Siste dag med stimulering, før den store dagen med stamcellehøsting!

I dag fekk eg min siste dose steroider i forbindelse med stamcellestimuleringa. Einaste ubehaget er metallsmaken i munnen rett etterpå, elles merker eg svært lite til infusjonen.

No skal altså då stamcellene mine være på veg ut i blodbanen. Og imorgon (torsdag) kl 06.30 startar alvoret med å høste desse stamcellene ut fra venekateteret i halsen og samle dei oppi posar. Dei må ha minst 2 millionar stamceller pr kilo vekt! Får dei ikkje nok imorgon, fortsetter dei neste dag. Det kan dessverre ta opptil 3 dagar før dei får nok, men eg håpar så inderleg at dei blir ferdige imorgon allerede! Då kan me starte på cellegift allerede på fredag! Når alle antall stamceller er samla i posar, frys dei desse ned i -190 grader. Her blir dei liggande nedfryst til eg er ferdig med ein 4-dagers cellegiftkur.

Fekk tatt eit koseleg bilete av ei skjønn dame som kvar dag kjem inn og lyser opp rommet mitt og serverer meg mat. Ho er alltid like smilende og blid 🙂 Ikkje får eg kjeft om eg ikkje et opp all maten min heller (noko som ofte skjer), så strålande dame dette her!

 

Eg har hatt ein del smerter nede i korsryggen i går kveld og i dag morges, men har fått gode smertestilande tablettar for dette også 🙂 Det er nok ganske normalt at det jobbar på inni beinmargen der, meinar legane.

Då hjelp det ekstra godt å trekke ein “Oppmuntringslapp” frå boksen min. I dag var det frå søster mi igjen:

Betyr så mykje!! 🙂 Og eg er SÅ heldig som har dåke, Ane <3 Har også snakka med tantebarna på facetime 🙂 Savnet er stort!

Snille bror min og forloveden Mari, sendar stadig herlige filmar på snap av min lille baby “Dex”. Noko som også varmar enormt! Tusen takk for at dåke alle tenker så mykje på meg, det gjer det så mykje lettare her nede/borte! 🙂

Til og med skjønne Maria, sender nydelige bilder av Thildemor til meg <3 Sååå rørandes og sjarmerandes! <3

Elles tok eg meg ein god spasertur på området utforbi her i dag på formiddagen, aleine. Høyrte på musikk og koste meg. Nøyt sommerveret, rett og slett! Er jo 25 grader, sol og blå himmel her i Russland no! Kunne gå ute i kun singlett idag:) Heilt herligt!

  

    

Men det blir også ganske lange dagar, sidan eg står opp såpass tidleg. Så mykje av tida går også til kryssord, sudoku, kortspeling, serie og kviling.

  

Seinare i dag møtte eg på Coleen og fleire av dei andre pasientane. Me hadde oss nokre gode samtalar både inne i gongane men også utforbi på sjukehusområdet. Er så godt å kunne drøfte og lufte all frustrasjon, tankar og følelsar med kvarandre her. Me tok også mange kjekke bilder som me seinare kan sjå tilbake på som gode minner. Det er så godt at me har kvarandre 🙂 Alle har godt humør og det smittar godt 🙂 Sjølv om det går stort sett på engelsk- så forstår me kvarandre ganske så greit 🙂 Og me blir jo også faktisk som ein slags “familie” her nede. Brødre og søstre i fleng, ikkje by blood but by heart and mind! <3

  

Etter stamcellehøstinga mi imorgon skal eg være med på å feire stamcellebursdagen til Ingrid! Dette gledar eg meg heilt vilt til 😀 Det blir nok litt av ein opplevelse!

Så no er det berre å ta siste sovepilla for dagen, og kryssa fingrane for at dei klarar å hauste ut uendelig mange millionar stamceller fra kroppen min imorgon!

Såv godt! Ta vare på kvarandre <3

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg