Count your blessings, not your problems!

I dag har eg berre nytt livet på terrassen til litt “meditasjons-musikk”.
Elles har me gått litt tur og Dex`en har fått bada/avkjølt seg i stampen sin. Livet er herleg om dagane altså! Livet smiler!

    

 

Det var då eg fann ut at eg skulle skriva eit innlegg om kor heldig eg er, og kor mykje eg har å vera takksam for. Bloggen min heiter jo “Bethankful”, så det kunne jo ikkje passa betre at eg då fortalde litt om kva eg er takksam for. Tittelen på bloggen lagde eg då eg fekk diagnosen MS og byrja blogga, då verden  rett og slett raste saman for meg. Det var då eg fann ut at eg måtte finna andre lyspunkt i livet og at livet no plutseleg vart veldig skjørt. Eg hadde ikkje satt nok pris på det livet eg hadde, før det no plutseleg føltes for seint. 

 

 

Fann også eit inspirerande vidio av ein klok mann, som eg gjerne vil dela med dåke. Den er litt lang, men har eit veldig godt poeng. Kloke ord frå ein klok mann. 

 

     

 

Klikk på linken under for å sjå denne filmen:

https://www.youtube.com/watch?v=UGyKmiySTv8

 

  

 

Så her kjem lista over kva eg er takksam for, og det kan vera at eg har gløymt noko vesentleg viktig. Poenget er berre det at ein har så mykje å setje pris på i livet, visst man berre tenkjer over det. Det er så lett å hengje seg opp i små bagatellar og problem som er heilt betydningslause i den store samanhengen. 

 

  

Og der også har man eit valg- korleis møter man motstand, korleis taklar man at ting ikkje går vår veg alltid? Tar man det med eit smil og prøver å sjå moglegheitane man har, eller rasar verden fort saman fordi det ikkje gjekk akkurat slik me hadde forventa. Det handlar om å holde humøret oppe og vere positiv så lenge det er mogleg.

 

Eg er uendeleg takksam for mange ting, blandt anna :

– At eg har ein familie som er så knytta med nære bånd. Som bryr seg så mykje om kvarandre og som er så glad i kvarandre som me er.

– At eg har fått ein fantastisk bror og ei fantastisk søster, som eg er så uendeleg glad i. Samt fantastisk svoger og svigerinne. Godt valg- begge to!

– At eg enda har friske og fantastiske foreldre som støttar meg, alltid – uannsett kva det skulle vera. 

 

     

 

– At eg har verdens beste kjærast, Marius. Veit ikkje kva eg skulle gjort utan denne fantastiske guten.

– At eg har så GODE venner rundt meg, som støttar meg gjennom tjukt og tynt. 

– At eg har verdens beste venninde/”søster”- Johanne.

– At eg har ei stor slekt som held kontakten. 

 

 

– At eg har eit så godt forhold til mine svigerforeldre som eg er blitt så glad i. Sameleis med resten av svigerfamilien og besteforeldra. Er nesten blitt som mine eigne, blitt så glad i dei. 

– At eg har verdens skjønnaste og kjærligaste snille hund / baby (lille Dex). Som alltid trør etter meg i hælane kvar enn eg går, for å passe på ho mor. 

– At eg har fått meg utdanning og yrkestittel som “Førskulelærar”- verdens viktigaste og beste jobb. Med fantastiske kollega, born og foreldre. 

 

 

– At eg har fått møtt så mange fantastisk flotte små mennesker rundtom i barnehagane som eg har fått æra av å vera med på å påverke i rett retning i livet, i form av lærdom, kjærleik og rettleiing. Og som eg håpar at eg har gjort eit godt inntrykk på, slik som dei absolutt har gjort for min del- kvar og ein av dei. Kjem til å ha ein plass i hjarta mitt for alltid. 

 

– At eg lev i landet Norge med fred og respektfulle mennesker rundt oss. 

– At eg aldri har fått opplevd krig eller andre tragedier og katastrofer.

– At eg har fått ein så god barndom med så mange gode minner å sjå tilbake på. Spesielt kan eg mimre tilbake på gode stunder med mine besteforeldre som desverre ikkje lenger er med meg ( men som eg trur allikevel har eit auge over oss alle). 

– At eg har vert så heldig å vakse opp på ein gård ilag med dyr.

– At eg har fått verdens kjekkaste og snillaste tantebarn, Nikolai og Sebastian. Det er ein ære å få kalla seg tanta deira.

– At eg har møtt på motgang har lært meg mykje, om meg sjølv og livet generelt. Om det å setja meir pris på livet og vere klar over kor skjørt det eigentleg er og plutseleg kan bli.

– At eg har tak over hovudet (hus), garasje, bil, terrasse, jobb, inntekt, klær, mat og tilgang på vatn. Det er materielle ting som ikkje har så stor betydning- men som me allikevel ofte tar for gitt. Mange har ikkje dette. Difor er det viktig at me tenkjer over at me er heldige på dette punktet også.

– At eg har fått moglegheiten til å gå på skule. Mykje kunnskap har gått rett inn og rett ut igjen, det skal ærleg innrømmast. Men hadde det ikkje vært for engelsk- undervisninga hadde eg ikkje fått knytta dei bånda eg gjorde når eg var i Russland. Skulle man kommunisere der, var einaste alternativet engelsk. 

– At eg har mulighet til å både dra på sjøen om eg vil, eller ta meg ein fjelltur i Vindmølleparken. At eg kan reise dersom eg vil. At eg rett og slett har FRIHET og MOGLEGHEIT til å gjere nett det eg vil. 

      

– At eg har moglegheit til å skriva eit slikt blogginnlegg som dette (ytringsfrihet) og kunne stå for det eg meinar og deretter få respekt for dette.  på l

– At eg har fått kome så nært innpå ulike diagnosar som MS (meg), kols og leddgikt (bestemor), kreft (farmor og farfar) og CP (farfar). Det har gitt meg nytt perspektiv på livet og at det er dei små tinga i livet som verkeleg betyr noko (minnene ein sit igjen med). 

  

– Eg er takksam for at eg har kjærlegheit i livet, både med tanke på kjæraste men også i form av omtanke og omsorg frå andre rundt meg. For ikkje å snakke om den støtten og omtanken eg har fått frå lokalsamfunnet den siste tida. Trur ikkje det hadde vert det same om eg hadde budd i ein storby. Her veit alle kven eg er, eller har på ein eller annan måte ein relasjon til nokon rundt meg. Eigentleg frå fyrste stund då eg var åpen og ærleg om sjukdommen og heilt fram til no- har dåke vist meg ei enorm stor støtte som eg sett så uendeleg stor pris på og er utruleg takksam for.

    

– Eg er takksam for Dr.Fedorenko og moglegheiten han gav meg ved å tilby meg ei stamcellebehandling/HSCT i Moskva. Det gav meg ein ny sjanse i livet. Ein ny start der eg kan starte på nytt med heilt blanke ark- og skrive den boka eg vil. Det meste er opp til meg no- både fokus mentalt og fysisk. 

  

– Eg er takksam for at eg har fått oppleve det å kome så tett innpå ein diagnose i eigen kropp (det er lærdom i det også, på godt og vondt), samt kjenne på at den byrden slapp frå skuldrene mine ved at Fedorenko sa “You are now MS free, Karina”. Ubeskriveleg følelse!!

– Eg er takksam for at eg har alle sansene mine i behold og sameleis med forstanden i hovudet.

– Eg er takksam for at eg har lært meg sjølv betre å kjenne. Eg kjenner no både mine styrker og svakheter- takket vera dei kampane eg har kjempa og den motstanden eg har møtt. 

Eg tar ingenting for gitt lenger. Kvar dag er ein gåve som må nyttast til det fulle. Eg er heldig som har så mange gode folk rundt meg som bryr seg og som eg er så uendeleg glad i. Med MS sjukdommen så visste eg aldri kva som venta meg rundt neste hjørna, men det veit ingen av oss. Plutseleg kan ting skje. Heilt uventa og ut av det blå. Så sett pris på det du har, før det er for seint. Sjå alt det positive du har i livet- framfor å legg vekt på det negative som skjer iblandt. Det skal heller ikkje så mykje til for å gjere andre sin dag litt bedre, eit smil er kanskje nok? Det lysar i alle fall opp min kvardag. 

 

  

 

Hugs at du er din eigen sjef i ditt eige liv. Alt står på deg. 

Det er dine grunnleggjande holdningar til livet, personlege verdiar og grad av forventningar som utgjer korleis du ser på livet og taklar både medvind og motvind. Lev livet, ta ein dag om gangen og sjå det gode i kvar einaste dag. For det finnes, du må kanskje berre leite litt ekstra på mørke dagar. Og du gjer ditt beste- du er nok, du duger. Ikkje ha for store krav til deg sjølv. Du er god nok- akkurat som du er. Med eller utan hår, med eller utan sjukdom. Du er den same på innsida. 

 

    

Ta vare på kvarandre <3 Helsing dei gode runde steroide-kinna som smilar som berre det! 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg