Dag 1 i isolasjon!

I dag fekk eg faktisk sove litt frampå. Dei kom ikkje inn for å vekka meg før ca kl. 08.00. Prøvde muligens før dette, men då verka nok sovetablettane så godt.

Då var det tid for den store isolasjonsdagen!

Eg har sagt det før, og eg seier det gjerne igjen. Eg kjem aldri til å angra på at eg tok sjansen på denne behandlinga så tidleg ute i sjukdomsforløpet mitt som eg var. Eg kjem aldri til å angra! Det har vore så verdt det, på alle måtar. Og eg har aldri følt meg så trygg som eg gjer på sjukehuset her i Moskva nett no.

Dei starta med å måle blodtrykk, tok temperaturen, satte ei injeksjonssprøyte truleg for å få ned leukocytt-nivået mitt. Så samla dei nokre glas med blodprøvar og gav meg steroidar. Alt såg normalt ut sa dei, og dei kom også med gode nyheter om at nivåene mine er begynt å synka slik som dei skal. Dette var det sjølve legane som var inne for å informere om. Alle står på for oss her borte!

  

Sidan klokka allereie var så mykje så var det jo snart frukost, og det var det jo berre å sjå fram til!

Sola strålte på utsida av vindauget mitt også- så dette kom til å bli ein fin dag- å sitje inne på… 🙂

Det blei det same gamle på meg i dag også. Kokte egg på grov rista skive og ostesmørbrød med krydder på:) Og ein varm og deilig kopp te (med melk!) Det er nok kanskje mogleg at eg kjem til å gå lei denne same frukost maten ei veke i strekk – men det held enn så lenge. Har jo havregryn som eg også kan lage meg ein dag!

Elles har eg stadig kontakt med stamcellesis Coleen, som også ligg på isolat no. Me held kvarandre heile tida oppdaterte og motiverer kvarandre stadig når det oppstår tøffe stunder. Men me held humøret stort sett oppe- og det hjelper! Det smittar 😀

Så var det tid for gjennomgang av kva slags klede og ting eg skulle ha med meg på rommet og ikkje. Dette var det fantastiske Anastasia som var med på for å vise meg. Kun det mest nødvendige. Så eg har framleis nokre eigne klesplagg- men brukar helst sjukehusklede for å vere på den sikre sida.

   

Så kom det ei fantastisk dame som heiter Irina inn for å hjelpe meg med å sterilisere rommet, gjere senga rein og lære meg korleis eg vaskar meg frå topp til tå med vodka/sprit for å bli heilt rein !!

Ei flaske med flytande væske som skal smørjast på heile kroppen etter ein dusj.

  

Så ei eiga flaske for private deler, inkludert ansiktet.

Så ei rød flaske med noko sterkt i. Dette skal blandast ut med litt vatn, før skylling av tennene.  Eg får ikkje lenger lov å pussa tennene med soft tannkost, i fare for å irritere tannkjøtt og risikere blødningar.

 

For ei sprudlande herleg dame som hjalp meg med å forklare godt, på engelsk, korleis dette skulle gjerast. Så skrubba ho også baksida av ryggen min sidan det ikkje var så lett sjølv.

 

Kofferten blei fjerna og no var rommet sterilt og klart for innflytting av isolatpasienten i kvitt her.

 

Så kom lunsjen. Joda, kjøttet gjekk an det altså- med litt krydder på! Men saknar saus <3

Heldigvis hadde eg mange fine ting å sjå fram til i dag. Det fyrste eg tenkte eg ville gjera var å ta fram kortet som eg fekk frå mi gode veninne, Elise, då eg reiste. Dette har eg spart på. Fantastisk rørande! Skal ikkje dele alt av  innhaldet her, då det er svært personleg eigentleg-  men må ærleg innrømma at det rann nokre tårer. Eg er heldig som har så mange fantastisk gode veninner rundt meg!

 

Så sysselsette eg meg litt med litt Sudoku igjen og “One Tree Hill” serie som eg har fått låna av mi kjære Malene.

 

Så var det tid for middag! Alltid like spennande… !!

Det var absolutt etandes, men det gjekk nokre skiver med toast og ost i dette måltidet også 🙂 Skal ikkje leggja skjul på det.

Ellers var denne cappuchino-proteinshaken veldig god til litt serietid 🙂

No ikveld har eg facetima med både ho mor, far, søster og tantebarn på samme chatt samtidig. Eg er så heldig som har ei så massiv støtte der heime <3 Frå både familie og dåke andre i lokalsamfunnet! Får stadig helsingar frå familien og personlege helsingar sjølv på både blogg og meldingar! Men det er vanskeleg å rekke over for å takke alle- men eg vil at de skal veta at eg sett utruleg stor pris på dåke <3 Det betyr enormt! Og det hjelper absolutt på min “Recovery” å få så mykje støtte og kjærleik 🙂

 

Eg er klar over at denne isolasjonstida handlar mest mogleg om kvile og opptrening mentalt, så eg fokuserar på å være sterk og tenke positivt.

   

Ta vare på kvarandre <3

 

Eg har gitt alt eg kan no for å få livet mitt tilbake på rett spor <3 Og dette skal eg fortsette med når eg kjem heim att!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg