Oppstart av steroider!

I går begynte endeleg behandlinga 😀

Kl 08.30 fekk eg mi første pille før frokost. Deretter kom Dr.Fedorenko inn for å høyre om alt stod bra til og for å sjekke blodtrykket. Så kom dei inn med stativet rundt kl 11.00. for å få 400 ml sterioder inn gjennom venekateteret mitt.

Det blei sagt at dette kunne ta opptil 30-40 min. Men hastigheten på min suste avgårde og det dryppa i ein enorm fart. Etter berre 10 minutt var eg ferdig 🙂 Og formen fortsatt heilt fin!

Dermed brukte eg tida mi på å hengje opp bilder av alle mine kjære rundtom på veggane. Å sjå på og kjenne savnet etter dei menneska der, gir meg ein enorm styrke og motivasjon til å beseire sjukdommen og overleve denne behandlinga.

 

Det var ikkje før når eg fekk besøk igår utpå dagen, at eg byrja å kjenne på ein del smerter/verk i ledd og musklar i beina- men dette var heilt vanleg sa legane. Så dei gav meg berre litt smertestillande, også gjennom kateteret på halsen. Det hjalp litt.

Injeksjonen på kveld og nattestid går heilt strålande, kun eit lite stikk frå ei sprøyte- så er det over på 2 sec.

Det er dette som er planen no kvar dag fram til onsdag:

– Piller ein halvtime før frokost

– Infusjon med steroider kl 11.00.

– Piller ein halvtime før middag

-Injeksjon med stimuleringsmiddel (som skal få stamcellene ut fra ryggmargen og ut i blodbanen min) kl.23.00 på kvelden og 03.00 på natta.

Slik fortsetter løpet fram til torsdag då stamcellehøstinga startar. Då tek dei ut stamcellene mine. Dei må ha minst 2 millionar stamceller pr kg kroppsvekt. Høstinga tar frå 1-3 dagar alt etter kor mange stamceller dei får ut pr dag.

Marius og pappa kjem stadig på besøk til meg, innom kvar einaste dag nokre timar- noko som er skikkelig koseleg og betryggandes for min del. Dei handlar på snacks og brus, og tar med seg det eg eventuelt trenger elles. God service!  

I går brukte me formiddagen på å lese kryssord, spele kort, prøve oss på Sudoku og gå litt på området utforbi. Me besøkte blant anna kapellet som ligg rett i nærheten her på sjukehusområdet.

   

Her kan de sjå blokka mi. Eg bur i 2.etg, første vinduet heilt til venstre på bildet under:

På ettermiddagen kvilte me litt før det var tid for kaffimat. Me ringte også til både mamma og Dex på facetime, Ane og tanteungane og svigermor, Sissel 🙂 Heldigvis har eg fortsatt tomannsrom så det er plass til at både Marius og pappa kan ta seg ein kvil når dei vil 🙂 Elles har eg eit bord og to stolar utanom. God plass til å boltre meg!

    

Får fortsatt massiv støtte heimanifrå av både dåke som les bloggen og andre 🙂 Søster mi har ansvar for posten min når eg er vekke, og eg har allerede fått beskjed om at det har ankomme to herlige brev. Eit frå mi fantastiske ex-kollega, Kari Anne- med mitt favorittsnop <3 Ho er berre så utruleg GOD!! Tusen takk, Kari Anne!! <3

 

Og eit brev frå foreldra til eine guten eg hadde i gamlebarnehagen! Sjølv om eg har slutta i den barnehagen der, så vil eg alltid ha med meg både barna og sjølvsagt foreldrene også i hjerta mitt vidare 🙂 Setter så utrulig stor pris på at dåke fortsatt ikkje har gløymt meg 🙂 TUSEN HJERTELIG TAKK! 🙂

Har sjølvsagt også med meg bilete av barna som eg jobbar ilag med no <3 Savnet er stort! Men motivasjonen til å kome tilbake til dei er endå større!

Det er eit enormt støtteapparat rundt oss pasientar her på sjukehuset, ikkje berre i form av fantastiske legar og sjukepleiarar- men frå pasientar til pasientar. Me har fleire grupper på facebook for dei som er innlagt her nede no, der me kan spørja om det me lurar på. Og ein felles chat der me kan halde kontakten og halde kvarandre oppdatert på korleis det går.

Har snakka ein god del med ei engelsk som heiter Coleen, og ho passar stadig på meg. Den dagen eg blei så dårleg av å setje inn kateteret var jo ho ein av dei på mi gruppe som fekk dette med seg, og ikkje før eg hadde komt på rommet mitt igjen sendte ho melding og spurte korleis det gjekk med meg. Så me passar godt på kvarandre her nede <3 I dag har eg også avtalt å gå ein tur på uteområdet med henne! Fantastisk koselig jente, som stakkars må slite med min elendige engelsk uttale!

I går kveld traff eg endeleg på Ingrid Thoresen som eg har snakka ein god del med før me reiste ned her. Ho har også ein blogg for dei som ynskjer å følge med: http://littleadventure.blogg.no/

Ho er nesten på same alder som meg (24 år), og har også gjennomgått både hormonbehanling og egguttak for sikkerhetsskuld, slik som meg. Ho ligg ei veke forran meg i skjemaet og er no difor starta opp på cellegift behandling- noko som til no er det tøffaste ho har opplevd. Veldig forståelig. Man blir jo slått heilt ut av denne sterke dosen cellegift som skal pågå i heile 4 dagar. Men for ei skjønn, kjekk og sterk jente med eit pågangsmot uten like!! Tøffingen har også allereie barbert håret av, men er fortsatt sjølvsagt like nydelig!

Me satt vel å snakka i 1,5 time i går kveld om alt mogleg. Deiligt å kunne utveksle tankar og følelsar med nokon man virkeleg veit og merkar godt at FORSTÅR meg og situasjonen me begge står i. Heilt sprøtt at no er me her endeleg begge to, etter sååå lang tid me har venta og venta. På torsdag er Ingrid sin stamcellebursdag ( då ho får innsett sine egne nedfyrste stamceller som skal “restarte” immunforsvaret ), og dette skal feirast! Her på sjukehuset har dei eigen seremoni for slike bursdagar, med både talar frå Dr.Fedorenko og ulike ritual som man gjer. Eg håpar så inderleg at eg får være med på denne feiringa til Ingrid. Då skal eg ta mange bilder, juble som berre det og gi henne all den oppmerksomheten som man absolutt fortjener på ein slik dag når man blir “født på ny”. Så skal ho i isolasjon på fredag. Og då startar eg muligens på min cellegiftperiode.

Skremmande at eg berre er ei veke ifrå oppstart på cellegift. Håret kjem til å bli frykteleg sårt å miste. Men, det er berre ein bagatell i den store sammenhengen prøver eg å fokusere på. Og det vokser jo ut igjen! Så er det jo også nervene for om kroppen min kjem til å takle cellegiftkuren. Eg trur det. Har jo trent som ein galning fram til innleggelse, eg har ei sterk vilje og eg gir meg ikkje før eg har nådd målene mine. Så eg trur eigentleg det skal gå ganske så bra. Eg trur ikkje, eg veit. Håper berre eg slepp unna mange bivirkningar!

Det er jo først i isolasjonstida det er ganske kritisk og skummelt då eg har null immunforsvar. Med tanke på smittefare, bakteriar og infeksjonar. Men dei steriliserer rommet mitt kvar dag har eg høyrt, og eg sjølv skal vaske heile meg i sprit. Ikkje får eg pusse tennene heller, for å hindre tannkjøttinfeksjonar og blødningar. Så der også blir det å skylle med noko spritvatn. Blir nok van med det og 🙂 Forhåpentligvis blir eg ikkje liggande så lenge på isolat!

Hvis alt går etter planen blir min nye bursdag 10.mai, nett som Marius sin fødselsdag 🙂 Då får me feire ilag 😀 <3

No holder eg på med min andre dose steroider her. Går heilt fint! Det einaste eg kjenner er ein beisk metallsmak i munnen. Tok litt lenger tid i dag enn i går, ca 25 min.

Eg trakk også min andre “Oppmuntrings-lapp” i går, frå mitt yngste tantebarn:

Fantastisk herlig! Lo som berre det 🙂 You made my day <3

Tenk at det no er gått ei veke sidan me ankom Moskva! Tida flyr, faktisk. Merkeligt nok. Savnet blir jo større og større for kvar dag som går, men det blir også gleden og motivasjonen for å kome heim att snart!

Ta vare på kvarandre <3 Putin helsar også!

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg