Resultatet hos frisøren!

Eg lova dåke å oppdatere korleis resultatet hos frisøren vart. Så her kjem det! Vart veldig fornøyd, så kan absolutt anbefale flinke Miriam, hos “Tone Frisør”.

Eg har alltid syns at “sidecut” har vert kult, så då Marius allikevel skulle barbere heile skallen min i Russland- prøvde me ut akkurat dette. Det vart eit litt i overkant høgt hårfeste og altfor vågalt etter mi meining. Men absolutt morosamt å ha prøvd 😀

Det eg derimot såg for meg i forkant av denne frisørtimen, var noko slikt:

Og her var utgangspunktet mitt før frisørtimen:

Det fyrste som blei gjort var å barbere håret litt på eine sida:

Deretter farga eg sidene mørkebrunt og bleika toppen lys!

Etter eit par rundar med farge og vask, vart resultatet slik:

Det var heilt magisk å få stritta håret skikkeleg også 😀 Får heilt fnatt av dette krøllhåret mitt som helst vil stå rett opp og til alle kantar :p

Og her, fargen- før og etter:

Ellers har eg denne veka hatt ein liten “mini-vinterferie” på Voss hos søster mi og tantebarn <3

Det var kjempekos! 😀

Dex var ganske så fornøgd med vindusplassen sin på toget også! Skjønnasen min <3

Ta vare på kvarandre <3 Og god helg!

Fleire oppturar og mykje å sjå fram til!

Ny oppdatering!

For eit år sidan på denne tida, var me på Rikshospitalet i Oslo for å fryse ned egg. Tida går så fort! Ein veldig spesiell opplevelse, men eg er SÅ glad for at eg har denne tryggheten i ein slik “backup” i frysaren i Oslo. Men heldigvis ser alt normalt ut for min del no, når det gjeld akkurat dette. Så eg kryssar fingrane for at me skal klare det på naturleg vis ein vakker dag. 

Formen er fortsatt veldig fin og eg kjenner så og sei ikkje til eit einaste MS-symptom lenger(!!), med mindre eg overanstrenger meg, er sjuk eller veldig sliten då.. Så eg tenker og ser meg sjølv som frisk no. Dette vil eg jo få ein peikepinn på når eg no snart reiser til Moskva igjen, i begynnelsen av april, for å ta 1-års MR! Visum er allereie i boks og eg gledar meg ihel til å møte folka på sjukehuset igjen <3 Det blir nok ein sterk opplevelse å reisa ned igjen- men, på ein god måte!

Ellers går også studiet veldig bra. Den siste oppgåva no vart litt større enn vanleg:p Me er nemleg nokre svært ivrige i gruppa som aldri får skrive nok- eller syns det er vanskeleg å skrive lite om store og viktige tema. Så denne gangen var me fleire som BAD om å få skriva ei lengre oppgåve :p Haha.. 15 sider blei det! Blir spennande å sjå korleis dei vurderer denne, om dei no då er strengare med karakteren eller ikkje! 

Fekk meg også ein gledelig nyhet for ei stund sida, om at herligaste Elise og Jonas skal flytte heim igjen til Fitjar. Det ser eg SÅ fram til!! 😀 Er så kjekt å ha ting å kunna sjå fram til. Det hjelper alltid! 

Eg har også hatt og vert på ein god del besøk i det siste 🙂  Mi fantastiske Malene tok med seg skjønnaste guten sin på eit kjempekoseleg besøk til meg ein dag <3 Han smelta hjerta mitt heilt! Så skjønn! Så ja, eg har meldt meg som badnavakt katid som helst for denna prinsen <3 

Så var eg på besøk hos finaste Maria på bømlo ein dag, der me nøyt formiddagen med minstajento hennas før me henta den herliga eldstajento i barnehagen <3 SÅ koselig! Dei forsinka julapakkane falt også heldigvis i smak 😀

Eg har også vert på besøk i gamlebarnehagen Espira Garhaug og på cafedate med beste Kari Anne (mi gamle kollega)! 

Var så kjekt å sjå at ungane hugsa meg endå! <3 Eit av barna hadde fri denne dagen eg var der på besøk, så frå både henne og Kari Anne fekk eg pakke i posten i etterkant, faktisk på sjølvaste valentinsdagen. Her hadde barnet teikna og skrevet unnskyld for at ho ikkje var der den dagen og spurte om eg kunne komma igjen før dei startar på skulen. Heilt herleg. Hjerta mitt smelte <3 

 

Og Kari Anne er berre heilt utruleg flink til å ta vare på folk rundt seg! <3 Det fine kortet og mitt favorittsnop <3 Eg er så heldig! Så eg har no lova eit nytt besøk før sommaren, sidan dette eine barnet var vekke den dagen. Eg ser også veldig fram til å besøke barna i Dåfjorden barnehage igjen snart <3 Det blir så gøy!

Forrige veke vart eg også ambassadør for klesmerket “I can I will” som eg er SÅ kry over! Litt av ein opptur! Dette var verkeleg ein logo som også har vært mitt “livsmotto” siste tida. Både før eg var sjuk, når eg blei sjuk, gjennom behandlinga og no i etterkant- har treninga vert min terapi og einaste medisin. Trening er både min lidenskap og hobby for tida! “I can I will” for meg er å aldri gi opp uannsett kor sterk stormen rundt deg bles og ha trua på at du klarar det du vil og verkeleg går inn for! Så eg er no ein stolt ambassadør for kle fra ICANIWILL!

  

Tenk at kun 9 mnd etter stamcelletransplantasjon og cellegift er eg tilbake i mitt ess på treningssenteret, kvar dag, og eit såpass stort og seriøst klesmerke har lyst å samarbeida med meg. Eg blir nesten litt rørt og er SÅ takknemlig! Alt er mogleg folkens- berre stå på! 

Alle mine lesarar kan også få 15 % rabatt ved kjøp fra https://www.icaniwill.no/ med koden “KARINAH15” 🙂

Håret mitt er heldigvis blitt litt lengre sidan sist :p Men det går treigt!

No skal eg faktisk til frisøren på mandag, så då blir det jo spennande å sjå kva eg finn på. Eg skal jo spare til langt igjen- men litt frisyre må ein jo ha på vegen dertil, spør du meg 😉 Stay tuned, så skal eg oppdatere dåke med resultatet 😀 

Ta vare på kvarandre <3