Min start på året 2019!

Her kjem ei lita oppdatering 🙂 Eg starta diverre 2019 med å bli skikkelig forkjøla med feber i 1,5 veka. Så det vart lite trening og late dagar, under denne perioden.

Men som nyttårsforsettet mitt sa, så skulle eg bli flinkare å lytta til kroppen- og det kroppen hadde behov for nett no, var kvile.

 

Dermed var det ekstra tungt å starte igjen denne veka, men eg er altså tilbake no 🙂 Og eg er overlykkeleg over at det nye immunforsvaret mitt fungerar såpass at forkjølelsen kunne forsvinne utan penicilin 🙂 Yeey! Nok ein seier og eit bevis på at ting går rette vegen 🙂

Eg prøver å ete så sunt som mogleg, spesielt når Marius er på jobb- då Marius ikkje er like begeistra for grønnsaker, som meg.

  

Elles har eg hatt sukkerfri denne månaden, der eg har unngått alt av dessert, kaffimat og godteri. MEN, heilt sukkerfri har eg ikkje klart.. Pepsi Max og ostepopp er endå eit must i helgene, så det unnar eg meg likevel! :p

Marius kom jo endeleg heim no i starten av januar. Og sidan han var ute på jobb heile jula, samla me både foreldra hans og mine, til ein siste julekvelds hos oss- dagen før me rydda vekk jula. Det var såå koseleg 🙂

Har også hatt fleire koselege stunder med både familie og venner!

 

No siste tida har det vært mykje om stamcelletransplantasjon i media, både på TV2-nyhetene, God Morgen Norge og på radio. Det går heldigvis på fram! Elskar at behandlinga stadig kjem meir og meir fram i lyset no! 🙂

https://www.tv2.no/v/1413807/?fbclid=IwAR0HRedmQdv1ASh7pcsaXJXXn9uGFFLNf3uy51wXxS5XLtNGhcfR-1IUGzQ

Samtidig er det både tøft og rørande å høyra om og sjå andre i same situasjon som eg var i. Spesielt då det kom på nyhetene, og ho det gjaldt var på gråten og sa at “Hvis eg ikkje gjer dette, er eg ute av arbeidslivet innen altfor kort tid,  så er det noko med det at…eg vil fortsetta å vera meg”. Då kom frysningane og tårene hos meg, for det var AKKURAT SÅNN eg også tenkte før behandlinga og noko av det som gjorde at eg bestemte meg. Som eg også har skrive i tidlegare innlegg her, så følte eg før behandlinga at eg sakte men sikkert, nettopp – mista meg sjølv. Her kan du lese om saka:

https://www.tv2.no/a/10299237/

Hadde eg ikkje tatt behandlinga, hadde eg nok framleis følt det slik som dette:

Mens eg no istaden, føler meg betre og friskare enn nokon gong- sidan eg fekk diagnosen! No kan eg heller skrive om dette diktet over, til:

I am back.

The same old me, just with some battlescars. 

The happy me.

The smiling me. 

The laughing me. 

The same old me, now with more gratitude for life. 

Eg vågar ikkje å tenkje på kor eg hadde vært eller rettare sagt; korleis eg hadde vært no, dersom eg ikkje hadde tatt denne behandlinga.  Tenk dei fyrste 6 mnd etter diagnosen, før eg starta på bremsemedisin- hadde eg heile tre attakk/angrep som etterlatte seg skadar i både hjernen og ryggmargen min.. Medan no har eg gått heile 8 mnd utan nokon form for medisin, og ingen nye angrep! <3 HEILT FANTASTISK!

Tøft valg å ta, ja- men absolutt det rette!

  

No gjenstår det berre å fullføre studier slik at eg kan kome meg tilbake i arbeid igjen 🙂 Hadde eg hatt kontorjobb eller liknande- hadde eg nok vært tilbake i arbeid for lengst. Men jobben i barnehagen krev at ein er 100 % pålogga- HEILE dagen, og det er nettopp dette ungane har rett på. Så, eg ventar til eg veit heilt sikkert at eg er i stand til å gi dei nettopp det dei fortjener og har krav på! <3

No nærmar det seg forresten det siste besøket mitt i Garhaug barnehage- der eg jobba fram til eg fekk diagnosen. Her er dei skjønne små allereie i gang med nedtelling, nett som meg  <3

Grunn til at dette blir siste besøket er fordi det er siste kullet som framleis kjenner og hugsar meg. Me har hatt kontakt på brev heilt sidan eg slutta, der desse som no er store skulebarn- var dei yngste då eg jobba der. Skal bli så kjekt å treffa både små og store igjen <3

Ta vare på kvarandre! <3