Frå skalla til punk!

Her kjem den store avsløringen som eg har lova dåke alle! Det har vært litt av ei reise, med tanke på å gå fra ei skikkelig jente-jente med langt hår, til for to månader sidan å kunne forvekslast med ein 100-åring sett bakfrå skallen, til idag å kanskje kunne likna ein gut.

 

 

Trudde verkeleg ikkje håret skulle spela ei så stor rolle som eg har innsett at det har. Savnar det gamle håret mitt, som heng på veggen i stova, utruleg mykje! 

 

 

Siste månadane har eg aldri gått ut utan hue, caps eller parykk i offentlighet. Har rett og slett følt meg heilt naken og utilpass utan. Men Marius stakkars, har måtta våkna opp med 100-åringen i ein god periode no. Var altfor varmt å såve og gå inne med hodeplagg. Har derimot sprunge forbi vinduene, i håp om at ingen skulle sjå meg. 

 

 

Første månaden og godt uti andre månaden etter behandling, var eg heilt hårlaus. Einaste augnevipper og bryn beholdt eg- heldigvis! 🙂 Det var faktisk ganske så fint å sleppe det med barbering av legger og diverse no på sommarstid.

 

 

Og hårvask har aldri vert så enkelt som no i det siste! Har spart nokre kroner på sjampo og balsam ja! Haha. “Kva merke bruker du i sjampoo og balsam?” Nei.. dei fleste ville vel svart Define, Wella, Redken eller Elvital Loreal.. eg derimot- bruker FAST! 

 

 

Haha måtte le litt no.. men ja, litt desperat har eg nok vert i å få hårveksten på hovudet tilbake!! Fast-produktene blei kjøpt rett etter behandling, og brukt kvar dag fram til no 4 mnd etter. Utrulig nok er ingen av flaskene tomme endå.. Kanskje ikkje så rart sidan eg så vidt har hatt hårstrå å gni det inn i :p 

 

 

Etter ca 1 mnd post (28.juni) , barberte eg heile hovudet igjen. Dette var fordi det var ein god blanding av dun og stål-aktige hårstrå.. kjentes ikkje heilt godt ut! Så har eg lest at jo fleire gonger man klypper det, jo friskare og jevnare veks det ut. 

Men fleire gonger vil eg ikkje barbera det. No skal det få vekse seg langt igjen, sjølv om det vil ta si tid.. 

 

 

Etter ca 2 mnd post, begynte det å komme seg litt. Eg syns hvertfall håret var kjempelangt på denne tida!! Haha, der høyrer dåke kor landet låg.. Kvar gong etter eg hadde dusja med vidunder-kuren min “FAST” på kveldstid, var eg alltid like begeistra når eg viste meg for Marius etterpå: “Sjå no då!! Sant det er vokst meir no?! Lengre idag enn igår vell?” Stakkars Marius var berre snill og jatta med.. “Jaja, kjempelangt no!”

*Ler* Godt ein kan ha litt humor no i etterkant.. Sjølv om det er både ubehagelig, sårt og rart å sjå tilbake på bilder av meg utan hår.. Plutselig blei eg liksom sjåande dødssjuk ut og alt fekk brått meir alvor..  

 

 

No etter 3-4 mnd har håret endelig begynt å vokse i normalfart! Uheldigvis må eg no gå tilbake til å barbere leggane igjen, bruke peng på hårprodukt og tørke håret med eit heilt håndkle istadenfor berre ein liten handduk.. hehe, neida! Det er altså berre velstand no! 

 

 

Hvis de ser på bildet av meg under her, etter 4 mnd, så stod håret til alle kantar. Veks rett ut og rett opp. Og fargen var mykje lysare enn eg er van med. Noko drastisk måtte gjerast.

 

 

I håp om å våge å kaste parykkane etterkvart- gjekk eg til frisøren for å få ein heilt ny frisyre. Fantastisk, 1 cm hår og eg går til frisør.. Aldri sett så lite hår rundt meg etter eg var ferdigklypt i frisørstolen..

 

 

Bildene over, som eg hadde med meg, av korleis eg hadde tenkt meg at håret skulle sjå ut- vart tatt godt imot hos frisøren: “Får eg lov til det der?” Kjør på, svarte eg ;D Man lev berre ein gong! Har alltid hatt lyst å stripe håret blondt- men aldri fått det skikkelig til, sidan eg har farga det mørkt sjølv så lenge eg kan hugsa.. 

 

 

No hadde eg heilt “ferskt” friskt hår, så no var absolutt sjansen min her til å kunna prøva å få blondt hår. Heilt blondine våga eg ikkje. Så eg tok mørk på sidene og rundt, og lyst på midten oppe. Wæææ så skummelt! Det blei jo heilt lyst med ein gang! Skremmande, men samtidig heilt vilt gøy å prøva! :p

No 2 veker etterpå er det begynt å komma mørk ettervekst nede i hodebunnen på det blonde- partiet. Det hjalp litt! 

 

 

Eg har endå ikkje vågd meg ut blandt folk med den nye frisyren. Einaste er at eg har bevegd meg utanforbi huset avogtil utan verken parykk, hua eller caps. Men trur det er eit langt stykke igjen før eg klarar å gå slik på butikken eller andre offentlege plassar endå. Kul frisyre- så absolutt! Men berre SÅÅÅÅ uvant på meg! Føle meg ikkje heilt meg sjølv, dermed klarer eg ikkje å slappe heilt av med dette endå. Men har fått gode tilbakemeldingar frå både Marius og familien <3 Så det hjelp jo sjølvsagt på 🙂

 

 

Det er eit stort steg for meg å dele dette med dåke alle, sjølv om det berre er hår. Det er ganske så personleg faktisk. Men dette vil forhåpentligvis gjer det lettare for meg å kunna visa “My true self” framover. Samtidig vil eg også fortsetta med å kunna vera ei støtta for andre i same eller lignande situasjonar. Dåke er ikkje aleina! Saman er me sterke som fy! Ingenting kan knekka oss 😀 

No er eg heilt vilt spent på dåkas reaksjonar!?

 

 

Ta vare på kvarandre <3 

 

Dagens visdomsord!

Aldri gi opp! ❤ Du klare meir enn du ane 👍 Tru meg! Positivitet og hÃ¥p- er nøkkelen 😊
God helg alle!😊

 

ALDRI gi opp! ❤ Du klarer meir enn du aner! Tru meg 🙂 

Positivitet, eit håndfast grep om at ting ein dag vil bli betre, stort pågangsmot, viljestyrke og håp – er nøkkelen i all motgang her i livet 🙂 

På tirsdag var eg på Haukeland hos overlege Lars Bø. Får rett og slett meir og meir respekt for denne mannen! Han minna meg litt om legen i Russland- denne gongen faktisk. Tok seg GOD tid til å snakke med meg om laust og fast. Spurte korleis eg hadde det sånn heilt eigentleg, korleis eg opplevde å stå fram med noko så personleg i media ( han var jo også nemnd i saka mi i BT) og korleis formen var no iforhold til før behandlinga. 

Han var storfornøyd med progresjonen min. At eg no var i stand til å kunne studere, var jo heilt utenkeleg for nokre månader sidan då hjernetåka herja som verst. Og berre det at eg trente 1-2 timar kvar dag- syns han var utruleg bra!

Plagene mine er jo så og sei vekke, utanom synet på høgre auga som kanskje har forverra seg litt. Denne plagen såg han på som noko eg no måtte leva med. Det tenkte eg meg jo eigentleg. Men det er jo sjølvsagt litt nederlag og trist å måtte godta å allereie ha svekka/tåkete syn i ein alder av 26. På ei annen side- det kunne ha vært så mykje verre! Så det arret/skaden skal eg heller sjå på som eit kampsår. Det er noko som stadig kjem til å minne meg på kva eg har vært gjennom og kor viktig det er å stå på vidare i kampen. 

 

Eg bad han også om å ta ein ny EDSS- test på meg. Dette er ein test kor ein måler blant anna refleksar, reaksjonsevne, balanse, koordineringsevne og styrke i kroppen. For berre nokre månader sidan, før behandlinga, låg eg på 2-2,5 på denne skalaen. 

Mitt nye resultat var no: 1- 1,5 !! 🙂 Allereie stor betring der også! Eg spurte han rett ut om eg nokon gong kunne klare å komme meg ned på 0. Men dette svarte han heilt ærleg på, at nei det kom eg nok aldri til å klare. Med tanke på at skaden på synet alltid kjem til å vera der. JAJA! 1-1,5 er slettens ikkje gale! Så det skal eg absolutt klara å leva med 🙂 

Ynskjer alle saman ei fantastisk fin helg- tross dårleg vér ❤ Ta vare på kvarandre!

Og stay tuned- det kjem eit nytt innlegg med bilder av “mitt sanne eg/hår” rett over helga 😀 Eg er såå spent på reaksjonen til folk! Wææ!

4 mnd post!

Tenk, idag er det heile 4 mnd sidan eg fekk mine “nye” stamceller tilbakeført i kroppen. Det heile føles heilt uverkeleg når eg ser tilbake på det no. Det er som ein fjern drøm, alt eg har vert gjennom. Det er vanskeleg å beskrive følelsen som grip meg når eg tenkjer tilbake på denne tida eg låg på sjukehuset i Russland.

 

 

Ein blanda følelse av lettelse, kjærlighet, redsel, frykt og takknemlighet. Ein opplevelse eg aldri ville ha vært foruten. For det er når du står og tippar på enden av stupet at du forstår kor sårbart livet er, kor utruleg mange som bryr seg og dermed kor heldig og blessed man allikevel er (tross tøff motstand).

Det var faktisk ikkje før då eg verkeleg klarte å sjå klart og setje pris på alt eg tidlegare tok forgitt. Misforstå meg rett, eg er ikkje glad for at eg har fått ein kronisk sjukdom. Men eg er glad og takknemlig for lærdommen den har gitt meg. Eg har kome styrka ut av det heile! Ein veks absolutt på motstand og erfaring! 

 

 

Formen er fortsatt svært god! Dag og natt , samanlikna med tilstanden før behandlinga! Litt småplukk av symptom i ny og ne har eg jo fortsatt. Men veldig lite i forhold til korleis det var. Og best av alt- hjernetåka har flytta ut 🙂

Eg føler meg ENDELEG som meg sjølv igjen, både i kropp og sinn. Og det er blant anna takka vera all støtte og hjelp frå dåke rundt meg! 

 

 

Trening er fortsatt ein stor del av min kvardag. Den gjer at eg føler meg mykje betre, kvikkare og friskare – men gir meg også ein deilig følelse av at eg verkeleg kan klare det eg vil! 

 

 

Denne veka skal eg til nevrologen min igjen, for fyrste gong etter behandling. Så det blir spennande å høyra kva han tenkjer om resultata mine så langt. Han som stempla meg som “for frisk” til å delta i studiet her i Norge, og oppmoda meg om ikkje å reisa til Russland. 

Eg skal oppdatere dåke i slutten av denne veka om korleis møtet med nevrologen min gjekk. Og som eg lovde dåke tidlegare, så kjem bilete av korleis håret mitt har vokst fram til no og korleis eg eigentleg ser ut utan parykk, den dag idag.

 

 

Elles har eg vert i tankeboksen lenge no, i forhold til kva eg skal ta meg til i tida fram mot arbeidslivet igjen. Eg har jo fått streng beskjed om å halde meg vekke frå arbeidet i barnehagen fram til etter nyttår. Då immunforsvaret mitt framleis er utsatt for smitte og bakteriar. Samtidig føler eg meg såpass frisk og rask no, at eg syns det er dumt å berre gå heime på “vent” og ikkje gjere noko fornuftig- anna enn trening.

Eit halvt år å gå heime, utan å gjere noko, er LENGE! Og eg er ganske så lei av å stadig gå til legen for å få ny sjukemelding når eg eigentleg føler meg nokså frisk. Så etter mykje om og men, bestemte eg meg i slutten av august for å byrja å studera igjen! Kunnskapsheving er jo aldri bortkasta. Og litt fagleg påfyll treng ein alltid. 

 

 

 

“Studera kva då?”- tenkjer dåke sikkert no. For meg var det inga tvil. Eg veit at arbeidet med barn er noko eg alltid kjem til å brenna for. Så det er sjølvsagt innanfor samme sjanger som tidlegare. Men denne gang tek eg fordjupning i barn med spesielle behov, som treng litt ekstra tilrettelegging.

Alle i barnehagen skal på lik linje bli inkludert, anerkjent, sett og høyrt – uannsett utgangspunkt! Dette er noko eg alltid kjem til å kjempa for og ikkje minst sørga for i mitt arbeid med barn. Så no i september allereie, starta eg opp med studiet! Eit nettbasert studie over 2 år. Så eg tenkjer at eg garantert no på desse to åra, skal bli heilt klar både psykisk og fysisk, til å kome 100% tilbake i arbeidslivet igjen. Og samstundes også kome fagleg sterkare tilbake! Håpet mitt er å ein dag kunne arbeide som spesialpedagog/støttepedagog.

 

 

 

“Kva med jobben min då?”- tenkjer sikkert mange. Og tru meg. Dette var verkeleg valgets kvale. Eg hadde sååå mange rundar med meg sjølv, før eg tok dette valget. Eg stortrivdes jo i Dåfjorden barnehage. Og eg ville verkeleg ikkje svikta nokon, for planen var jo å koma tilbake til barnehagen i januar. Den flotte arbeidsplassen, mine fantastiske kollega, foreldre og barn. Eg hadde sååå vondt av dei alle og samvittigheten min tærte skikkeleg på.

Men eg fann ut at no må eg berre tenkje på kva som er best for meg i situasjonen slik den er blitt. Nett no føler eg meg så bra og frisk, at eg veit med meg sjølv at eg klarar så mykje meir enn å berre gå heime på vent. Eg hadde også berre eit vikariat i Dåfjorden, ut juli i år. Dermed vart det heller inga oppseiing. Eg sa berre ikkje ja til videre arbeid, no i fyrste omgong. Men, kven veit kor eg dukker opp om to år?

 

 

 

Fokuset mitt ligg no fyrst og fremst på best mogleg “recovery” i form av trening, fagleg påfyll og ro. Denne type utdanning vil jo både styrke MEG fagleg samtidig som den også forhåpentligvis vil kunne styrke arbeidsplassen min i framtida. Noko som vil vera vinn-vinn.

For ikkje å få tilbakefall av sjukdommen no, så skal eg også unngå stress. Målet mitt er jo å kome tilbake i 100% stilling, snarast mogleg. Og som spesialpedagog jobber ein i mindre barnegrupper- noko som kan gi ein litt rolegare kvardag med nettopp – mindre stress. Krevandes ja, men utruleg givandes arbeid!

 

 

 

MEN, ungane i barnehagen blir ikkje så lett kvitt meg. Så til alle dåke foreldre fra barnehagen som les bloggen min- viderebring gjerne denne beskjeden til dåkas skjønne små: Så snart eg får klarsignal frå legen om at det er trygt å besøke barnehagen igjen, er eg den fyrste som kjem å bankar på døra i Dåfjorden barnehage og skal klemma dei flate som pannekaker <3 Me skal halde kontakten! 

 

 

Ta vare på kvarandre <3