Tidenes overraskelse!

Mange spør korleis formen er for tida, og den er heldigvis nokonlunde 🙂 Men formen varierar jo frå dag til dag. Eg kjenner kvar dag på ulike symptom- men graden av intensitet på symptoma varierar veldig. Dager der symptoma er verst er dei dagane eg veit at eg har stressa mykje og ting har gått i eitt. Men eg har sagt det før- det er veldig vanskeleg for meg å svelge at eg ikkje lenger klarar alt eg vil gjer. Eg har lyst og eg vil klare. Men energien er svært begrensa. Derfor må eg prioritera godt og ta ein god del “powernaps” innimellom 😀 Det som hjelper er å ha humøret oppe og gjere meir av det som gjer ein glad 😀 Le så mykje som mogleg! Latter og smil smittar 🙂

Eg har i det siste brukt mykje av overskuddet mitt utanom jobb på trening. Det nærmar seg behandling- og kroppen min må ha det best moglege utgangspunktet. Samtidig går det mot juletider og mykje god mat! Så treninga kjem uannsett godt med!

Idag har eg hatt besøk av mine tantebarn. På tirsdagane har me nemlig ein avtale om at dei kjem til meg etter skuletid. Me gjer fyrst lekser, så kosar me oss med julefilmar 🙂 Kjempekosleg med slik kvalitetstid! <3

Sidan sist eg oppdaterte bloggen, har eg også møtt eit nokså lite nederlag. Sidan eg har vært sjukemeldt i over 1 år, så hadde eg ikkje lenger rett på sjukepengar. Eg har ikkje vært sjukemeldt i strekk i eit år nei, men for å opparbeide ny “sjukemeldingsperiode”- må ein vær i 100% arbeid i 6,5 månader. Eg var kun i 100% jobb to månader før eg blei sjukemeldt igjen. Så no måtte eg over på AAP (arbeidsavklaringspenger). MEN! For å få rett på dette, kunne eg ikkje jobbe så mykje som eg jobbar no. Arbeidsevna måtte nemleg vær redusert med minst 50%. Dette betydde at eg måtte ned endå meir i stilling- berre for å få økonomisk støtte dei dagane eg ikkje er i arbeid. Syns akkurat dette systemet var svært skuffande, då eg har så lyst og faktisk klarar å væra i arbeid i ein større stillingsprosent!

Men på lørdag fekk eg meg tidenes overraskelse!! 🙂 Det gjorde SÅÅÅ godt! Det starta med at svigerinna mi spurte fredagskveld om me skulle gå tur på lørdags formiddag ca kl 11.30. Dette sa eg ja til 🙂 Lørdagen kom og eg kledde på meg lag på lag med ullklær- for det var jo iskaldt ute denne dagen. Bekledningen var på, no var det hunden Dex som måtte klargjerast med vest og bånd til tur. Idet eg høyrer svigerinna mi svingar inn på tunet mitt, tikkar det inn ei melding på telefonen. Det var eit innlegg som eg blei tagga i. Noko på barnehagens facebookside. Eg trykka innpå og blei dermed møtt av dette biletet:

Fyrst skjønna eg ikkje kva som foregjekk, men etterkvart kom reaksjonen- frysningar over heile kroppen og tårene pressa seg på. Eg vart heilt skjelven. Og sjokka. Og rørt. Så mange følelsar på same tid! Svigerinna mi kom inn døra, og eg begynte å fortelle ho og vise henne biletet på telefonen. Ho bare lo og sa dermed at det var difor ho var komen, for å henta meg og bringa meg bort på Rema 1000. Eg var fortsatt heilt i sjokk men VELDIG veldig glad.

 

Då eg kom inn på Rema 1000 møtte eit nydeleg syn meg. Fleire av mine herlige små ungar i barnhagen og foreldre stod der og selde pepperkaker til inntekt for behandlinga mi. Nokon av ungane hadde faktisk skrevet og teikna på plakaten heilt sjølv!  Dei hadde helga før møttes i barnehagen for å bake alle pepperkakene. At ungane har holdt tett og ikkje røpt seg på heile ei veka, er jo berre heilt utruleg bra!! Eg hadde ikkje den minste anelse om at noko som helst foregjekk. Så utrulig kjekt!! Tårene kom selvfølgeleg fram då eg stod der med gjengen på Rema. Men eg forklarte barna at dette var ikkje fordi eg var lei meg, eg var berre veldig veldig glad. Då kviskra eine barnet til meg: Har du augnebetennelse no, Karina? Eg svara: Nei det har eg ikkje, eg er berre kjempeglad 🙂 Så skjønt!

http://fitjarposten.no/13603-13603-brnehagebarn-i-dafjorden-stottar-karina

Det at dei samlar inn pengar til behandlinga mi er jo berre fantastisk i seg sjølv, men det som betydde mest i helga var faktisk sjølve initiativet og innsatsen frå foreldre og barn! Evig takknemlig! Herlighet, så fint gjort! For eit fantastisk flott initiativ frå foreldrene i Dåfjorden barnehage <3 Eg får rett og slett ikkje takka dei nok!! Denne lørdagen samla dei inn heile 4800,- kr!!! Og det at dette skjer kun 4 mnd etter at eg har begynt å jobbe her, betyr berre heilt enormt! Eg er allerede blitt så ufatteleg glad i desse herlege barna våre <3 Og eg lovar at eg skal fortsette med å ta VELDIG GODT vare på kvar og ein av dei dyrebare skattane dåkas!

Dette var som medisin for meg! Ein stor dose omsorg og kjærlighet, frå både små og store <3
Nok ein gong- TUSEN TAKK til ansatte, foreldre og barn i Dåfjorden barnehage! <3

Ta vare på kvarandre!

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg