Ei veke til avreise- Moscow here I come!

Fyttikatta som tida flyr! Skal ikkje tilbake før i april 2019, var det ei som tenkte for vel et år sidan.. Kor blei dei månadane av? No er det snart gått eit heilt år sidan eg tok behandlinga! Nærmar meg 11 mnd post! Heilt vilt å tenkja på..

Kva har skjedd og korleis er formen, lurar dåke kanskje på.. Det har jo faktisk gått heile to mnd sidan forrige innlegg ser eg no- beklagar dette! Men det har nemleg ikkje vært så mykje “nytt” å koma med. Studiet mitt går strålande! Så langt har eg fått tre A-ar og fire B-ar på oppgavene mine så langt, men no har skulen bestemt seg for å  gå over til “godkjent/ikkje godkjent”- så det var jo litt kjedelig då. Menmen, skal klare det også! 🙂

Formen har vært stort sett bra, men med litt “smårusk” innimellom. Eg trur nok dette smårusket har mykje å gjere med stresset angåande denne 1års-MRen som er i vente rett rundt hjørna no. Stress er ikkje bra og stress verkar inn på kroppen entan eg vil innrømma det eller ei. Og eg skal ærleg innrømma at denne 1-årskontrollen gjer meg vanvittig stressa. Eg prøver å tenkja positivt, men magen vrir seg innvendig når eg tenkjer på å få resultatet og om nettene drøymer eg både om ynskje-beskjeden og mareritts-beskjeden. Men det positive er at det skal bli heeeilt fantastisk å sjå både Dr.Fedorenko, Anastasia og alle dei andre igjen <3 Dei har alle fått ein såå stor plass i hjerta mitt- så det blir nok veldig sterkt og rørandes å møta dei igjen. Har lenge tenkt på kva eg kan sei til Fedorenko, korleis eg kan få takka han nok for alt han har gitt meg, korleis eg kan forklara han godt nok kor vanvittig stor forskjell det er på livet mitt den dag i dag iforhold til for et år sidan og korleis eg kan uttrykka min takknemlighet godt nok med min elendige engelskuttale.

Og kor mykje treng eg eigentleg å pakka med meg for bare ei weekend i Russland? Pass, visum, invitasjonen for å komma inn på sjukehuset og det aller viktigaste av kle er pakka og klart 🙂

Har også med to hodeplagg som eg skal selja til ei annan norsk som er til behandling der no. No når eg pakka og leita fram diverse denne gangen, fant eg også ein kopi av den aller fyrste og avgjerande mailen eg sendte til sjukehuset i Russland, då eg hadde bestemt meg for behandlinga.

Fysøren kor mange symptom og plager eg hadde på denne tida. Og no når eg fekk mail om å rangere mine plager 1 år etter behandling såg rangeringa slik ut:

0 på dei aller fleste symptomene, som før behandling låg ein stad mellom 1-3. Heilt rått <3

Har også holdt på med albummet mitt no den siste tida, og det fell stadig tårer når eg held på og ser tilbake på denne epoken. Men dog- gledestårer. Fedorenko gav meg livet mitt tilbake, ein second sjanse til å forbli så frisk som mogleg.

 

Får eg no ynskje-beskjeden min om at ingen nye flekkar er dukka opp og sjukdommen dermed er stoppa opp vil eg bli SÅ overlykkeleg! Har ikkje ord. Får eg derimot beskjeden om at sjukdommen er tilbake, veit eg ikkje kva eg gjer eller seier, anna enn at eg kjem til å bli vanvittig knust. Og vil eg då våga å gi det eit siste forsøk med ein ny runde? Vil eg verkeleg kunna klara det? Mange tankar som surrar, høyrer dåke.. Me er heldigvis tre som reiser ilag. Eg, mi stamcellesøster Ingrid Thoresen og Øyvind Fjotland. Alle tok me behandlinga ca på same tid. Mitt største ønske og håp nett no er at me alle tre – får dei resultata me ynskjer! Og får bekrefta at me framleis er MS-frie! Det blir så dumt om ein av oss får dårlege nyheter.. Men me får kryssa fingrane og ha trua <3

Siste vekene har eg også pådratt meg fleire virus-infeksjonar. Fyrst fekk eg eit liknande utslett som eg hadde ved forrige virusinfeksjon- men heldigvis ein god del mindre og ikkje like kløande. Og når eg fyrst får ein ting så kjem det sjeldan aleine. Så fekk eg plutseleg særdeles høg feber i nokre dagar (39,5) , før det gjekk over til vanleg influensa med hoste og forkjølelse. Har no difor gått ei heil veke utan trening, og det kjennes på både psyken og formen. Men siste vekene har eg også hatt usedvanleg vondt i korsryggen og halebeinet. Og då slår automatisk bekymrings-alarmen min seg på. Er det vanleg influensa-symptom? Kan det være ein strekk etter treninga? Er det berre vanleg muskel-og leddsmerter ved influensa? Eller er det gamle MS-symptom som er tilbake- smerter slik som før? Wææ, eller er det eit nytt attakk?! Skal eg ringa MS-sjukepleier slik som i gamledagar når det dukka opp nye ting? Nei, for eg er jo frisk no- eg er jo MS-fri! Er eg ikkje? Er jo til å bli sprø av å tenkja slikt, men eg kan ikkje noko for det. No rett før MR og alt.. Vil dei kunna sjå noko nytt i ryggmargen min? Blæh, nei eg må slutta tenkja så mykje! Positiv mind er det som gjeld alltid, men spesielt no!! <3

Nei for å få tankane over på noko anna, har eg no handla inn eit litt sunnare alternativ til snacks/chips om kveldane, for å kunna kosa meg litt ekstra med god samvittighet- fram til eg reiser 😀 Protein-chips! Spent på om det kan smake like godt som ostepopp :p

Neste onsdag reiser eg altså til Flesland der eg tar inn på hotell ei natt, før avreise til Oslo og deretter Moskva blir torsdags morgon 😀 På flyplassen blir me henta av Alexey, ein herleg guide/taxisjåfør som me blei kjent med forrige gang 🙂 Me skal bu på Vega hotell fra torsdag til søndag. Dette var det same luksushotellet som pappa budde på under heile opphaldet mitt, knallfint der! Og eg er fyrste mann i køen på MR, fredagen kl 2! Wææ! Resultatene får me entan same dag eller på lørdagen! Heilt utruleg kva den legen får til! Altså ja, det kostar litt ekstra å ta MRen i Russland iforhold til Norge (der eg kunne fått det gratis). MEN, i Russland har dei ein annan og betre type MR-maskin enn i Norge + man får i Russland svar og samtale same helg med sjølvaste legen og ikkje som i Norge- svar tre veker etterpå i brevform, utan samtale med legen + Dr.Fedorenko & Pirogov sjukehus = enkelt valg.

No i helga hadde me eigentleg planar om å reise til Vågslid på hyttetur saman med familien til Marius, men eg har jo uheldigvis klart å smitta han også.. Så me får berre sjå formen an på oss begge! Men satsar på at me skal være i form til det, det hadde vært så kjekt 🙂 Idag hadde eg også mi fyrste treningsøkt igjen etter sjukdom, så det var jo ein seier i seg sjølv! Skal sei immunforsvaret mitt får testa seg ja :p Men det er vel eigentleg berre bra!

Ta vare på kvarandre, folkens <3