Siste dag på Pirogov Medical Center!

I dag starta dei morgonen like tidleg som alltid. Men det er eg blitt vane med no, så det går heilt fint. Denne gangen måtte dei finne fram blodårene mine i armen, noko som ikkje alltid er like lett hos meg- for å tappe ein del blodprøveglas. Men det gjekk no til slutt det også 🙂 Fekk også tatt meg ein dusj (utan vodka) og fått skifta bandasjen på halsen.

  

I natt hadde eg litt lite å gjere på tydelegvis, så eg tok fram barberhøvelen og begynte å fjerne siste dunhår på hovudet. Såg jo ut som ein nyklekka kylling på hovudet. Men det var ein spesiell opplevelse å faktisk gjere dette sjølv. Fjerne alt av hårtustar på hovudet. No likna eg verkeleg på eit egg. Men det skal jo vokse ut igjen. Og det fins heldigvis hovudplagg. So lets do this, tenkte eg!

   

Trur pappa fekk litt sjokk då han kom innom seinare på dagen og eg kasta hua.

Så var det tid for pakking. Triste greier. All den fine dekorasjonen min på veggen skulle ned. Kjem verkeleg til å savne dette rommet mitt her. Borte bra, men heime definitivt best.

 

            

Har ein del gjenståande mat som eg ikkje har fått ete opp- utruleg nok ( sjølv om eg har lagt på meg 3-4 kilo her nede). Så dette tenkte eg at eg skulle gje vidare til dei andre norske på naborommet som snart skal inn i sin isolasjonsperiode.

Trakk mine siste oppmuntringslappar i dag også, fall nokre tårer då også.

       

Så var det tid for å gjere klar presangane til alle som jobbar her. Eg har laga to spesielle gaver til mine stamcellesøstre. Og sjølvsagt to spesielle gaver til mine englar- Dr. Fedorenko og Anastasia. Så måtte jo sjølvsagt resten av staffen også få noko. Så både sjukepleiarar, legar, vaskehjelp og kokkar har fått helsing med kort og gave frå meg som står klar til å gi imorgon når eg reiser.

    

Maten var den same i dag og. Men no er det heldigvis berre ein dag igjen til eg er heime på norsk jord og kan få tak i normal norsk mat.

  

Dr.Fedorenko var innom med prøveresultata mine i dag, som fortsatt stig og ser bra ut. Anastasia stakk også innom for å seie hei og be meg fylle ut nokre skjema. For ei skjønn dame. Og for ein inspirasjon ho er. Hatt sjukdommen sjølv og ser sååå strålande bra ut no!

        

Så kom pappa rundt 12 tida for me skulle ha den siste samtalen med Dr. Fedorenko i dag.

Får ikkje sagt det nok- FOR ein mann han er! Han ga oss alt av informasjon for tida framover og han svarte oss på alle spørsmål me hadde.

Han gav oss alle resultater på undersøkingar som eg har hatt på sjukehuset her under heile opphaldet- i fleire eksemplar slik at eg kan dele med både fastlege, nevrolog og ha ein kopi sjølv. Han gav meg alle MR bildene både på CD og i papirform.

   

Han fekk ikkje sagt nok at om det var noko, så kunne me ta kontakt kva tid som helst- entan ringe han eller sende mail. Dette kunne også fastlegen min benytte seg av om han ville. For ein service!

   

Eg avslutta med å gi han gaven frå meg- men då svara han at den største gaven eg kunne gi han var å no bli frisk (tenke at eg er MS FRI) og kome att til Russland for 5.års MRI sjekk ilag med mine framtidige barn, og få påvist at det fortsatt då er ingen aktiv MS i kroppen min. Det ville vært den perfekte gave frå meg til han, meinte han. Og det skal eg verkeleg gjere. Det viktigaste no når eg kom heim var å lytte til kroppen, bruke den tida det tar for recovery, ikkje stresse, ha humøret oppe, ete sunt og ha ein aktiv livsstil.  TUSEN TAKK IGJEN, Dr. Fedorenko! Du har verkeleg gitt meg ein ny start på livet!

     

Selfie måtte sjølvsagt også med til slutt! Og tru meg. Eg skal ta både 1 og 5.års kontrollen min her på sjukehuset hos Dr. Fedorenko igjen. Stolar ikkje litt på dei MR maskinane i Noreg lenger. No skal eg kun vere på den sikre sida framover. Og følge Fedorenko`s råd for eit godt MS FRITT liv.

Så kjem det store spørsmålet: Skal eg reise med parykk, hue eller skaut imorgon? Folk vil uannsett glo seg ihel på at eg fer rundt med maske.

     

Så gjekk eg og pappa ut på ein restaurant for å nyte siste kvelden ilag i Moskva- ut i det fri igjen. Såå herleg å endeleg ha lov å kome ut etter å ha vært “innesperra” i 6 døgn. Men livet smiler og er no fint. No skal me snart heim til våre kjære! Me blir henta kl 3 på sjukehuset imorgon og frakta til flyplassen. Landar vel i Bergen rundt kl 22.00 imorgon kveld.

      

                 

Før eg tok kveld måtte eg innom “storesøster” ein tur. Ho har fått dagens dose Rituximab og var veldig sliten av den, forståeleg nok. Men eg hadde med meg ein liten oppmuntringsgave til henne også- så ho skulle få ta med seg heim no sidan eg reiser. Tårene kom trillande på då ho las brevet mitt, og me klemte og klemte. Eg er så takknemleg for å ha knytta eit så sterkt bånd med Coleen, noko eg veit vil vare livet ut.

     

I dag la me ingen skjul på kampen me har kjempa heller. Det har vært ei tøff behandling, men me har vore sterke gjennom det heile. Men i dag bestemte me oss for å hiva av alt av hodeplagg på siste bildene. No er me begge totalt skalla. Så her kjem den nakne sannheten. Be aware!!

 

Bald is beautiful- hair is just hair.

Eg hugsar eg var fast bestemt på at INGEN skulle sjå meg skalla- det var noko av det verste som verkeleg kunne skje. Men her nede lev alle i ei slags boble på sjukehuset, alle skal gjennom det same, og me gjer kvarandre sterkare ved å visa våre styrker og svakheter. Dette er berre ein prosess me alle må gjennom. Og hår- det er verkeleg bagatell i den store sammenhengen her. Det er alltid det på innsida som teller <3 Og tru meg- her er det mange flotte og inspirerande sjeler rundtomkring.

 

Ta vare på kvarandre <3 I morgon reiser eg heim til “mitt nye friske liv” i Norge! Klarar nesten ikkje vente!!

God natt!

 

 

5 kommentarer
    1. Dåkkår e skjønne , tøffe og modige unge damer . Måtte hell og lykke følge dere videer ❤ takk for at jeg har fått følge deg . Du har vist oss en virkelighet ikke jeg visste noe om ihvertfall . Denne informasjonen er viktig å bringe videre slik at andre som blir syke vet om den. God tur hjem . Du er snill Karina , tenker på alle med gave 💕😘

    2. Signe lill waage:
      Tusen takk, Signe Lill ?
      Og tusen takk for at du har villet følge meg på denne reisen! Ja denne informasjonen / behandlingen er virkelig noe som må frem i lyset som jeg også håper på at den gjør nå snart.. Jeg skal hvertfall kjempe for at den gjør det!! 🙂 Takk for det, Signe Lill <3 Ikke meningen at alle mine hjerter av en eller annen grunn blir til spørsmålstegn.. de er godt ment ???

    3. Så flott! Håper du får ett ms fritt liv. Tenkt at det er mulig med slik behandling. Så bra. Kan jeg spørre hva som feiler søsteren din? Hva slags sykdom har hun siden hun får rituximab?

    4. Elisabeth:
      Takk for det, Elisabeth! Ja det er helt fantastisk! Søsteren min? Tenker du på stamcellesøsteren min? Det er jeg som har fått Rituximab for min MS diagnose.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg