Innholdsrik dag 3 på cellegift!

Sidan eg blei litt nedfor i går kveld etter Marius reiste heim, ba eg om heile to sovetabelettar natt til i dag. Og skal sei dei var det verkeleg futt i! Vekkarklokka mi dansa seg inni draume mine tydligvis, og frokosten hadde eg såve forbi (pleie jo alltid vakne når dei skjønne servitørane kjem innom på morgonen) og plutselig stod snillaste gode Fedorenko der over meg for å ønska meg god morgon og sjekke blodtrykket mitt. DØSIG til tusen, eg altså!

 

 

Kanskje eg skal dempe ned sovetabelettane til kun 1 dose i dag ja.. Kjenner at eg er veldig trøtt og sliten i dag også, men ingen ubehag i form av kvalme. Har elles god appetitt og, noko som kanskje ikkje er så bra slik som steroidane får meg til å ese meir og meir ut i ansiktet for kvar time som går. Lunsjen i dag var faktisk veldig god!

 

 

Kylling og makaroni og suppe til dessert. Det lyset brødet er også alltid godt med litt tubeost heimanfra på. Men krefter må man ha, og meir og ta i er jo meir og vera glad har eg høyrt ein eller anna fugl kvittra..? Får prøve å fokusere på det nett no, så forsvinn nok all vatnet ut til slutt forhåpentligvis.

Er ikkje mangel på matlageret mitt heller, så eg lid ingen naud 🙂

 

 

 

Går plutselig mykje fortare på morgonane for min del for tida! Kun sminke i fleisen så er eg good to go. Tenk så mykje tid eg no kan spare på å sleppe å børste håret, stritte det, føne det, vaske det no vil vel ta ca 2 sec. Haha, morsomt! Litt av ein erfaring dette. Gledar meg til å prøve både dei rosa, røde, blonde, svarte, grå og brune parykkane mine heime no å sjå om eg føler meg vel i dei.

 

 

Det er nok ikkje før eg kjem heim og ikkje lenger får desse steroidane og tablettane som eg dagleg får her, at eg vil merke at cellegifta er tøffare enn den utgjer seg for her. Men eg er forberedt på dette også. Ting vil ta tid, og det skal det få lov til. Null stress. Eg har heile livet forran meg. Skal ta ein dag om gangen, så skal nok dette gå så bra så 🙂

 

 

På formiddagen tok eg og Coleen oss ein tur ut å nøyt det fine veret igjen! Langt over 20 grader her i dag også, så er heilt nydelig. Men kunne ikkje sitje altfor lenge iro før alarmen slo inn og all væska som blir pøst inn i oss måtte ut igjen.

 

 

 

Så tok eg meg ein liten powernap- merka nesten ingenting til at dei plutseleg sette i gang steroidene i halsen min ein gang, så døsig var eg. Så ein blir nok  ganske så neddopa av alle desse infusjonane, medisinane og cellegifta generelt.

 

 

Men så seinare på dagen avtalte eg med Arnaud (ein franskmann som også er på same stadiet som meg no) at me kunne ta oss ein tur ut igjen for å nye veret litt til. Dette gjorde me. Godt å kunne bevege seg litt og få litt frisk luft iløpet av ein dag. Og alltid kjekt å kunne være litt sosial og utfordre engelsk-kunnskapen sin enda meir.  

 

  

 

Pappa trilte på rullestolen hans og me tok oss ein god sightseeing rundt i sjukehusområdet.

 

 

 

Såg på kunstverk og snakka om laust og fast. Skikkelig kjekk kar, med positiv og sterk vilje! Han hadde lenge drevet med sport og idrett, før han etter 3 år etter diagnosen havna i rullestol. Men eg prøver å oppmuntre han og han verkar som ein motivert kar som er klar for å kjempe for å komme på beina igjen.

Me heiar på kvarandre <3 Dette vil altså bli min stamcellbrother, sidan han også blir “født på ny” av nedfryste stamceller samme dag <3 Sterkare enn fjell, hvis han berre går inn for det! (Og ja, me er enige om at begge ser ut som to svampeboobar på biletet- men det skyldes steroidene altså!)

 

 

 

Ikkje før me hadde kommen inn døra igjen på sjukehuset fekk eg helse på ei norsk dame Ragnethe og samboaren hennar. Dette vart eit følsomt øyeblikk, plutseleg var me der begge to. Har snakka litt med henne tidlegare, men kun på facebook. No er me her endelig, klar for å gi gass!

Seinere denne dagen kom det enda ei norsk dame som heiter Hilde. Også rett etter der igjen traff me på endå eit hyggelig par frå USA. Så det blei litt av eit treff der i gangen, både på engelsk og norsk. Så me fann ut at sidan eg hadde det største dobbeltrommet, så inviterte eg heile gjengen inn til meg der for ein prat 🙂 Der var hyggelig!

Der fekk me utveksla mange ulike synspunkt, MS erfaringar, bekymringar i forhold til behandlinga, politikk og you name it. Blir nett som ein liten familie her nede på sjukehuset, for ein blir så godt kjent og kjem så tett innpå kvarandres personlige historiar 🙂

Ingen er i det minste TVIL om at me har valgt det rette valget eller plassen for denne behandlinga! Alle har trua <3 Og det smittar !!

Har også fått beskjed om at eg skal flytte inn på ei lukka avdeling imorgon, som er litt lenger inn i gangen her og har litt større fokus på hygiene no som det nærmar seg stamcelleinsett og isolasjon. Så ikveld har eg pakka baggane mine igjen, tatt ned alle bildene frå veggane- noko som blei veldig dystert plutselig ( Men tru meg- det er det første som skal opp igjen på neste rom!)

Imorgon er siste dag med cellegift, før det truleg blir ein dag eller to med kvile før innsett av mine nedfryste stamceller. SÅÅÅ spennende! Så er det isolasjonstid ei veke ++, så kjem eg heim att 😀 <3 No går det verkeleg på fram! Kryssar fingrane for at eg har lykken med meg heile vegen 🙂

 

 

 

Eg kjenner no at det har det vært ein lang og hektisk dag- og det skal nok ein gong bli godt å ta seg ei sovepille og forsvinne inn i draumane igjen.

Skal prøve å oppdatere dåke meir imorgon om formen er i stand til det 🙂

 


Ta vare på kvarandre der heime <3

1 kommentar
    1. Eg heie på deg Karina….. Du er tøff og flott dame😃. Godt du har pappaen din der og alle dei andre hjelparane rundt deg. God nattklem til deg frå Kathrine 🤗

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg