Stamcellene er høstet!

Kl 06.30. i dag morges starta dei maskinen som skulle skilja ut stamcellene mine frå blodet.

 

 

 

Spesiell følelse. Det kribla og prikka spesielt i brystkassen men også elles rundt i kroppen, hodepinen meldte seg også så vidt i skranken. Men stort sett gjekk det veldig bra. Alt blodet mitt sirkulerte heile 3 ganger gjennom maskinen og tilbake i kroppen min for å skille ut stamceller. Det som var det aller tøffaste var å holde seg med å ikkje gå på toalettet på 6 heile timar, spesielt ettersom eg heile tida drakk vatn undervegs. Hadde bleie på dersom det skulle gå gale då (!!), men den var eg fast bestemt på at skulle forbli ubrukt!

 

 

Ca 12.30 var me ferdige. Og restultatet fekk me to timar seinare. Alt var vellykka og eg hadde hausta 2,2 millionar stamceller pr kilo kroppsvekt, som er meir enn nok 😀

Ekkelt bilde, men ufattelig facinerandes spør du meg: No skal denne posen bli nedfryst og tilbakeførast i kroppen min etter cellegiftkuren.

 

 

 

JUUUHUUU 😀 Good news!! Avslutta økta med ein dose steroider til slutt 🙂 Siste dag med langt hår også! Vemodigt..

 

 

Dermed treng me no heldigvis ikkje fleire dagar med stamcellehøsting ( det kunne jo ta opp til 3 dagar før ein kunne få nok) , men dei er ute og nedfryst! Så venekateteret i nakken fekk eg ta ut igjen idag. Fyttikatta for ein lang dings! Og guu så herleg å få den vekk 😀 Velstand!!

 

 

I morgon blir det kviledag der eg får innsatt nytt kateter på brystkassen til cellegiften, og må ta x-ray for å sjekke at den sit som den skal. Elles startar cellegifta opp på lørdag. Så eg tenkjer at håret ryk den dag imorgon. BAM BAM BAM!! Skremmandes, men det er ein del av det heile!

Fekk også besøk av ein nevrolog i dag som tok eit par testar på meg for å sjekke ca kor eg låg på EDSS-skalaen no. Konkluderte med at eg låg på 2,5. I Noreg meinte dei at eg låg på rundt 2 sist. Så det er ikkje store forskjellen. Litt høgare meinar dei her. Men jo før eg kjem til i behandlinga, jo betre 🙂

 

 

 

 

På bildet over til frå venstre sit Ingrid, meg og Coleen.

Ingrid fekk innsett sine nedfryste stamceller i dag, så ho og 4 andre feira stamcellebursdag i dag. Dette fekk me være med på å sjå på og feire ilag med dei. For ein opplevelse! Så emosjonelt og ekte! Mange tårer og minner for livet. Til og med legen sjølv var berørt. Ein kan verkeleg sjå og føla på at han brenn for det han gjer, nettopp å hjelpe andre mennesker. Legen over alle legar. Verkeleg <3

 

 

Og her sit me samla, pasientar frå heile verden- med forskjellige erfaringar, sjebner og utfordringar- men alle med same motto: Stay positive! Så lenge me har trua og går inn for at dette vil virke, vil det sannsynlegvis gå vår alles veg 🙂 <3 Ønsker alle mine stamcellesøstre og brødre alt godt vidare i livet!

 

 

 

Så i bursdagsgave smugla eg inn ei champagneflaske som me koste oss med for å feire Ingrid sin nye bursdag 😀 Kunne jo ikkje gå tomhendt på sin første stamcellebursdag, dette må jo sjølvsagt feirast!

No er det ikkje lenge igjen før det er min tur! Håpar det går like vellykka som med henne 🙂 Og at eg slepp å bli så dårleg under cellegiftkuren.

No skal eg nyte ei god nattesøvn utan venekateter som berre er i vegen i halsen! Det skal bli heilt herleg 🙂 Oh what a day! No går alt rette vegen 😀

 

 

 

Ta vare på kvarandre <3

 

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg