Nok eit mirakel!

Tenkte det var på sin plass med ei lita oppdatering. Ser det er altfor lenge sidan sist. 

Det er no over 2 år sidan me vart foreldre for fyrste gong til verdens herlegaste jente, Otilie. Ho lysar framleis opp kvardagen vår med sitt vesle-vaksne, bestemte og blide vesen. Me tek oss ofte i å tenkje på tida før me fekk henne som ei “kjedeleg” tid utan like mykje meining og glede – som no.

Me var tidleg inne på tanken om å få søsken til henne- noko som viste seg å ikkje vera så enkelt. Dette er desverre blitt ganske “tabu” og vondt for folk å snakke om, men eg syns det er viktig å få fram at det sikkert skjer oftare enn me trur. Kanskje det kan vera ei trøyst/støtte for andre som har opplevd det same, å vita at ein ikkje er aleine. Me hadde heldigvis ikkje problem med å bli gravide- utfordringa vart heller å halde på fosteret, som gang på gang resulterte i spontanabortar. Årsaka veit me ingenting om. Etter 4 vonde tap begynte eg sakte men sikkert å miste håpet. Gleden over å bli gravid vart bytta ut med ei konstant frykt for å miste igjen. Eg gjekk berre å venta på at marerittet skulle skje igjen. Men me gav ikkje opp. Og heldigvis for det! 

Eg vart gravid igjen og beskjeden på fyrste ultralyd var heilt surrealistisk. “Oi, her er det to!” Fyrst forstod eg ikkje kva ho meinte. Så såg eg bort på skjermen- to svarte fostersekkar. To små hjerter som slo. Det var verkeleg ikkje ein draum- me venta tvillingar! <3 Får frysningar berre av å skrive dette og tenkje tilbake på det augneblikket der. Eg har alltid sagt at eg har ønskt meg tvillingar, for det ser så kjekt ut for dei to å alltid ha kvarandre. Men då det plutseleg vart eit faktum, kjente eg at panikken tok meg litt. Korleis skulle me klare dette? Ikkje har me tvillingar i nærmaste familie heller, så denne tanken hadde rett og slett aldri slått oss. Desverre var Marius på jobb denne dagen, så skjelven som eg var ringde eg han etter undersøkelsen og fortalte nyheten. Ein skrekkblanda fryd. Eit sjokk utan like. Men samtidig ein ubeskriveleg glede og eit stort håp om at denne gangen skulle og berre måtte det gå bra.

Tida fram mot fødsel prøvde me alt me kunne å gi all vår oppmerksomhet og fokus på Otilie og ha så mykje kvalitetstid med henne som overhodet mogleg.

Samtidig var det tungt å gå gravid med to, slik at me var ganske avhengig av hjelp til avlastning innimellom- for å få litt kvile. Ho var tidleg oppteken av babydukker. Men då ho mor vart gravid med tvillingar, skulle ho plutseleg ha med seg opptil fleire dukker på ein gang- både i senga, på tur, når ho såg på barnetv og overalt.

Me prøvde å forberede ho på det å få småsøsken, både ved å snakke mykje om det men også å lese bøker om det å bli storesøster. Det verka som ho gleda seg, utan at ho heilt forstod kva som var i vente. Ei flink og omsorgsfull storesøster kom ho uannsett til å bli, det var me aldri i tvil om.

Eg må berre få ta med ein episode i desember i fjor, som var noko av det verste eg har opplevd. Det å skrive her har jo alltid vært ein slags terapi-måte for meg å kunne bearbeide tankar og følelsar ved å kunne setje ord på ting. Det seies at stress og traumatiske opplevelsar gir ein auka risiko for spontanaborter og 5 månader på veg skjedde det noko som kunne ha trigga nettopp dette (men som heldigvis gjekk bra). Det var rundt juletider og rampenissen hadde laga koseleg nissesamling på kjøkkenet då Otilie vakna. Ho var i ekstase, hoppa og dansa- og formen var på topp! Etter ei koseleg morgenstund sendte eg ho i barnehagen.

Etter eit par timar får eg telefon om at ho hadde feber og måtte hentast. 38, 7 i feber. Då me kom heim sa ho at ho var trøytt og ville sove. Ho hadde ikkje kvilt endå denne dagen, så eg tok ho med inn på soverommet der det er kaldt og godt og gav henne ei flaske med kald drikke. Me låg inntil kvarandre og koste. Plutseleg når ho ligg der og drikk av flaska, dett flaska ned og Otilie stirrar opp i taket. Eg prøvde å snakke til henne, utan respons. Blikket var berre rett opp. Eg var aleine heime og frykten tok meg. Eg løfta henne opp, rista fortvila i ho og ropte på henne. Tårene pressa seg på. Kva var det som var i ferd med å skje!? Otilie vart blå i ansiktet og kroppen begynte å skjelve. Eg sprang febrilsk rundt i huset for å finne telefonen. Det var då eg ringde 113. Utruleg flinke, rolege og behagelege folk! Imotsetning til meg i andre enden av røyret. Full panikk. Eg tok henne med ut på trappa og la henne ned der for å beskrive alt eg såg-slik dei bad meg om. Sakte men sikkert kom det litt gurgle-lydar frå henne og ho vart meir og meir tilstede i blikket. Kor lang tid dette pågjekk veit eg heilt ærleg ikkje, sikkert berre eit par minutt- men det føltes som timar og eg kjende meg heilt hjelpeslaus. Ikkje nok med det, så hadde døra stått open og eg hadde heilt gløymt å tenkje på lille Dex som hadde benytta seg av sjansen til å ta seg ein spasertur på eigenhand. Heldigvis tok mamma og pappa seg av Dex og fann han i god behald nedforbi huset vårt- medan eg og Otilie for full fart på legekontoret og møtte ambulansen der. Ein traumatisk opplevelse som eg ikkje unnar nokon. Feberkrampe. Høyres så uskyldig ut men er frykteleg ekkelt når det står på. Eg burde jo ha gitt henne paracet med ein gong me kom heim, så dette har eg desverre klandra meg sjølv for i ettertid. Det var jo logisk at det var feberkrampe når eg tenkjer på det i etterkant, men der og då tok berre panikken meg heilt, eg skjønte ikkje kva som skjedde- og eg følte eg skulle miste det kjæraste eg har. Så med det så vil eg berre fram til at det å bli forelder er HEILT FANTASTISK på så mange måtar, samstundes som det er eit vanvittig ansvar og gir ein konstant frykt og angst for at noko vondt som dette skal skje våre kjære små. Heldigvis gjekk det bra med både Otilie, Dex og nurka i magen.

 Ellers var førjulstida ei kjempekoseleg tid, med daglege humoristiske besøk av rampenissen.

Me feira jul på hytta til svigers. Og til jul måtte ho jo sjølvsagt få seg eigne tvilling-babydukker. Ein gut og ei jente. Dette var stor stas. Stas var det også å få besøk av julenissen for fyrste gong. Me var svært spent på korleis dette møtet kom til å gå og om Otilie kom til å ta skrekken av det. Men neida, nissen kom å helste på under middagen og Otilie snudde seg så fint mot nissen og sa “eg ete” i det han kom bort og ville gi henne julegåve. Den gode julepølsa var altså hovudfokuset hennar. 

Og tenk kor tida flyr! Otilie har også fylt heile 2 år sidan sist! Her er nokre bilete frå dagen hennar då ho fekk ballbasseng som ho hadde ynskja seg. Me tek oss ofte i å “gløyme” kor liten du faktisk er, då du har eit språk utan like og ein forståelse som er heilt unik. Heldigvis har dette ført til at du tidleg har kunna setja ord på følelsar og tankar- samstundes som me kan forklare deg ting som du betre kan forstå. Dette har vært ein STOR fordel i overgangen frå å vera aleinebarn til å få ikkje berre eit men TO nye søsken på same tid. Du gode, hjelpsomme, herlege, skjønnaste, sta`aste, fornuftigaste og blidaste Otilie vår- du gjer oss så ufatteleg stolt! 

Når det gjeld min lille baby Dex, så har han fylt heile 9 år i år! Dette måtte sjølvsagt feirast med både bursdagssang frå Otilie og heimalaga hunde-kake. Men me har desverre måtta sendt Dex vekk på ferie til besteforeldra, då det vart for mykje den siste tida av svangersskapet. Heldigvis har me gode besteforeldre rundt oss som alltid er på tilbudsida for å kunne trø til og hjelpe oss <3 Så Dex bur framleis hos foreldra mine, då det er relativt hektiske dagar her i heimen. Men eg trur faktisk han har det betre der nett no, enn han hadde hatt det heime. Daglege turar, meir oppmerksomhet og meir ro rundt seg. Men savnet er stort! Og eg håpar me kan få han heim igjen når ting har roa seg litt. 

Så var den store dagen plutseleg her! Me skulle reise på sjukehuset å få ut tvillingane og Otilie skulle til besteforeldra. Avskjeden med Otilie denne dagen var mykje verre enn eg hadde forventa det kom til å bli. Eg skuldar litt på at ein er ekstra hormonell som gravid men.. Ein følelse av at eit kapittel i livet med kun henne- var over, ein følelse av at neste gong me såg henne skulle ho måtte “sloss” om oppmerksomheten vår med to andre og ein angst for korleis ho kom til å takle dette. Det er i slike augneblikk ein verkeleg ser kva ein betyr for kvarandre. Ungane våre blir vårt ALT <3

Eit kapittel var verkeleg over, men samtidig opna det seg eit heilt nytt og fantastisk. To perfekte små vesen kom til verden den 21.mars. Me var så stolte at me nesten sprakk. Milian kom fyrst ut og var ein del større enn “lillesøster”. Eit minutt etterpå kom Marie til verden og vegde 700 g mindre.  Eg sa det sist, men eg seier det igjen- den følelsen når ein for fyrste gong høyrer skrika til sine ferske små verdensborgerar er berre heilt ubeskriveleg. Gledestårer rann som berre det. No var livet berre HEILT komplett! <3 Plutseleg vart me ein familie på 5. Kven hadde trudd!? For 4 år sidan frøys eg ned egg i frykt om at eg ikkje kunne få barn etter stamcelletransplantasjonen. Her sit me den dag idag, utan å ha brukt nokre av dei nedfryste egga- med 3 perfekte små barn. Heldigvis har Marius vert lenge heime no etter fødselen for å hjelpe til. Og eg berre seier det- Milian, Marie og Otilie er utruleg heldige som har fått ein så god far som du. Og storesøster Otilie har teke den nye kvardagen utruleg fint! Ho er verdens beste storesøster som alltid hjelper til og berre vil dei små godt <3 Eg er altså berre så heldig!

Når det gjeld MS`en så var det eit skikkeleg dilemma om ein skulle ta koronavaksina eller ei. Dr.Fedorenko fraråda meg å ta den, medan dei her i Norge anbefalte alle gravide å ta den. Sjølv ynskja eg å ta den for ungane sin del- sidan dei kunne få beskyttelse allereie frå fødsel av. Men samstundes var det svært ubehageleg å setje den, når ein føler at ein spelar russisk rulett i forhold til å gjere sjukdommen aktiv igjen. Sjølv om eg har kjent på gamle symptom etter at tvillingane kom, viste siste MR at det var heilt uendra og stabile forhold i hjernen min. Det er nok kun stress og mangel på søvn som gjer at eg innimellom blir minna på sjukdommen. Og at det er travelt og lite søvn med tvillingar og ein toåring- det er det ikkje til å leggja skjul på. Men tru meg, det er SÅ verdt det.  

Mykje stress, lite søvn og hektiske dagar- men ein klarar det ein vil! Det er heller dobbel glede og dobbel kjærleik!

Mine tre skattar gir meg daglege dosar med både glede og kjærligheit – som eg aldri ville ha vert foruten! Ord kan rett og slett ikkje beskriva; kor takknemlege og heldige me faktisk er. 

Så med det vil eg avslutte med å sei: Aldri gi opp! Alt er mogleg!

Og viktigast av alt- ta vare på kvarandre <3