Nok ein dag med cellegift! MS you are going down!

I dag gjekk det like smertefritt med cellegift runde 2. Ingen kvalme eller ubehag. Kun litt trøytt og sliten.

Sameleis med steroidene, var inne på null komma niks og også utan bivirkningar. Må på do heile tida einaste. Så har eg ein sterk mistanke om at steroidene har funnet seg ein god og lun heim i kinnene mine og rundt ansiktet for tida. For her esar det ut, spør du meg. Men nok ein liten bagatell i den store sammenhengen.

 

Så det har blitt ein del soving og lesing av dikt i dag ja:) For å samle på krefter.

Ellers er det ein kabal å hugse på alle piller som skal tas både før, etter og undervegs i alle måltidene. Men heldigvis har eg eit notatark som kan minne meg på dette dersom brain-fogen meldar seg heilt ut.

I dag fekk eg nok eit hyggelig besøk av skjønnaste Dr.Fedorenko som stadig kjem innom for å sjekkar til at alle pasientane hans har det bra. Han betrygga meg nok ein gong om kor heldig eg var som hadde eit så godt og kjærleg støtteapparat rundt meg både i form av familie og venner- men også av legar og pasientar her på sjukehuset. Me var eit godt team meinte han!

 

Han kunne heller ikkje få sagt det nok kor bra det var at me var tidlig ute i dette sjukdomsforløpet mitt, for i følge statestikkane så hadde sjansen min på å havna i rullestol innan 10 år (altså innan eg fyller 37 år) vært på 60 % utan behandling. Og innan 20 år (47 år) på 90% utan behandling. Dette er ikkje ein sjanse eg er villig til å ta. Eg skal bli ei sprek og aktiv mamma for mine barn, så dette er berre uaktuelt! Så jo tidligare ute me er no, jo betre 🙂 Eg stolar heilt og fullt på Dr.Fedorenko <3 Han har allereie fått ein STOR plass i hjerta mitt. Og det vil han alltid ha. Uannsett korleis dette går. Han brenn ikkje berre for pasientane sine, men han brenn verkeleg for kvar enkeltes individuelle oppfølging- og at man er medmennesker oppi det heile, som verkeleg bryr seg om kvarandre. Blir heilt rørt av heile mannen.

Elles kom mi skjønne stamcellesis (Coleen) innom på besøk til meg på rommet i dag for å slå av ein prat, før me tok turen ut for a walk in the park på sjukehusområdet. Det er så fantastisk godt å ha nokon å dele alle tankar, spørsmål, bekymringar og følelsar med. Me tenkjer så likt, er så like i personlighet og er elles også like positive til heile løpet begge to. Ho har heller ingen bivirkningar så langt i cellegifta utanom fatique og trøtthet. Og våre firbeinte babyar heime er berre ca 2 veker vekke frå oss no <3 Det er verkeleg noko å sjå fram til! STOR motivasjon!

   

Imorgon reiser Marius dessverre heim igjen til Norge. Då har han allerede vært her i heile 2 veker. Tenk at tida har flydd så fort! No er me faktisk snart halvveis i løpet. Dette måtte jo nesten feirast litt. Nei, misforstå meg rett. Det skulle ikkje bli ei feiring av at han skulle dra,  men litt stas og kos måtte me ha siste kvelden likevel. Så me gjekk oss ein tur på sykehusområdet, spelte ein del kort, løyste sudoku og bestilte oss deilig pizzafest på sjukehuset etterfulgt av ei skikkelig kaffistund med noko godt attåt 🙂

 

Ute prøvde eg meg med parykk i dag, uvant dette også:

 

Så kom det mest hjerteskjærande på heile turen så langt. Eg hadde jo klart å vært såå sterk fram til no. Men no berre braut tårene saman. Sikkert all drugs som er innabords også som spelar ei god rolle men.  Eg veit at me sjåast snart igjen, men berre tanken på at han skal heim no og at eg fortsatt har halve del av den mest risikofylte delen av behandlinga igjen utan han, er ein smule skremmande tanke. På ei annen side er følelser KUN eit godt teikn på at me er glade i kvarandre og har det godt. Og me veit jo begge to at dette skal gå bra. Eg har jo framleis pappa med meg. No skal eg berre samle kreftene i natt og gi jernet imorgon igjen på 3.cellegiftkur- bring it on bitch!

Og Marius- når eg kjem heim skal eg etterkvart bygga meg opp igjen til å  bli den sambuaren og kjærasten du verkeleg fortjener, det lovar eg 🙂 Takk for at du var med på denne reisen med meg <3

So long! Igjen, takk for alle støttemeldingar og oppmuntringar <3 Dei kjem svært godt med!! <3 Set såå stor pris på kvar og ein av dåke!

Ta vare på kvarandre <3

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg