Første dag med cellegift unnagjort!

I dag starta dagen ca 06.30 av at eg våkna av meg sjølv. Frukosten kom ikkje før i 08.00 tida men både før og etter dette skulle eg ta nokre piller. Så kom dei inn med cellegift-stativet rundt ca kl 10.00. 5 boksar som skulle inn i kroppen. Marius var allerede på plass og holdt meg med selskap.

Så satte dei infusjonen i gong.

 

Det gjekk ganske så smertefritt, kjende nesten ingenting til at det gjekk inn i kroppen. Men blei litt ør i hovudet etterkvart. Vanskeleg å beskrive. Litt skjelven ellers i kroppen. Litt fuzzy og dizzy følelse, men det var visst normalt. Eg prøvde hale ut tida med kryssordløysning, sudoku og haldt meg elles opptatt med å lese flotte meldingar som tikka inn på bloggen min gjennom heile dagen.

Etter dosen som tok ca 2-3 timar tok me oss ein tur ut i det fine veret. Men denne gang med full beskyttelse av munnbind, tildekking av kateter osv. Må jo prøve å holde meg nokonlunde i bevegelse gjennom ein dag. Våren her er nydeleg med fin temperatur! <3

 

Pappsen er også alltid god å ha <3

Klarte faktisk å presse inn litt “work-out” med treningsstrikk, knebøy og diverse i dag . Men det holdt med ei økt på et par minutt :p Får visst litt boost av all desse steroidene trur eg. Og kan ikkje akkurat sei den varte så altfor lenge.  No kjenner eg at eg er bra sliten, trøtt og lei.  

  

Eg prøvde verkeleg i går kveld å svare kvar enkelt av dåke med ei personlig takk til det dåke skreiv på bloggkommentar, men sidan det er heilt elendig nett her på sjukehuset av og til- så merka eg i dag morges at ingen av svarene mine vart blitt sendt. Beklagar dette! Men eg prøver å “like” alle slik at dåke ser at det er sett. Eg får heller ikkje sendt inn ein eigen kommentar for å takka dåke alle, så då prøver eg det her.

Tusen takk for alle gode og flotte ord om at eg “blottla” meg på denne nakne måten igår, all støtte eg dermed fekk og all oppmuntring eg heile tida får undervegs. Både i form av meldingar og til og med framleis bidrag. Dåke gjer meg så uendeleg glad og gir meg motivasjon til å stå på vidare !! Eg les kvar einaste beskjed og kommentar som tikkar inn- og det varmar meir enn eg har ord til å beskrive. TUSEN TAKK!

 

Det er fantastisk å høyra at eg er ein inspirasjon for andre- det er absolutt noko av det eg verkeleg ville få ut av denne prosessen. Kan eg, så kan dåke også 🙂 Positiv mind! Må ærleg innrømme at tårene pressa seg godt på då eg trakk dagens “oppmuntringslapp” frå tantebarna mine i dag ja:

Eg veit ikkje kva eg skulle gjort uten dei heller <3 Som eg også sa tilbake og forsikra dei om.

Heldigvis han eg godt selskap i både pappen og favoritten her <3 Han skal allerede reise heim mandags morgon. Det blir kjipt. Gruer meg litt til å ta avskjed der. Men får berre tenke at då er det ikkje lenge igjen før eg også skal heim att 🙂

Så fekk eg nye piller både før og etter lunsj, før dei starta opp igjen med ny infusjon av steroider.

Då kom hodepinen på plass- så dette fekk eg litt smertestillende for, så då kom det seg 🙂 Prøvde også parykken litt i dag. Føles uvant det også. Klør litt og føles ikkje heilt ut som meg det heller. Men ein føler seg i det minste litt meir feminin og konfortabel enn uten hår 🙂

 

No på ettermiddag/kveldstid har eg også tatt nye medikamenter både før og etter kvelds, og også fått ein infusjonsdose kl 20.00 som skulle hjelpe for nyrer og leverfunksjon ( supportiv medication infusion- som dei kallar det så fint).

No kjenner eg at kroppen vil ta kveld, og det skal bli jysla godt med ei god nattesøvn no! 🙂 So long peeps! No skal batteriene ladast! Dette går bra!

 

Ta vare på kvarandre <3 GOD NATT FRÅ RUSSLAND!

 

 

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg