Då var me halveis, no er det berre å telje ned til heimreise!

Idag var endelig 4. dag av cellegifta kommen! Eg har sett såå fram til å bli ferdig med denne dagen! Våkna med eit stort smil og tenkte at no er det berre denne økta igjen- før resten av prosedyren kan gå vidare. Eit steg nærmare målet. Vakkert bilde ja- Litt humoristisk sans er viktig, eller kva? 🙂

HURRA!! Då kom eg meg heilskinna gjennom dette også 😀

Ein smule slakk i blikket idag også, så det blei ein powernap før pappa kom på besøk ja.

Pappa så sprek som han er, tok han seg ein joggetur bort til meg idag og tok nokre nydelege bilete eg spurte om eg kunne få dela med dåke her. Det er jo så idyllisk her, spesielt no på våren!! 🙂

Høyrer rykter om at det er fint ver heime også, det er jo berre velstand 🙂 Skal bli godt å komme heim att også då, sjølv om det blir ein smule skummelt å forlate denne trygge plassen her!

 

På formiddagen idag var eg nok ein gong ute ein tur i sola med mi stamcellesis Coleen, for å slå av ein prat og vere litt sosiale. Kan ikkje liggje i sjukehussenga heile dagane veit du. Er så glad for at eg har blitt kjend med denne fantastiske herlige jenta her! <3 Heilt unik!

Eg unna meg også med ein Kinder Maxi ute i sola idag, sjølv om den smelta relativt fort:p Må ete det eg kan ete no, før det blir strengare og strengare jo nærmare det nærmar seg isolasjonstida. Då skal all mat varmast opp og ein kan ikkje ete alt det ein vil lenger.

Igår kveld fekk eg allerede beskjed frå Dr.Fedorenko om at eg skulle flytte inn på eit nytt rom idag. Ein relativt mindre, der eg skal både få innsatt stamcellene mine på torsdag og oppholde meg i isolasjonstida etter den tid. Så dette var jo spennande idag! Allerede etter lunsj kom dei trillande inn med ei handlevogn som eg kunne putte alle sakene mine oppi, og dei bar med seg bagasjen min inn på lukket avdeling (trasplantasjonsavdelinga).

Hadet mitt gamle rom på 201! Takk for no!

Velkommen til mitt nye rom på 225:

Her er gangen utenfor rommet mitt, og vinduene er beskytta med to vinduer. Og inn isolasjonsdøra mi er det kun personale ikledd heile draktar som får tilltatelse til å komme innom meg frå torsdag av.

Det var eit mindre rom ja, men for all del heilt passeleg og stort nok til meg. Det første eg gjorde var å pakke ut og henge opp alle motivasjonsbildene og lappane mine på veggane igjen. Pappa kunne jobbe litt frå skrivebordet imens eg styrte på. Passeleg lite bad har eg også fått med eigen dusj. Og store nok skap til både det litle av klær eg har med meg, men også det svære lageret av mat som eg har gjøymt godt på. Så tok pappa seg ein kvil mens eg såg litt på serie. Chill dag! Seinare på dagen tok me oss nokre rundar ute på sjukehustunet igjen. Heilt fantastisk ver!

Då me kom inn igjen var det på an igjen med steroidar, tabelettar og infusjonar som skal balansere nyrefunksjon osv. Kva skulle eg vel gjort uten pappa her no? Trur verkeleg ikkje eg hadde klart meg her på egenhand, sjølv om eg er sta som eit esel – så er det godt med den ekstra tryggheten av å ha pappa her.

Me drikk kaffi ilag kvar dag, med noko godt attåt, spelar kort- og idag gruste eg han faktisk også  i både Casino og Idioten (får nesten for hans skyld skulda på boosten frå steroidene, for dette er ikkje vanleg) ! Så beklagar pappa- du måtte gi deg med tap. Trur neppe han kjem til å få sove like godt inatt som meg.

Imorgen er den store kviledagen! Og det ser eg verkeleg fram til ! Då skal eg berre slappe av, såve så mykje eg kan og ta livet heilt med ro 🙂 Pappa skal inn og oppleve paraden på den røde plass i Moskva city! Dette blir sikkert ein stor opplevelse 😀 

Ta vare på kvarandre <3 Og takk igjen for all omtanke og støtte! Evig takknemlig!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg