2019 kunne ikkje blitt betre! <3

No er det lenge sidan eg har oppdatert bloggen. Mykje på grunn av at det går så fint for tida og det er lite nytt på “sjuke-fronten”. MEN! Eg har allikevel mykje kjekt å fortelje 😀 

* TROMMEVIRVEL* 

Eg har nemleg fått meg nytt vikariat frå hausten av 🙂 Då startar eg i 50 % stilling hos Bakken barnehage, i tillegg til å fortsette med studiet mitt “Barn med særskilte behov”. Dette gledar eg meg heilt vilt til 🙂 Endeleg er eg tilbake i arbeidslivet igjen og slepp å gå heime heile dagane. Berre håpar at eg no klarar å “sjonglere fleire ballar i lufta” med både arbeid og studie- men eg har trua! Dette skal gå bra! Har allereie vert litt vikar der og fått blitt kjent med nokre av barna og dei kjekke ansatte <3 

Det som ikkje er så kjekt, er at søster mi og familien er flytta eit år til Spania no… Det syns eg var veldig tungt. Men, eg veit at dei kjem til å storkose seg og at dette vil bli ein opplevelse for livet- og det unnar eg dei verkeleg! Saknet kjem allikevel til å vera stort! Gler meg allereie som ein unge til dei kjem heim igjen til jul- tante har allereie starta nedtellinga! <3 

Ferien til Marius og meg i år, vart bilferie og campingtur til Mo i Rana.

Der skulle Marius køyre banesykkel på Artic Circle Raceway. Heile familien var med. Dex var heilt eineståande i buret sitt når me kjørte oppover. Fleire timar i bil og han klagde ikkje et sekund- men sov derimot mesteparten av tida. 

Me hadde mange kjekke stopp der me åt god mat og fekk strekt på beina samstundes som me heile vegen fekk sjå og oppleve nye stader. Kjekt å få oppleve det å feriere i eige land også!

Me hadde 3 overnattingar på veg opp til Mo i Rana, og to overnatttingar på veg heim. På veg oppover overnatta me  ei natt på Beitostølen.

Denne eine dagen bestemte me oss for å gå ein skikkeleg fjelltur og hadde søkt opp fjellet “Bitihorn”. Ingen av oss visste at me tok den tyngste og brattaste vegen opp, men kanskje like greit at me ikkje visste dette på forhånd.

Me kom oss iallefall opp- alle tre 😀 Dex imponerte! Heile turen var 13 km lang. Men FOR ein utsikt! Anbefalar alle å gå opp her 🙂 Men, hugs å gå opp rett veg 😉 

 

Her er me framme i Mo i Rana.

Her budde me i 5 dagar på campingen, midt i sentrum av sjølve banen. Me campa i hengaren til Marius, med både varmeovn og seng- så det gjekk veldig fint!

Utforbi hadde me telt til solstolar og bord. Det kom godt med, då det regna dei fyrste dagane. Ganske så surt! Men Marius køyrde på banen allikevel- galningen!

Han storkosa seg med denne treninga! Kjekt også for meg å få vera med å sjå kva han reiser på kvart år og korleis det er arrangert.

Dex`n er med pappan i pitboxen for å skru. 

Her går me kveldstur rundt banen. Litt over 3 km lang. 

Køyring frå 09.00-19.00 kvar dag. Kanskje eg også må ta lappen ein gong? Såg faktisk litt kjekt ut! Mens pappen køyrde, kosa eg og Dex oss med turar, serie på Ipad inni hengaren, sudoku og kabal.

På kveldstid etter køyring grilla me middag/kveldsmat og kosa oss med kortspel. Heldigvis kom finveret til slutt og me kunne sitja ute å nyte sola 😀 Det var faktisk nærmare 30 grader fleire dagar- så fantastisk herleg! 

På veg heimover var det aldeles nydeleg vær! Så me tok ein dag i Trondheim og var turistar i eige land. Fantastisk flott by! Fyrst tok me lunsj på Egon i Tyholt-tårnet 🙂 DEN utsikten!

Så var me innom Nidarosdomen. For ei kyrkje og eit arbeid som er lagt ned i dette! Tilogmed Dex verka imponert 😉 

Så tok me turen innom Bakklandet før me besøkte Kristiansten festning. Ein herleg dag ilag med mine absolutt favorittar <3 

 

Denne mini-ferien har vert veldig kjekk! TUSEN TAKK for mange kjekke minner og latterkramper, Marius <3 Ferien har også vert veldig spesiell og ein som me begge alltid kjem til å hugse, fordi ….. 

Det var på denne ferien at eg verkeleg begynte å kjenne liv i magen for fullt- for fyrste gong. Fleire svake spark til dagen. Denne følelsen kan ikkje beskrivast med ord <3 

Me skal nemleg bli foreldre, for dei som ikkje har fått det med seg allereie 😀 Eg er litt over 4 mnd på veg! 

Tenk at kun eit år etter behandling, skjedde plutseleg mirakelet eg så lenge hadde drøymt om 😀 Og det skjedde heilt naturleg! Me slapp å bruke dei egga som eg fryste ned på Rikshospitalet i Oslo!

Dr. Fedorenko vart sjølvsagt ein av dei fyrste som fekk veta nyheten og han blei sååå glad på våre vegner <3 Gleder meg SÅNN til å kunne introdusere dei for kvarandre! Vårt lille alt og min livsreddar! 

Rart å sjå tilbake på avis-artiklane om året som gjekk, der eg også uttalte meg om mitt aller største ynskje i framtida. Og allereie no er det i ferd med å gå i oppfyllelse! <3 

No som eg hadde fått gode nyheter i Russland der sjukdommen er stagnert og ingen fleire arr på MR, trudde eg verkeleg ikkje livet kunne bli betre. Men der tok eg grådig feil. No smiler livet som aldri før. Eg føler meg så privilegert som får oppleve alt dette. Fyrst det varmebadet av all kjærleik og støtte gjennom den tøffaste tida i livet mitt- frå dåke alle- til no å få oppleve dette. Eg veit at det er inga sjølvfølge – verken at eg har fått stagnert sjukdommen eller klart å bli gravid på naturleg måte. Men nettopp difor er det ein så utruleg fantastisk følelse! Vår lille familie på “3” skal bli til 4! <3

Me gler oss heilt vilt til desember <3 Både fordi mi kjære søster og nevøar kjem heim, men også fordi då får me forhåpentlegvis møta vårt lille gull for fyrste gong! Dette blir verdens beste julegåve! Kryssar alt eg har for at alt vil gå bra 🙂 

Ta vare på kvarandre <3 Og hugs at tunge og tøffe stunder i livet varar ikkje evig! Det fins alltid håp!