Livet er herleg!

Tirsdag kveld kom me heim att til Noreg. Etter ein heil månad i Russland. Gu, som eg savnar det landet. Dei folka. For ikkje å snakke om den unike moglegheita dei gav meg ved å gi meg eit nytt reboosta immunforsvar. 

             

Onsdagen gjekk i utpakking, kvile og besøk av mine kjære foreldre og svigerforeldre. Eg fekk også endeleg Dex`en min heim attt. Det var godt. 

          

I går fekk me endeleg bagasjen vår igjen ( som vart forsinka grunna me ikkje henta den i Oslo og sendte den vidare derifrå til Bergen). Men no har eg i alle fall alle tingene mine igjen, endeleg 🙂 Fletta mi som røyk måtte sjølvsagt opp på veggen. Det same måtte dekorasjonane og suvenirene frå mi kjære stamcellesøster, Coleen. Hundegalne oss veit du (denne hunden likna, i følge henne, på Dex) , ein lykkestein og eit nydeleg armbånd. 

           

Så var det tid for fyrste legevisitt etter heimkomst. Satt vel 1,5 time i kø før eg slapp inn. Og ikkje nok med det- men maske på offentlege stader er jo påkrevd no som immunforsvaret mitt er på bunn, så det vart nokre lange minutt å sitje der å vente og puste tungt.

         

Antibac er biltt ein stor del av vår kvardag. Både før og etter måltid og før og etter kos med lille Dex`en. 

Då eg endeleg slapp inn fekk eg fortelja legen min om den gode oppfølginga i Moskva- og han såg at det var gjort ein grundig behandling då han las gjennom alle dokumenta eg hadde med til han frå Dr. Fedorenko.

         

          

No gjenstod det berre å ta blodprøvar og følge oppskrifta med dette framover:

Men sidan det var komen så langt på dag så fekk eg ikkje tatt blodprøvane idag. Måtte kome igjen neste dag litt tidleg på formiddagen, for å ta dei. Så dei blei tatt idag morges istaden. 

      

Resten av dagen igår brukte me på å nyte livet på terrassen i sola. I både dei nye hagemøblane men også på teppe rett på terrassen. Herleg! For eit nydeleg ver å kome heim til! Kunne jo ikkje blitt betre!

            

Merket mitt på halsen  min vil framleis ikkje gå vekk, sjølv om eg dusjar og prøvar å skrubbe fargen av. Det var jo her dei hadde venekateteret, så er det også blitt litt sårt rundt der plasteret var limt fast. 

           

            

Etter litt solings med HØG solfaktor, bestemte me oss for å gå ein tur med lille Dex`en vår. Det er viktig å halde seg i aktivitet for min del- men ikkje å overdrive. Eg skal ikkje bli andpusten eller få opp pulsen slik at eg kjenner hjertebank har eg fått beskjed om. Så det blir rolege turar. 

                                                            

                         

               

Eg er så glad for at Marius er heime og kan ta seg litt av meg denne tida her. Eg veit verkeleg ikkje kva eg skulle gjort utan han. Han handlar for meg, lagar middag, ryddar etter middag og lar meg ta livet med knusande ro. Han er berre heilt fantastisk. Prøvde ta eit romantisk bilete av heile familien, men det blei skikkeleg uklårt- noko han var godt fornøgd med. 

       

Elles fekk eg meg nokre nydelege blomar på døra igår av mi fantastiske gamle kollega, Kari Anne. Du er berre sååå god, Kari Anne. Tusen takk!

Har også fått tid til å prøve litt diverse parykkar.

                              

Men i denne sommarvarmen her så er det faktisk skikkelig varmt å gå med parykk og det klør og det er såå mykje bedre å kun gå med caps. Dette er eit bilete som kan beskrive den frustrasjonen og følelsen av kor hett det er å gå med parykk på dagar som dette (humor er alltid viktig):

Å kun gå med caps er faktisk ganske så deiligt. Sjølv om ein då ser skallen. Men alle veit, eg har jo ikkje hår nett no. This is the ugly truth for a while. Men det er og skal bli såå verdt det.

Elles har eg og Marius bestemt oss for å leve sunnare, prøve i alle fall. Litt lettare når me er to. Eg må jo prøve å legge om kosthaldet litt, han treng jo ikkje i den forstand- men det skadar jo aldri å ete litt sunnare. Også er me blitt flinkare på å nyte kvart einaste måltid til det fulle. Med skikkelig mat og ro, utan forstyrrelsar frå mobilar og diverse. 

        

Men det er lov å unne seg noko godt i blandt. Og for min del blir dette kvar lørdag- ostepopp og sjølvsagt pepsi Max (kanskje litt oftare enn kun lørdagen også). 

     

På kvelden fekk me kaffibesøk av mine sårt savna tantebarn, søster og svoger og broder og svigerinne. Sååå godt å sjå gjengen igjen!! 🙂 

      

Eg fekk også ei skikkelig kjekk gåve frå Mari ( mi svigerinne) – eit album som eg kan skrive og lime inn alle minnene frå denne reisa i. 

        

Idag har me også nytt dagen med ein skikkelig god frukost, gått oss ein spasertur på butikken og nytt dagen på terrassen og inne i sofaen framfor Ipaden. 

                

        

Varmt på lille gullet i denna varmen- så litt bading og drikking må til av og til. Herlegast er det å liggja i skyggen, seie han! 

       

         

Helsa om dagen er nokså god. Overraskande bra faktisk. Berre veldig trøytt og sliten, meir enn eg var før. Så det skal ikkje så mykje til før eg treng ein heftig dose powernap. Så har også tåkesynet på høgre auga forverra seg litt, men dei sa symptom kunne bli verre før dei blei betre. Så eg smørjer meg med tolmod og håpar på det beste. Det er mykje steroidar, medikament og cellegift som skal ut av denne litle kroppen. Så det kjem nok til å ta litt tid før eg 100% er tilbake der eg vil vera- men I will be back. Just wait for it. Eg føler og trur at eg no er MS fri. Og det er det viktigaste! Så skal helsa og immunforsvaret mitt få den tida den treng til å bygge seg opp igjen, null stress, eg har god tid. 

Ta vare på kvarandre <3 

 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg