Innleggelse på Pirogov`s National Medical Surgical Center!

I går fekk me ein “fridag” før alvoret starta i dag.

Denne dagen brukte me fyrst på å sjå oss rundt i området rundt hotellet der pappa bur. Han bur ca 5 km ifrå sjukehuset mitt. I dette området ligg det fleire svære hotellblokker som høyrer saman.

 

Sidan det er mykje turisme i dette området er det også ein god del flotte fasilitetar rundt om. Parkområde, sirkus, butikkar/senter, marked osv. Me besøkte blant anna noko kalla Izmailovo Kremlin, som er ein eventyrlig park med bygg som lignar orginalane på the “Red Square”. Fantastisk flott! Her var det tydligvis også veldig vanleg å feire bryllup og ta bryllupsbileter. Traff på fleire par berre på få timar.

 

Me fann også eit “lykke-tre” der me kunne hengja frå oss noko. Eg hang opp ein godt brukt sjukehus-overtrekks-sko, sidan det var det einaste me fann for øyeblikket, i treet. Haha! Men vil tru at dette vil bringe mykje lykke 😀

         

Etterpå slappa me av i hotell-lobbyen til pappa, før me tok Metroen inn til sentrum av Moskva igjen. Denne gangen besøkte me blant anna Bolshoi teateret.

     

Knallfine by, Moskva altså! Heilt imponert eg 🙂 Før me reiste heim igjen nøyt me ein deilig middag ilag på ein fin restaurant i byen 🙂

I natt budde eg på hotellet til Marius, men stod opp kl 07.15. for å gjere meg klar til oppmøte på sjukehuset. Me ankom sjukehuset ca kl 08.00. Og ikkje før me hadde satt frå oss tingene, kom det ei sjukepleiar og henta oss 🙂 Ho leda oss gjennom avdelingane og fram til møtepunktet for alle pasientane som skulle få innsatt sentralt venekateter i halsen. Me var ein god del pasientar, og nokre pårørande. Det blei ein del venting då kun ein og ein slapp inn- og det tok litt tid på kvar. Eg hadde heldigvis med meg Marius- noko som kom veldig godt med undervegs, på alle måtar! Eg tenkte eg kunne sleppe dei andre pasientane til først, sidan eg hadde selskap med Marius, så hadde jo ikkje eg noko hastverk med å være den fyrste mann inn. Men forstod jo fort at eg skulle mykje heller ha gått tidlig, for når dei ferdige pasientane kom ut igjen og begynte å snakka om korleis det opplevdes for dei- så begynte eg verkeleg å kjenna på nervene. Smerte tålar eg heilt greit, men berre å høyre om eller i det heile tatt tanken på slangar som skal inn her og der inni kroppen min, gjer meg ubekvem.

Så kom øyeblikket då fantastiske Anna, ei sykepleiar, henta meg inn. Skjønn jente! Snakkar også godt engelsk! Det var to sjukepleiarar som stod klare til å ta imot meg. Det første eg gjorde var å leggje meg på ein benk, med hovudet til eine sida. Så fekk eg ein slags duk over ansiktet før dei byrja. “Don`t talk, and don`t breathe”, var beskjedane undervegs då dei stappa på ledningar inn gjennom venene og ned mot hjarta. Sjølve stikket var ikkje vondt i det heile- men det å kjenne på at ledningar gjekk langt nedover halsen min var svært ubehagelig. Og etterpå trykka dei og pressa på det for å kjenne at alt låg på plass. Men eg overlevde dette også. Det var ikkje før eg kom ut i gangen til dei andre at eg blei dårleg…

Først kom ein intens hodepine. Så prøvde eg å snakke til Marius som satt ved siden av, men det gjorde berre endå vondare i halsen. For eg kjende ubehag i røyret som stod i halsen når eg både snakka og svelgte. Kan sei at angsten tok meg litt. Tanken på det som eg kjente låg nedover mot hjarta fekk meg til å byrje å svimle. Men me satt ganske mange her, og eg ville ikkje være den dramatiske av oss- så eg holdt kjeft så lenge eg kunne. Kom eg til å svime av- så ville dei forhåpentligvis få det med seg:p Så skulle me heile gjengen gå gjennom ganske mangen avdelingar og heisar for å komme til rett avdeling for X-ray, slik at dei kunne sjå at ledningane låg på rett plass innvendig. Men på vegen dertil, byrja eg å kaldsvette, eg blei kvalmen og veldig svimmel. Eg sa til Marius at no svimer eg snart av. Heldigvis gav han med ein gang beskjed til sykepleiarane, og dei holdt eit ekstra auge med meg. Sjølv var eg heilt i min egen verden der me gjekk. Hugsa berre at me stod heile gjengen inni ein trang heis, det var heilt svartprikkete rundt meg og at eg hadde dottar i øyrene. Det einaste eg høyrte var ein vag lyd av at me subba avgårde no når eg helst trong å legga meg nedpå. Men endeleg ankom me målet og gangen der me alle skulle inn på X-ray. Det var folk rundt meg som satt i rullestol stakkars, og her kom eg som er ein av dei “friskaste” og oppfører meg slik som dette. Syns det var skikkelig flaut, men kunne ikkje noko for det.

Ein av dei skjønne sjukepleiarane som følgde oss, Anna, gjekk å henta ein bomullsdott med noko kraftig sterk lukt på og bad meg sniffa på den. Fy så sterkt! Men plutseleg blei synet heilt klårt igjen, kvalmen avtok og svimmelheten gjekk vekk. Vidunder-dott spør du meg! 😀 Snille som dei er her, slapp dei meg inn til røntgen før alle dei andre, og lot meg sleppa å venta på alle etterpå. Anna gav meg ny dott med påfyll av sniffelukt då eg var ferdig, og sendte med meg ei sjukepleiar som følgde oss tilbake til rommet mitt. Då kunne pysa endeleg leggje seg ned i senga. Utrulig deilig! Og venekateteret var heilt på plass slik som det skulle, kom Dr.Fedorenko inn og sa. Herlige folk! Eg er så trygg her at det er ikkje måte på! Og på toppen av det heile har sjølvaste Fedorenko kontor rett tvers over gangen for meg! Min nærmeste nabo <3 Eg bur inn døra til venstre, og han har kontor på døra som er open til høgre:

Eg fekk også før eg reiste, gåve frå mine herlige tantebarn. To boksar med favorittsnopet vårt, og ein boks med “Oppmuntrings-lappar”. Dette er hjerter som dei alle har skrevet oppmuntrandes ord på 🙂 Heilt fantastisk kor heldig eg er <3 I dag trakk eg min fyrste lapp! Har spart på dei så lenge eg kunne- men i dag klarte eg ikkje dy meg lenger 😀

   

I morgon startar eg med injeksjon av steroidar og stimulering av stamceller som seinare skal høstast. 

 

No har eg ikkje lov å forlate sjukehuset lenger, sidan venekateteret er i risiko for å bli infisert. Men så lenge eg dekker kateteret med skjerf så kan eg gå utanfor i området her. Så eg og Marius tok oss ein runde på sjukehusområdet i dag, mens pappe`n kvilte i gjestesengo mi på rommet mitt 🙂

 

 Det er eit skikkelig svært og flott område og sjukehus dette her! Så no worries, no går det heilt strålande igjen 😀 Eg har eit enormt støtteapperat rundt meg som motiverar meg stadig vekk, i tillegg til tryggheten av å væra her på Pirogov! Savnet etter mine kjære der heime er sjølvsagt stort, men heldigvis minkar tida og eg har det verkeleg ikkje vondt her 🙂

Ta vare på kvarandre <3

12 kommentarer
    1. Du e tøff!! ❤️ spennende å følge reisa di, spesielt når man e inne på tanken sjøl.. Kåffår må den veneflonen settes i halsen egentlig? Heller ikkje redd for smerte men det hørtes helt utrolig ekkelt ut. Hadde nok svima med en gang 😳 Masse lykke til videre 💕💕

    2. Du er en tøffing Karina!
      Håper du er frisk nok til komme på konsert med klassebandet til tantebarnet ditt en ettermiddag i juni🙂 vi trenger et par æresgjester!

    3. Elisabeth:
      Takk for d, Elisabeth ? Da e eit sentralt venekateter som eg forstår går langt ned i ei åra mot hjerta. Kjenner ingen ubehag når man får steroider slik som idag 🙂 Gjekk heilt fint! Var berre litt ubehageligt å sette- men gjekk fort over så du hadde fint klart det du og 🙂 Har du hatt MS lenge?

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg