eg køyrde derifrå stod dei ved porten og eg tuta og vinka, det same gamle rituale våras. Eg gledar meg allereie til neste gong! <3

Forrige gang eg var innom gamlebarnehagen, var eg også innom skulen der. For nokre av dei 5-åringane eg hadde tidlegare var jo no begynt på skulen. Og den dagen eg slutta i barnehagen, lova eg jo at eg skulle komme å besøke dei igjen. Men då grein han eine som skulle byrje på skulen. Eg klemte han å spurte kvifor han var lei seg. Han fortalte at neste gong eg skulle kome på besøk så var jo han begynt på skulen. Dermed lova eg å besøke han også, på skulen neste gang.

Så dette gjorde eg forrige gang, besøkte både barnehagen og barna som var begynt i 1.klasse. Denne dagen var det spesielt ein skulegutt som eg ikkje fekk møtt på, og som mor fortalte hadde blitt svært skuffa over akkurat dette. Denne gutten har også sendt meg brev i ettertid med både sjølvlaga smykke og stein som står at han savnar meg på.

Så i forgårs ville eg gjere det godt igjen for denne guten, og mor hans. Etter besøket i barnehagen, stakk eg også innom i heimen hans for å helse på og for å vise at eg ikkje har gløymt han heller <3 Håpar dette gjorde like godt for han som for meg.

Som også tattoveringen min på armen illustrerer, ei barnehand i mi. Eg vil alltid gjere alt i mi makt for å ta så godt som mogleg vare på dei små som eg møter på min veg.

Etterpå gjekk eg ut å åt middag med min unike gamle kollega, Kari Anne 🙂 Ho er heilt fantastisk! Det er ho som er sjølve bindeleddet til at eg fortsatt har kontakt med gamlebarnehagen. Ho skriv breva saman med ungane, og les breva mine i samling saman med dei. Ho har også laga ein egen perm med breva frå meg, slik at ungane kan få bla i når dei ynskjer. Så koseleg <3

Formen i det siste har vært litt så som så. Merkar at eg burde nok absolutt hatt ein ny dose cellegift no ja.

Spesielt denne dagen med besøk i gamlebarnehagen tok på. Det var ikkje besøkene sin feil, det var berre koseleg. Men då eg skulle heim att med elbilen min så var det akkurat for lite straum då eg kom meg til Haukås. Og ladeledningen hadde eg lagt igjen i garasjen min heime på Fitjar.  Stress.. Så då måtte eg fri til bensinstasjonen der og spørja om hjelp. Heldigvis jobba det ei dame der som budde 6 km derifrå, ho tilbydde seg at eg kunne lade heime hos henne. For ei raus og god dame! Dermed gjorde eg dette. Køyrde heim til henne og lada. Men dette var vanleg lading- og det tar tid! Så eg satt i ein iskald bil i ca 2 timar før eg kunne køyre vidare for å lade igjen på Heiane.

Klokka blei vel 11 på kvelden då eg var heime att. Då kom ubehaget for fullt. Smertene. Fatiguen. Eg hadde 0 % energi igjen. Eg klarte å ta meg ein varm dusj før eg slokna ned i sofaen. Tårene bare rant og det gjorde såå vondt i heile meg. Min kjære Marius visste nok ikkje kva godt han skulle gjera stakkars. Men det at han er der, er nok <3 Og han fann både fram kvelds og paracet til meg.

Men dette er typisk, denne dagen var litt for lang og litt for mykje på ein gang- og det taklar ikkje kroppen min lengre. Samtidig så reagerer eg også på kulde ved at smertene og stivheten i ledd blir meir intens. Så det gjorde nok ikkje saken betre at eg satt så lenge i ein kald bil.

Men, denne dagens innhold var uannsett verdt det! <3

Igår slappa eg difor godt av med gode Dex `en min, i det nydelege vår- veret. Me nøyt dagen ute på terrassen!

No håpar eg bare på at det går fort fram til april, slik at eg ikkje får nokon nye angrep no i tida før avreise!

Oppdatering på innsamlingsaksjonen: Totalsummen er no komen opp i 205 000 kr!! Tusen hjerteleg takk alle 😀 <3 Det betyr så mykje! Er snart halveis til beløpet for behandlinga no! Dåke er fantastiske <3

Ta vare på kvarandre <3

 

Hormonbehandling & egguttak- check!

Då var endeleg hormonbehandlinga overstått! 🙂

Det har jo gått over all forventning eigentleg. 15 sprøyter er blitt satt av pysa sjølv,  og eg har hatt svært lite bivirkningar utanom oppblåsthet og ømhet nederst i magen.

 

Det har vært vanskeleg å gjere heilt daglegdagse ting slik som å bøye seg for å ta på seg sko, å reise seg frå seng og sofa osv. Men heldigvis ingen ubehag utanom dette! Så det var ein fryd å kunne gjere dette igjen no som egguttaket er over 🙂

Humørsvingningane merka eg ikkje noko særleg til under hormonbehandlinga- men skikkelig mykje no etter egguttak, då hormonene forhåpentligvis snart er på veg ut av kroppen. Humøret kan gå frå å le i det eine augneblikket til å bli svært deppa i andre augneblikket.

Trur nok det er mykje tankar og følelsar som spelar inn her også. Det er veldig spesielt alt det som no skjer. Alt som har skjedd fram til no. Alt som skal skje. At eg i ein alder av 26 skulle oppleve alt det som eg har gjort no dei siste 2 åra. Det er heilt uvirkeleg, men samtidig så sårbart og reelt. Det er absolutt fantastisk at det fins slike moglegheitar som både stamcellebehandling/HSCT og hormonbehandling/egguttak!

Eg berre skulle ønske eg var foruten denne sjukdommen, at eg kunne gå tilbake i tid til den gong eg var frisk og livet var ein smule meir forutsigbart.

 

Men slik er det desverre blitt, og ut frå det utgangspunktet eg no har blitt tildelt, skal eg absolutt gjere mitt beste.

På torsdag kveld forrige veke reiste eg og Marius til Oslo. Flyet gjekk ikkje før 21:45 på kvelden, så det vart ein seine kveld før me var framme.

 

Me hadde bestilt eit hotell i gåavstand til Ullevål sykehus. Leiligheten var overraskandes stor og flott! Så skulle gjerne ha vært der nokre dagar til. Fekk liksom ikkje heilt til å nyte leiligheten denne kvelden, då nervene og forventningane for neste dag tok heilt overhand. Me var vel i seng ca kl 01.00 denne kvelden.

 

 

06.45 neste morgon ringte vekkjarklokka. Idag var dagen. Dei skulle ta ut eggene mine. Heilt absurd setting. Rart. Utruleg merkeleg. Me gjekk frå hotellet ca kvart over 7, og var framme ved Ullevål sjukehus ca 07.50. Der fekk me beskjed om at oppmøtet var på Rikshospitalet og ikkje her på Ullevål. Dette visste eg jo eigentleg, det stod jo Rikshospitalet på innkallelsen når eg tenkjer meg om- men sidan eg hadde hatt oppfølging her på Ullevål tidlegare var det naturleg for meg å møte opp på same plass. Heldigvis gjekk det ein trikk like i nærheten som me sprang bort til og hoppa på.

 

Dermed ankom me Rikshospitalet litt over avtalt tid, men dette gjekk heilt fint. Me satt i mottakelsen ei god stund, før ei hyggeleg sjukepleiar oppsøkte oss.

 

 

Eg fekk levert ut tablettane som skulle inntas ein halvtime før sjølve uttaket. Dermed blei me leda inn på eit værelse med 6 ulike senger med forheng forran.

Eg blei plassert i eine senga og Marius på ein stol attmed. Her skulle eg liggje å slappe av mens tablettane verka. Nervøs som eg var, kjende eg at eg etterkvart begynte å bli svært søvnig. Så tablettane hjalp nok på at eg blei meir avslappa, men du verden- det skulle meir til for å gjere meg heilt roleg i denne settingen her! Viktig å halde humøret oppe:

 

Etter ein liten halvtime blei me henta. Då var det min tur. Sjukepleiaren viste oss inn på eit rom der det var 3 andre legar i tillegg til henne. Altså var dei totalt 5 andre i rommet utanom meg sjølv. Skreve-benken låg klar. Great! Det var berre til å innta plassen. Så fekk eg utdelt ein ball som eg kunne skvise på dersom det skulle gjere vondt. Og tru meg, den kom godt med! Eg skviste handa til Marius i den eine handa mi og ballen i den andre medan dei var i gang.

 

Heile tida kunne me følgje med på skjermen. Der såg me både eggposane som blei sakte men sikkert tømt og sjølve sprøyta som stakk hol i dei. Fyrst vaska dei med vatn. Så stakk dei lokalbedøvelse i skjedeveggane. Den lot dei virka ca 30-40 sek, så kjørte de på. Eg kunne sitt at dei hadde latt den virka endå litt lenger, men det er nå meg :p Det som gjorde vondt var når dei stakk nåla inn i kvar av eggposane.

Du kan sjå den kvite nåla som går gjennom eggposen på biletet nedanfor.

 

Deretter saug eit røyr ut/vakumerte dei ut eggene mine. Då kjende eg berre eit slags trykk eller press. Men kvar gong dei stakk nåla inn i ny eggpose var det ganske så ubehageleg. Men, sjølve uttaket var heldigvis over på ca 10-15 min! Så blei eg ført inn igjen til senga mi for å slappe av. Og ja, no klarte eg å slappe litt betre av. Men det var fortsatt spennande og nervepirrande. Kom dei til å få ut nokon egg? Kom egga til å være brukande? Tenk om dei ikkje får ut nokon som helst, og eg dermed blir infertil no i Moskva. Krise. Eg var innom dei fleste tankar då eg låg her på vent.

 

 

Så kom ei sjukepleiar med svaret. *Trommevirvel*! Dei hadde fått ut 10 egg! For ein fantastisk følelse! Eg hadde i utgangspunktet tenkt å fryse ned nokre befrukta og nokre ubefrukta- men dette anbefalte dei ikkje. Sidan eg berre hadde 10 egg å gå på, ville dei anbefale å befrukte alle. Då var sjansane mine størst. Så det gjekk me med på! Neste dag skulle dei ringja meg for å fortelje kor mange av dei 10 som klarte å bli befrukta, og kor mange av dei befrukta igjen som var i stand til å frysast.

 

Eg fekk beskjed om å ta det med ro i 2 veker etter uttaket. Ingen brå bevegelsar som hopping eller jogging, då kunne eggstokkane surra seg rundt kvarandre og bli kvelt. Så eg får ta det med ro, og starte med roleg trening no i fyrste omgong!

Etter ei stund med venting på sykehuset, gjekk me derifrå. For ein rar følelse. Eg la igjen ein del av meg på dette sjukehuset. Mine egne egg låg no i sjukehuset sine hender. Egg som eventuelt i framtida kan bli våre skjønne små.

Utruleg merkeleg opplevelse og vanskeleg å beskrive.

 

 

Resten av dagen gjekk me berre å dulla i Oslo fram til flyet vårt gjekk heim igjen seint på kvelden (kl 22.00). Det var fortsatt smerter og ubehag i etterkant. Så eg tok ein paracet kvar 2. time denne dagen. Men me kosa oss allikevel! Var på både cafe`, kino og restaurang.

 

 

Så var me endeleg heime 02.00 natt til lørdag. Var bra sliten då kan du sei.. Mange inntrykk å fordøye og ta innover seg.

Neste dag blei eg oppringt av sjukepleiarane som kunne fortelja at 9 av dei 10 egga mine hadde blitt befrukta! Dette var jo kjempenyheter! No kunne eg senke skuldrene litt ja! Og dagen etter det igjen ringte dei for å fortelje meg at 8 av dei 9 kunne bli fryst ned. Så då har me altså 8 egg, 8 potensielle små “oss”, i ein frysar i Oslo. Utruleg rart, men fantastisk facinerandes at det går an! Det er jo ingen garanti for at nokon av desse egga blir til ein potensiell graviditet, men så er jo dette for min del kun ein backup foreløpig. Min plan er jo å forbli fertil etter behandlingen i Moskva! Men om det desverre skulle skje at eg blei infertil av behandlinga, så har me no håp i 8 stk “minioss” <3

 

 

No i etterkant har eg hatt lite ubehag utanom den fredagen uttaket var. Eg er jo fortsatt litt oppblåst og øm nederst i magen, men dette sa dei var heilt normalt. Smerter har eg vært så heldig å unngått, utanom igår kveld. Då fekk eg nokre intense, heilt akutte smerter i eine eggstokken som varte i et par minutt.

 

 

Skikkelig vondt- men også det gjekk over. Kanskje det kom fordi eg pressa meg litt for hardt på første treningsøkta mi på et par veker igjen igår. Får ta det rolegare idag! 🙂

 

 

Ta vare på kvarandre! <3 Idag er det jo også sjølve Valentines`Day!

For ein tankevekkar!

Tenk no er det litt over ei veke sidan eg starta på denne hormonbehandlinga.

Eg som grua meg ihel til å stikka meg sjølv, har til no stukket 14 sprøyter på meg sjølv den siste tida! Kan nesten ikkje tru det sjølv, men det har gått overraskandes bra! Ei sprøyte kl 8 om morgonen og ei i halv 6 tida på ettermiddagen. Har følt meg som ein oppblåst vannballong einaste. Kjennar det “skvulpar” hvis eg hoppar eller spring- og magen er så oppblåst at det gjer vondt å bøye seg. Men dette høyrer mest sannsynleg med 🙂 Eg får ta igjen all treninga eg har gått glipp av no, når desse ubehaga snart er over!

Igår var det også tid for min første innvendige ultralyd! Alltid like kjekt med slike benkar som dette.. Pyton! Men ultralyd ja, for å sjå kor mange og kor store eggfollikkane no var! Dei målte og talte opp. Trur det var 5-6 på kvar side, eg kunne sjå på skjermen ved siden av meg. Største eggfollikkel var 19mm og det meinte Ullevål sykehus var for lite- så dei ville at dei skulle voksa seg endå litt større.

Så imorgon er det tid for nok ein ny ultralyd på Haugesund sykehus- håpar då at dei alle har vokst seg store nok! Då blir eventuelt kanskje uttaket i Oslo allerede på fredag! Eg gruer meg ihel til dette egg-uttaket. Men heldigvis trur eg ein får godt med beroligandes på forhånd.. Det trur eg trengs! Men.. Har eg klart å trosse sprøyteskrekken med å stikke meg sjølv kvar dag no, så skal eg vel klare å bite tenna saman i dette tilfellet også! Blir godt å få mannen heim imorgon no, kjenner eg <3 5 veker uten han er altfor lenge!

Over til noko heilt anna! På søndag kveld var eg og mamma på kinoen “Per Fugelli- siste resept”. Eg hadde ikkje så store forventningar til filmen eigentleg, men tenkte det var nå kjekt å kunne halde ho mor med selskap. Var forberedt på at den muligens kunne bli litt dyster. Men- Fyttikatta for ein film! For ein mann! Trur nesten eg har fått meg eit nytt forbilde! For ein klok, varm og god mann han var, med ein fantastisk sjarmerandes personlighet. Ein stor inspirasjon!

Måten han takla motgang i livet på, er berre heilt beundringsverdig. Hans resept på motgang og tøffe tider var å fylle livet med mening, håp, engasjement og humor. Det å gjer meir av det ein likar, det å tilbringe tid saman med dei man er glad i og det å prøve å sjå positivt på det meste- med ein god dose humor. Han var god på å finne lyspunkt i livet, uansett kor vanskeleg han hadde det. Men han innrømma også at han hadde tøffe stunder der han ville gi opp. Då handla det om å samle kraft- enten frå minner man hadde eller nedskrevne ord til oss fra våre kjære. Det handlar om å kjenne på betydningen av å være til, at man betyr noko for andre- det gir kraft i seg sjølv. Eg f.ek, får enormt med kraft og energi av å tilbringe tid med mine kjære nevøar, og eg håpar at eg kan ha samme effekt på dei. At dei kan få kjenne på at dei er verdsatt for nettopp den dei er. At tante er enormt glad i dei. Det same gjeld barna i barnehagen. Eg brenner så inderleg for at man så tidleg som mogleg i livet skal få kjenna på denne kjærlegheiten og følelsen av å bety noko for andre. Då blir det meining i livet- og ein er ikkje berre til men lever.

Per Fugelli sa også blandt anna “Kanskje det å  minne seg selv på at man skal dø, kan være med på å forsterke livet vårt mens vi har det, hjelpe oss til å leve litt mer vesentlig- og tenke at hvorfor står jeg da og spinner ved denne bagatellen?”.  Det kjenner hvertfall eg at stemmer veldig i mitt tilfelle. Det å plutseleg få slengt i fleisen at ein er ikkje udødeleg, gjer noko med ein. Alle skal dø, det veit me jo. Men ein tar kanskje livet forgitt. Ein lev fra dag til dag utan å tenkje over kor heldige me er som har nettopp denne tida. Når man sjølv eller nokon nær ein, får ein alvorleg diagnose- får man eit heilt anna perspektiv på livet. Det kan faktisk være med på å forsterke (misforstå meg rett no) livskvaliteten, ved at man skaper tettere bånd til dei man er glad i. Man får meir ut av kvardagen. Ser plutseleg mykje tydlegare kva som betyr mest her i livet.

      

Per påpeikte at “Vi må godta at det forferdelige kan skje, for hvis vi forventer null risiko blir vi evig redde. Vi må vaksinere oss mot frykten. Vi lever i historiens tryggeste sekund, på klodens tryggeste sted- nyt det!”. Så sant. Me har enormt mykje å væra takknemlig for, og for lita tid til å kasta den vekk på bagatellar og ubetydelege ting. Det med samhold i samfunnet, tilbringe tid med flokken sin og hugse å leve i nuet- er særdeles viktig! Og kunne gi litt meir faen i ting, som ikkje er av stor betydning 🙂

Hans fantastiske budskap om likeverd f.ek, at me er alle født med “flekker og feil”. Eg får heilt frysningar berre eg skiv om det no. Har fått så enormt stor respekt for denne mannen. Og eg kunne kjenna meg igjen i så mykje av det som han sa. Ikkje det at denna sjukdommen min på nokon som helst måte kan måla seg med den som han desverre fekk oppleva! Men han sa så mykje som eg kunne kjenna meg igjen i, og som traff meg heilt inn.

Og som eg trur ikkje berre eg, men alle alvorleg sjuke kan kunna kjenna seg igjen i. Han beskreiv til dømes opplevelsen av å få ein alvorleg diagnose. “Du blir redd, redd som faen. Du får sprekker i selvbilde ditt. Du blir utrygg på jeget ditt, hvem er du? Hvordan skal det gå? Det du lengter etter, er at menneskene skal møte deg som den du er, den du alltid har vært – den samme. Du lengter etter trygghet, men det du opplever i den første tiden etter at folk får vite – er å bli møtt på en annen måte. Du blir møtt, men du blir flyttet til en standard pasient med den diagnosen du har, de møter deg nå som en diagnose, som sykdommen istedet for den originale person.”

På slutten i filmen då han ligg i sjukesenga å holder kona i handa var nok et bristepunkt i filmen. Han fortel at det no også er vanskeleg for han å i det heile tatt prate. Du ser fortvilelsen i augene hans. Dette også, minna meg om då farfaren min holdt handa mi for siste gang, då han låg på dødsleiet. Han hadde også kreft og mista taleevnen heilt på slutten. Den siste gongen eg besøkte han kneip han eit godt tak i handa mi og prøvde å mumle noko med munnen, utan at han fekk fram eit einaste ord.. Det var vondt å sjå, spesielt som eit lite barn eg den gong var. Men eg har allikevel lagra det som eit godt minne av min kjære farfar, for eg veit han var glad i oss alle. Eg kjente varmen- han trong ikkje sei noko. 

Eg anbefale alle å sjå denna filmen, men kanskje helst heima i sofaen- og ikkje i ein kinosal full i folk. Det var heilt umogleg å halde tårene inne og etterpå var eg nett som ein svamp. Slusene var åpna for fullt. Den eine sterke scenen etter den andre blei spelt av rett foran oss begge. Det var så ekte, så verkeleg. Han ler, stjeler blomster, holder kraftfulle foredrag- så sterke at tilhengere som har høyrt på kaster seg i armene på han etterpå, heilt gråtkvalt. Han klemmer tilbake, smiler og seier nokon oppløftende ord tilbake- som får dei til å smile igjen.  Han visste at hans siste tid var kommen, men allikevel levde han livet ut til det fulle. Og gav og gav av seg sjølv til sine nærmaste, heilt fram til siste øyeblikk. Det er sterkt. Utruleg sterkt.

Det blir også gjenfortalt at kona blei ramma av eit hjerteinfarkt midt i denne tøffe tida, der Per sjølv- gråtkvalt i sine egne følelser og tårer, innser og faktisk gir ein sterk beskrivelse av den belastning det kan være å være pårørende og leve med ei slik bekymring om å miste nokon av våre kjæraste. Han forstår no meir enn nokon gong kor tøft kona har hatt det, med han som er dødssjuk- og at det krev utruleg mykje som pårørande å sjå den man elsker så høgt – forfalle sakte men sikker. Han lurer til og med på om han sjølv kan være ein av hovedårsakene til at Charlotte (kona) sitt hjerta svikta. At det er ein såpass tøff påkjenning som pårørande (både fysisk og psykisk), at du gløymer deg sjølv og sett dine egne behov til sides, til fordel for den du er glad i.

DÅ klarte eg verkeleg ikkje halde tårene inne lenger. Samvittigheten, skyldfølelsen, tankar og følelsar kom strømmande på- då det gjekk opp for meg at eg kunne være ein av hovedårsakene til at hjerta til pappa svikta no i haust. At dette som har skjedd med meg kan ha vært så tøft og ein såpass psykisk påkjennelse/belastning for han, at det kan ha gått utover hans eiga helse. No kjem tårene igjen. Så nok om det no. Men absolutt ein tankevekkandes film, som får ein til å setja endå meir pris på små ting som faktisk betyr mykje i den store sammenhengen. Noko av det første eg gjorde etter filmen, anna enn å tørke tårer- var å sende ei melding til han far og fortelle han at eg var glad i han. Og det skal eg fortsette med, både vise og fortelle alle rundt meg kor glad eg er i dei- sånn at eg alltid er trygg på at dei VEIT kor mykje dei faktisk er verdsatt!

Ta vare på kvarandre <3