Herleg søndag!

I dag har me nytt dagen på sjøden.

Blei henta av pappa og tantenbarna i båt nede på kaien, rett nedforbi huset vårt. Heilt herleg å bu så nærme og ha så lett tilgang på sjø.  

        

Etter litt tull og tøys med at eg sjølvsagt klarte å miste capsen på sjøden, så me måtte køyre tilbake for å hente denne- så køyrde me endeleg ut til havs for å finna oss ein fine plass å vera nokre timar. Den perfekte plassen vart Hundsryggen, heilt sør på litle Eldøya. Dexen fekk sin eigen plass med både skygge og vatn. 

          

Både bestefar, bestemor og ungane bada som berre det, medan me andre var litt meir tilskodarar. SÅ varmt er det ikkje at ein må nedkjølast. For min del skal det vere bra varmt for at dette blir nødvendigt. Sjølv får eg heller ikkje lov til å bade no, på heile 3 mnd. Grunna det svake immunforsvaret mitt. 

    

Me hadde med oss frukosten ut på holmen der og kosa oss med både pepsi Max og kaffi. Skikkeleg søndagskos!

Etter nokre timar tok me turen heim til Synningjo for å grille vidare i finaveret. Denne gangen holdt eg godt fast i både caps og parykk på heimvegen. Marius passa på lille Dexen som elskar båtlivet. 

   

I Synningjo fekk me servert deilig grillmat. Gu som eg har savna norsk mat! Det smakar såå mykje betre enn alt i Russland. Det er sikkert ikkje så lurt at eg er så mykje i sola som eg er om dagane, men eg syns det er for gale å sitje inne også, når det endeleg er slike dagar som dette. Me har jo ikkje akkurat altfor mange av slike dagar iløpet av eit år at det gjer noko. Men eg dynkar meg i HØG solfaktor og er flink med caps og solbriller. Eg prøver også å begrense det til kun nokre timar til dagen, det held – elles kjem hovudverken og den tunge følelsen. 

 

      

I dag var faktisk fyrste dagen eg prøvde den blonde parykken. Litt uvant, syns både tantebarn og familie- men sånn er det no. Morosamt, spør du meg. Endeleg får eg prøve korleis det er å vere blondine for ein dag. Og det skal eg sei dykk- det føles slettes ikkje verst, altså. Føler meg verken smartare eller dummare med denne hårfargen, ikkje veit eg om oppmerksomhetsrangen gjekk opp eller ned heller. Men mest sannsynleg ned, ifølge Marius. Han føretrekk det vanlege mørke. Så kven veit? Kanskje det blir mørkt igjen imorgon? Eg har jo både rosa, rødt, mørkt, grått og blondt å velgje i 😀 Dette kan jo bli spennande å sjå imorgon då, kva eg vel! *Trommevirvel* 

      

No ikveld avslutta både eg og Dex kvelden med ein roleg kveldstur. For ein fin plass me bur på! Ingenting slår Fitjar- i alle fall ikkje i slikt vèr <3

      

Håpar alle har hatt ei strålande fin helg og så ynskjer eg alle ei god veke med nye moglegheitar i morgon 🙂

Ta vare på kvarandre <3 Helsing den blonde versjonen av Karina! 

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg