Sjekk ut dagens sightseeing og møt mi nye stamcellesøster! <3

I dag var det opp til same rutinene igjen. Opp ca kl 07.00 (06.00 heime). Så tek eg pilla mi før frokost. Frokost i 8 tida. Deretter starta dei i dag med 3.steroideinfusjon kl 10.00. Var ferdig med den ca halv 11. Elles går eg, Marius og pappa ein god del turar rundt om på sjukehusområdet til dagen. Er eit flott område å gå på, men det blir ikkje så all verdens skritt kvar dag lenger. Blir mykje trakking inne på sjukehuset og elles lange dagar. Men eg er heldig som har så godt selskap i guttaboys kvar dag!

    

På formiddagen i dag avtalte eg med Coleen (naboen min her i gangen og min kommende stamcellsister) om å gå ut på ein luftetur på sjukehusområdet.

Dette er ei fantastisk behagelig og kjekk jente frå London, som eg har enormt mykje til felles med! Ho også er ganske ung, kun 31 år gammal. Me er kommen akkurat like langt i prosessen og gjer stort sett det same opplegget kvar dag.

 

Me har også begge ein liten “baby” der heime som me er ganske oppteken av og tilogmed facetimar med avogtil. Hundane våre altså. Og me ser like positivt på behandlinga begge to. Er ikkje i den minste tvil om me har valgt rett, for det veit me. Me prøver begge å ta ein dag om gangen, og ikkje ta nokon sørger på forskudd. Me passar godt på kvarandre både på meldingar og undervegs i prosessen her.

Begge kvir seg til å fjerne håret no til helga, då cellegifta stadig nærmar seg. Men me har blitt enige om å støtte kvarandre der også og muligens gjer dette ilag! Me holder positiviteten og humøret oppe så lenge me overhodet klare 🙂 Den 10.mai er planen at me skal få tilbake stamcellene våre og at kroppen då skal få ein ny boost til å restarta immunforsvaret vårt opp igjen. Dette blir dermed vår nye bursdag, siden me blir “født på ny” og får ein heilt ny sjanse i livet. Den dagen blir eg og Coleen då altså offisielt stamcellesøstre livet ut 🙂 Dette er faktisk dagen Marius også har bursdag, så det skal bli lett å hugse å feire to bursdagar framover denne dagen 🙂

Coleen: We can do this! MS can`t stop us now 🙂 <3 You will always have my support <3

Sidan eg ikkje har lov å gå lenger ut enn på sjukehusområdet for tida, blir dagane ekstra lange. Så eg spurde fint Dr.Fedorenko og sjukepleiarane om det gjekk greit med ein taxitur så lenge eg dekka godt til kateteret på halsen. Det var heilt i orden! Så då bestilte me taxi av ein godt engelsk-talande sjåfør i dag for å få oss ein sightseeing i Moskva. Han heiter Alexey Derkatch! Heilt fantastisk mann! Humoristisk, utadvendt, kunnskapsrik og behjelpelig på alle moglege måtar 🙂 Turen tok vel ca 5 timar! Og me kjørte gjennom heile Moskva sentrum og fekk sjå det han meinte var det mest sentrale å få med seg i Moskva.

         

Så me fekk sett ganske mykje av Moskva sentrum berre på 5 timar i dag! Han tok oss også med på ein typisk russisk restaurang der me fekk smaka eit godt russisk måltid. Knallgod mat! Så måtte me sjølvsagt også smake på byens beste iskrem! Fantastisk god den også 😀

                                                                

             

For ein by å “feriere” i! Eg anbefalar til kvar og ein av dåke å ha ei reise til Moskva på dåkas “To do-list”. Nydelig by! Og spør gjerne etter sjåføren Alexey, så vil eg garantere at dåke får ein innholdsrik dag med mykje interessant info i eit særdeles godt selskap 😀 Til ein skikkelig rimelig pris også! Og ikkje nok med det- han gav oss fri tilgang til å ringja han når som helst om det var noko han kunne hjelpe til med eller hvis me lurte på noko, pluss at han runda av med ein klem og sa at det skulle gå så bra med denne behandlinga mi <3

 

Kjenner at eg var bra sleten no når eg kom tilbake igjen etter ein så lang dag. Tar på å snakke engelsk ein heil dag. Men fekk rensa og bytta plasteret rundt kateteret ikveld, så no er alt berre velstand 🙂

Ligg å venter på kveldens første injeksjon no- så skal eg be om nokre deilige sovetablettar 🙂 God natt folkens!

Ta vare på kvarandre <3

1 kommentar
    1. Så kjekt å se alt det flotte de har å by på i Moskva . Du er mitt forbilde . Det at du griper dagene og gjør det beste du kan få ut av dem ❤ god natt 😘

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg