Ikkje lenge igjen!

Himmel og hav så tida flyr! 22 dager igjen! Skulle nesten ønske det fantes ein slags tidsbrems nett no.

 

Då eg sendte inn alle journalpapirene mine til Moskva, i september i fjor- verka det så ufatteleg lenge til eg skulle reise. Det var liksom over eit halvt år til! Hugsa eg tenkte at eg hadde ikkje tid til all denne ventinga. Eg var livredd for at det skulle oppstå eit alvorleg angrep innan denne tida.

Eg hugsar eg såg på nedtellingsklokka mi ein dag for lenge sidan og den viste 80 dagar til avreise- tenkte “uff fremdeles altfor lenge til!”

 

Medan no.. No er eg livredd for at det plutseleg er så nærme. No føler eg at eg kan høyre at klokka tikker kvar einaste dag, kvart einaste sekund tell den ned- og dagane berre minkar. Stressande, skremmande men også spennande.

Eg føler absolutt ikkje at eg er heilt klar endå. Men har nå både pass, visum, mine journalpapir på engelsk, helse/livsforsikring, invitasjon til sykehuset osv. Det neste blir vel å pakka kofferten.

 

 

I det siste har eg “tatt litt av” på Wish-appen, ( der ein finn parykkar til 50 kr ) og bestilt 6 nye parykkar utanom den eine som er av skikkelig kvalitet og faktisk kosta dyrt. Så no har eg 3 lange parykkar og 4 korte. Elles har eg alt i alt 12 hodeplagg, 4 skaut og 8 vanlege huer.

Nesten litt for gale. Og ein smule latterlig. Men kanskje dette har vært ein slags måte for meg å takle eller forberede meg på det som skal skje. Sånn sett er eg nok no ein smule forberedt på å skulle miste håret. Materielt forberedt ja, men mentalt? Det vil nok visa seg.

 

 

 

 

Gruer meg til å bli barbert og bli skalla. Men heldigvis er dette berre ein bagatell i den store sammenhengen. Det veks ut igjen. Og sånn sett så har eg ein ypperleg mulighet no til å prøva alle dei fasongane og fargane som eg elles aldri har våga ta sjansen på. Det kan jo bli “morosamt”.

Trur faktisk heilt ærlig at eg aldri har vært så redd som eg er no i heile mitt liv. Men det er eit godt tegn. Trur eg. Velger eg i hvertfall å tru. Det er kanskje fordi eg er i ferd med å gjera noko skikkelig modig og noko som forhåpentlegvis verkeleg blir verdt sjansen. Kanskje treng eg å føla på denne redselen for verkeleg å kunne gå inn i rett kamp-modus.

Men eg er ufatteleg dårleg å snakke om det, å snakke om sjukdommen, å snakke om korleis eg eigentleg har det. Virkar kanskje ikkje slik på bloggen, men det er nettopp bloggen eg brukar for å få ut alt eg tenkjer på.

 

Det er mykje enklare å svare at det går bra- for det gjer det jo. Men eigentleg så ja. Gjer det kanskje ikkje alltid det. Har stunder der det går frykteleg dårleg. Men så kan det gå bra igjen når eg får henta meg litt inn igjen. Det er vanskeleg å forklare. Det går jo fint- stort sett. Men eg vil ikkje at nokon skal syns synd i meg og vil absolutt ikkje at eg skal bli ein “byrde” for mine nærmaste. Det ville ha vært heilt forferdeleg.

Derfor prøver eg å unngå å fortelle og “syte” for mykje om korleis eg eigentleg har det. Veit at det ikkje er syting, men det kan føles sånn for meg. Hvertfall hvis eg skal sei alt eg kjenner på heile tida, kvar dag. Det er ingen av mine nærmaste som ville dette, som valgte dette. Spesielt min godeste Marius, det var ikkje dette han sa ja til då me blei saman. Og han fortjener kun det beste. Mine foreldre også- det var eg som skulle ta meg av dei etterkvart som åra gjekk, ikkje omvendt. 

 

 

Så eg gjer dette både for min egen del men også alle rundt meg- dei fortjener ikkje dette.

Og eg er faktisk reddare for å leva med denne sjukdommen kvar einaste dag framover. Og det seier kanskje litt. Eg føler at den kvar einaste dag, tar med seg ein bit av meg. Noko i meg visnar, kvar einaste dag som går forbi. Sjukdommen har allerede robba meg for ein god del allerede- så no om 22 dagar kan eg forhåpentligvis setja ein stoppar for det heile! 🙂

 

 

 

Eg vil ikkje ha det slik at eg stadig mister litt av meg sjølv. Derfor trur eg absolutt eg har gjort det rette valet, med å ta denne sjansen.

Litt “russisk roulette” kanskje, men forhåpentligvis verdt det. Eg har oddsa på mi side for at dette vil gå bra. Uannsett, så har eg gjort alt eg kan for å prøve.

 

 

Den siste tida har eg prøvd å hengje så mykje eg kan med venner, familie og lille Dex. Viktig å ha gode minner å kunne sjå tilbake på.

 

 

Og verkeleg nyte tida ilag. Om ein liten time reiser eg til Voss for å besøke søster mi og nevøane mine igjen <3 Det skal bli kos! Nyte påskeafta saman med mine absolutt favorittar 🙂

 

 

Elles har eg også sidan januar trent kvar einaste dag for å bli fysisk sterk/ klar for behandlinga. Kvar dag var kanskje å ta litt hardt i- er ikkje alltid at det har blitt trening i helgane. Men vekedagane hvertfall. Kvar dag har eg jogga minst 3 km etterfulgt av styrketrening. Så sånn sett har det kome gode ting ut av heile situasjonen. 

 

 

Igår kveld drog eg med meg pappen på ein joggetur rondt Vestbøstad- for ein sprek og sterk pappa eg har! Skal bli godt å ha han også med meg til Moskva!

No må eg hive meg rundt og pakke meg klar for avreise til Voss! Skal oppdatere dåke meir og oftere no som behandlinga nærmar seg 🙂

Ta vare på kvarandre <3 GOD PÅSKE!! 🙂

2 kommentarer
    1. Du flotte sterke og livsklok kvinne….. Du setter ord på så mykje i det du skriver her Karina. Du “renser” på ein måte “såret” inn i deg. Er så GLAD på dine vegne at du har eit godt nettverk rundt deg. Det å “ta i mot” hjelp er vanskelig. Men der kjem me alle enten me vil det eller ikkje. Nå må du gå i den skulen Karina. Du deler tankar, du er fysisk aktiv og får frisk luft😃,…… Veldig God “sårbehandling”. Sender deg gode tankar nå og vidare. Klem frå Kathrine Berrefjord

    2. Kathrine Berrefjord:
      Tusen hjertelig takk for varme og gode ord, Kathrine ? Set stor pris på det!! Ja det er vanskeleg å be om hjelp og vondt å dele alle bekymringar, men eg prøver å skjerpe meg der. Bloggen er god hjelp for å “rense lufta” litt ja! Og ja, eg er utruleg heldig som har eit så godt nettverk rundt meg ? Stor klem tilbake 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg