Den nakne sannhet! Watch out!

I dag blei vekka ca i 08.00 for å gå å få innsatt nytt venekateter. Det er her cellegift og steroider skal gå inn, og mine gamle nye stamceller skal injiseres.

 

 

Dette skulle liksom ikkje gjere så vondt som den forrige, men eg syns då den var minst like ubehagelig som sist. Dei satte jo min på nesten samme stedet som sist, dermed var det nok også ganske så ømt der frå før. Grunn til at de ikkje satte lenger nede på brystet som var avtalt, var at eg hadde ikkje så god plass der- og dermed var venen i halsen tryggare for min del. Så dei jobba nok ein gong på med både bedøvelsesstikk, røyr opp og ned, sying og beskjeden “do not talk or breath” igjen. Så var det tid for x-ray for å sjekke at den satt normalt innvendig- det gjorde den heldigvis 🙂

Sjekk den flotte veggen min, med både bilder, personlege helsingar og dagens “oppmuntringslappar”. Eg er sååå heldig som har så mange fantastisk støttandes folk rundt meg <3

 

 

Etter nok eit behageleg besøk av tryggaste og snillaste Fedorenko som målte blodtrykket mitt, informerte om morgondagen og gav meg ein ekstra dose steroider for fatiquen (“just giving you some extra boost , so you be strong”- som han sa), tok me oss ein luftetur ut i finaveret. Fortsatt ligg temperaturen her ute på omkring 20-25 grader!

 

 

Så no folkens…….Get prepared for what`s coming: BAM BAM BAM!

Idag hadde altså eg og stamcellesøster mi, Coleen bestemt oss for å ta håret. No way back. Me skulle gå all inn i dag, etter mykje om og men . Fleire på gruppa mi vil vente til det dett av sjølv, der eg ikkje me. Me vil få det unnagjort og overstått. Og saman er me sterke som fy <3

 

 

Så Coleen kom inn på rommet mitt saman med mor si, og me fekk god hjelp av snillaste Anna (på bildet over) som både filma, tok bilde og tok del i klyppinga på Coleen.

 

 

 

Det var bra med publikum også. Meg, Coleen, mor til Coleen, Anna, ei til sjukepleiar, pappa og Marius. Frisøren min var sjølvaste Marius!

Eg starta fyrst ut. Då var me plutselig i gang. Wææ. Hørte lyden frå barbermaskinen. Skremmande! Hadde allereie fletta ei flette på venstre side av hovudet som eg ville klyppe av og ha med heim som suvenir eller eit slags minne. Denne fletta starta Marius med å klyppa av først. Så gjenstod det å sjå korleis eg kledde å shavea halve sida på hodet mens resten var langt. Morosamt å prøve nye ting.

Men med slike Dumbo øyrer som eg har, så kler ein dessverre ikkje alt ein vil eller har sett for seg har eg no erfart :p

 

 

 

Kortare og kortare.

 

 

Til slutt var det ingenting igjen. Vemodigt. Rart å kjenne på. Ein god blanding av stål og dunhår. Men har endå ikkje felt nokre tårer. Sjølv om eg skal ærleg innrømma at det bobla opp av følelsar innvendig og var ganske så spesielt å sjå speilbildet sitt på badet. Har i lang tid no vært Karina med den “skjulte/usynlege” diagnosen MS, men i ei frisk utgave/kropp som går an å gjøyme seg bak. No blei alt plutseleg så tydeleg. Eg vart på sekundet sjåande veldig sjuk ut. Det var kanskje først no ikveld eg kunne ta innover meg at dette faktisk no handlar om liv om død. Ikkje berre pga håret, men fordi eg no faktisk sjølv kan SJÅ sjukdommen- ikkje berre kjenne på den eller få bevis på MR-bilder.

 

        

MEN på ei annen side. Hår er ikkje alt. Eg er fortsatt same Karina. Med eller utan hår. Og forhåpentligvis så kjem eg endå meir styrka utav heile denne opplevelsen. Det har vært så verdt det, på alle måtar. Så har eg jo fått meg ei NYDELIG stamcellesøster som såg ut som den supermodellen etterpå 🙂 Ho kledde det verkeleg! <3 Like nydelig utpå som innvendig <3 Hadde ikkje klart det uten henne! Heilt fantastisk å gi henne ein god klem då det heile var over 🙂

MS can`t break us down! No er me snart i mål begge to 😀 Det er sjølvsagt veldig sårt, ekstremt nakent og svært personleg å dele noko slik som dette. Men eg tenkjer at i den store sammenhengen, så er dette eit viktig bilete av alvoret og kva sjukdommen kan gjer med oss. Og eg håpar at eg kan inspirere andre til å ta rette valg, stå i kampar og aldri gi opp drømmen sin.

 

 

Eg måtte sjølvsagt ringe heim til familien på facetime, utan hodeplagg som sikkert var ganske så stort sjokk for dei også. Spesielt mine små tantebarn, men dei vågde nå ikkje sei noko feil, snille som dei er <3 “Tøfft”- fekk eg ut av dei 😀 Så storfornøgd med den! Det siste eg vil er at sjukdommen no skal bli så “synleg” at den skal virka skremmande på folk og i værste fall mine nærmaste. For den er jo no i sine beste hender her på Pirogov. Eg går jo sakte men sikkert i mål om å stoppe denne sjukdommen no 🙂 Håret kjem til å vekse ut igjen- og på den andre sida har eg heller ikkje få parykkar å velgje i når eg kjem heim 🙂 Så dette kan berre gå rett veg no 😀 Eg kryssar alt eg har!

 

 

 

Etterpå var det ut på byn for å feire eit siste måltid før den harde cellegiftkuren startar imorgon. 3 dosar cellegift kvar einaste dag i heile 4 dagar framover. Før det er innsett av mine nedfryste mirakler som skal gjer underverk mens eg ligg i isolat.

 

 

 

 

Kan nesten ikkje vente med å komme heim til mine kjære no!!

Ta vare på kvarandre <3

 

 

9 kommentarer
    1. Så kom dagen ja ..tror nok vi er mange som har tenkt at det flotte håret ditt blir vondt å miste …vi vet alle hvor “viktig” det er å være fine på håret 🙄 men Karina ….du er like vakker uten . ❤ du ble og er tøff og nydelig . Morsomt å prøve ut tøffe frisyrer med halvt shave og halvt hår 😊 høres ut som du har en flott gjeng rundt deg . Mange varme tanker for dagene fremover ..la cellegiften ta med seg alle dritten . Stor klem Signe Lill

    2. Herregud, du ser jo faktisk pokker så bra ut uten hår, du da! Slett ikke mange som ville ‘landet’ den sveisen på den måten der, ass! Du ser jo ikke syk ut en gang, spør du meg. -Hadde det ikke vært for innlegget, og jeg bare hadde sett bilder av deg uten hår, ville jeg faktisk gått ut fra at du var ei røff & kul dame som hadde tatt håret av egen frie vilje fordi ‘it makes her lool cool’ 🙂

    3. Signe lill waage:
      Det er en stor del av oss kvinner ja.. men kun en bagatell i den store sammenhengen heldigvis ?? Tusen takk for at du syns det, Signe Lill ? Betyr mye!! Har BARE gode folk rundt meg- og det hjelper såå godt på!! Ja nå er eg klar for første dose 🙂 Stor klem 🙂

    4. Første gang jeg er innom bloggen din. Må bare fortelle deg at du er jo smellvakker uten hår og! Hadde jeg sett sånn ut sånn uten hår, tror jeg bare jeg hadde gått for å barbert av alt, synes det var kjempetøft, virkelig <3 🙂
      Ønsker deg alt godt videre 🙂 Stor klem 🙂

    5. Karina du ser heeeeilt fabilous ut! No er håret ditt som den tidlige våren, bart og klart til spirer – og blommane kjem definitivt til å bløma 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg