Ute i det fri!

I dag har det vert ein roleg dag med lite steroidar og det vanlege. Istaden fekk eg meg eit stikk i rumpa som skulle hjelpa for å kutte ned på steroidedosane som eg har fått kvar dag fram til no. Og det merkast fort at eg no ikkje lenger får dette. Eg vart veldig trøtt i dag. Lite energi. Så dei steroidane har nok boosta meg opp ein del for å sei det mildt ja.

Maten var nå den same gamle. Gledar meg heilt vilt til å kome heim att til norsk mat.

 

 

Så i lunsjtider idag var jo den store dagen då dei skulle dei fjerne venekateteret mitt. Endeleg! Det som eg har gått med sååå lenge no.

  

Dette skulle jo eigentleg pappa kome for å vere med på, slik at han kunne filme. Men sidan han akkurat ikkje rakk det, måtte pysa sjølv ta saka i egne hender og filme sjølv. Gjekk fint det også. Såg jo ein annan veg. Og det var fort gjort.

Slik såg dette ut for dei som ynskjer å sjå filmen:

https://www.youtube.com/watch?v=ymZV7vFqRd0

Ellers kom no han godeste far på besøk, litt i seinaste laget til å få med seg dagens happening- men det gjorde ikkje noko. Me drakk kaffi, las litt bok og chillan i godt selskap. I morgon skal me også ha den avsluttande samtalen med Dr.Fedorenko kl 11.00, så då er det alltid greit å vera litt forberedt på kva me skal spørja om. Så me brukte litt tid på å skrive ned nokre spørsmål til han på det meste av det me lurar på no i framtida som kjem etter me kjem tilbake til Norge.

 

Me hadde planar om å ta oss ein tur utforbi sjukehusbygget og nærme oss den “farlege verdenen” som ventar der ute no, med mine forholdsvis låge verdiar og fortsatt svake immunforsvar. Hadde ein del handling som måtte gjerast og ville kose oss litt ilag på ein restaurang etter gamalt. Før me gjorde dette tok me turen innom mi kjære stamsis, Coleen, som kom ut av isolasjon i dag. Ho var fortsatt svak og våga seg ikkje langt utanfor sjukehuset. Forståeleg nok. Sikkert lurt å vere på den sikre sida når verdiane ikkje er heilt på topp. Det er jo ikkje mine heller, men ligg litt høgare enn hennar.

               

Eg tok meg meg litt godsaker inn til henne og gav henne ein varm god og etterlengta klem. Ho jobbar som designer til vanleg, og idag hadde ho holdt på med bileter av oss og meg i heile dag. Snille, flinke, skjønne, Coleen. Dei blei jo utruleg flotte!! Fekk lov av ho å publisere nokre av kunstverka hennar her på bloggen. Gruar meg ihel til siste dagen ilag med henne imorgon. Men eg veit me kjem til å halde kontakten <3 Så det blir ikkje det siste dåke ser av oss to nei.

                 

Så var det ut på gata. Me gjekk eit godt stykke før me fann eit passande kjøpesenter å gå innom. Det var då det slo meg kor dårleg formen min no eigentleg var. Andpusten berre av å gå små strekningar jo, i roleg tempo. Og vanskeleg var det også å puste sidan eg måtte ha på meg dette munnbindet heile tida.

Etter mykje trakking var det verkeleg godt å setja seg ned på ein god restaurant der dei faktisk hadde enormt god mat også!!  

For eit vellykka valg av plass og hovedrett! Midt i blinken! Så facetima me litt med mamsen, før me tok kvelden.

Og fyttikatta, no kjenner eg det skal bli sååå godt med ei god natt søvn. Tek nok 2 sovepiller i dag også berre for å vere på den sikre sida. Men trur eg hadde klart meg fint utan også for kroppen er utruleg tung og sliten og augene dett nesten igjen her eg sit å skriv.

Men no er gåven til min godeste Dr.Fedorenko klar, som han skal få på samtalen vår imorgon. Norsk hjertesjokolade, norsk rett i koppen, personleg skriven kort til han, endå meir sjokolade, fruitella, nokre kjeks og litt godt i glaset. Eg kan jo ikkje få takka denne mannen og teamet hans nok for alt det han har gjort for meg under heile dette opphadet.

  

Ta vare på kvarandre <3 Takk for at så mange les bloggen min om dagane! Det varmar! Kun 1 dag igjen no til det er heimreisedag!

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg