Eit større håp enn nokon gong!

Liten oppdatering igjen 🙂

I helga har eg og Marius kun slappa av og kost oss. I går var me også, igjen, ute i båt og nøyt sola.

 

      

Dex er i sitt absolutt rette element når han får vera på sjøden. Sameleis med meg og Marius. Det er få ting som slår båtlivet. Den friske lufta, den avslappande atmosfæren og DET sommarveret. Mange tenkjer kanskje at eg er vel mykje i sola til å ha nettopp ha gjennomgått stamcelletransplantasjon. Men eg er flink å smørja huden med solkrem både ofte og med høg solfaktor, sidan huden blir tynnare og er difor meir utsatt etter cellegiftkur. OG eg har trua på at sol påverkar både humøret og den mentale helsa generelt. I tillegg er det jo sunt med D-vitamin frå solstrålene, så lenge ein ikkje brenner huda vår.

Ein av dei fleire godene av å ha gjennomført ein cellegiftkur, spesielt i mitt tilfelle, er at eg no slepp å barbere både armhuler og leggar- dei er hårfrie og glatte som babyrumper. Skikkeleg luksus som jente i alle fall. I tillegg har eg til no fått beholde både vipper og augnebryn, *bank i bordet*. I alle fall enn så lengje, for dette kan visst dette av ved seinare tid også . Eg køyrde heldigvis eit “safe-kort” før eg reiste til Russland, ved å tattovere bryna mine. Dette varer i ca 1 år. I tilfelle håra skulle falle av- så mister eg allikevel ikkje heile ansiktet. Bryna er jo det som formar inn ansiktet. Utan, trur eg ein føler seg bra naken. Kanskje like naken som med ein nybarbert og skinnande skalle.

Men eg kryssar fingrane og har eit lite håp om at både mine vipper og bryn skal fortsette å trivast i sitt rette element hos meg. Så kan man jo sjå på den andre sida, med seinskadar og biverknader av cellegiftkuren. Men dette vel eg å ikkje dvele ved eller ta sorgene på forskudd av. Til no er det kun håret på hovudet som er litt synd, elles har eg ingenting å klage over. MS fri og livet er fint!

(Dette sitatet over, tattoverte eg også på armen min då eg var 18 år. Ta lærdom av gårsdagen, LEV i nuet, og ha alltid eit håp for morgondagen. Ingenting er sjølvsagt).

Etter å ha vert på sjøden, tok me oss ein tur opp i Synningjo til foreldra mine. Der drakk me kaffi og åt gode nysteikte vaffler. Me har jo ein tradisjon kvar fredag der heile familien samlast og drikk “fredags-kaffi”. Men sidan det ikkje blei på fredag av ulike grunnar- så vart det flytta ein dag.  Det er skikkeleg sommaridyll her! Plassen er jo i seg sjølv svært idyllisk, men med dette veret så blir det jo berre heilt himmelsk der oppe. Dex `en både bada og sprang ivrig etter ball på plenen.

 

Tanteungane, tante Mari (svigerinna mi), bestemor og bestefar (mamma og pappa) bada som nokre sjøløver.

Medan eg, Marius og Dex holdt oss til vassing i strandkanten.

Det gjer meg faktisk ingenting at eg ikkje kan bade i sommar (må halde meg vekke frå bad i både basseng, sjø og vatn i heile 3 mnd). Eg er ikkje av typen som MÅ bade når det er fint ver. Det skal faktisk vera ganske så varmt for at eg har behov for å kjøle meg ned. Difor spelar ikkje dette nokon rolle for at eg skal kunne ha ein fin sommar. Eg har faktisk hatt det heilt strålandes så langt i sommar, sidan eg kom heim frå Russland. Livet har verkeleg smilt til meg, på alle måtar.

Me hadde også ein liten gummibåt i Synningjo i går, som lille Dex og Marius tok ein tur i. Men Dex`en likte ikkje dette, og med eit PLASK så stupa han uti og svømde inn igjen til meg. Skjønnasen! Skulle hatt dette på film. Så me prøvde igjen med å plassere han i båten. Men denne gangen hoppa han då altså ikkje, han berre ba fint om å bli løfta utav igjen 🙂

Følte meg litt truffen då eg såg dette biletet på facebook, må berre dele:

Utpå kvelden nøyt me solnedgangen på terrassen og grilla oss deilig kvelds.

   

I dag sov eg godt frampå. Kjente at kroppen hadde behov for søvn i dag ja. Sov til klokka var godt over 12.30. Så det blei sein frukost på oss, etterfulgt av MotoGP på storskjerm. Motorsykkel-løp er ein sjølvsagt ting å få med seg i denne heimen, så lenge Marius er heime i alle fall.

Så vart me invitert til søster mi på grilling kl 15.00. Kjempekos!! Har blitt ein del grilling i helga, både i dag og i går. Men det gjer meg ingenting, for det er jo knallgodt med grillmat, spesielt i denne varmen.

I dag fekk eg meg også ein liten “aha-opplevelse” på besøket hos søster mi. For tidlegare har eg jo slitt enormt med hjernetåke (brain-fog), konsentrasjon og hukommelse. Eg har rett og slett slitt mest kognitivt, i tillegg til å ha hatt andre plagsomme MS-symptom som smerter osv. Tidlegare klarte eg ikkje alltid å følgja/hengja meg i ei heil kaffi-økt, med samtalar å følgje med på heile tida. Og om eg klarte det, så var eg heilt gåen etterpå- av å ha verkeleg konsentrert meg for å hengje med heile tida. Til tider fungerte verkeleg ikkje hjernen min, eg kunne til dømes lure på kva eg eigentleg holdt på med til tider og kvar eg var på veg. Nett som at eg var verkeleg påvirka av alkohol, berre at eg var klin edru. Skremmande.

MEN! I dag så kjente eg på at denne tåka verkeleg har letta. Det er nett som om det har klårna litt opp- oppi der. Eg hang med gjennom heile økta, i alle samtalane til alle kantar for meg. Trur eg i alle fall! Følte det! Og det var ein SÅ god følelse! Sjølv om eg muligens har litt “chemobrain” endå, når det gjeld at hukommelsen fortsatt er elendig og konsentrasjonen kanskje ikkje er heilt på topp, så er det allerede betring når det gjeld konsentrasjonsevnen og hjernetåka. Og det er jo berre heilt fantastisk! Eg er kun 3 veker post HSCT behandlinga, og allerede kan eg sjå forbetringar. Ikkje nok med det! Men tante var også med på trampolinen med tanteungane, der me både hoppa, spelte fotball og håndball.

Det var kanskje ikkje snakk om lange stunda (10-15 min) , men eg gjorde det. Kun 3 veker etter behandlinga. Eg er allerede på veg til å bli ei aktiv og meir “våken” tante! Dette gir meg større håp enn nokon gong når det gjeld mitt største ønske og håp om å kunne bli ei aktiv og tilstedeværande mamma i framtida, for mine eigne barn. Det føles berre heilt fantastisk!!

 

Eg savnar forresten ungane i barnehagen noko heilt enormt. Skulle så gjerne ha besøkt dei igjen. Men med dette immunforsvaret mitt no, så må det dessverre vente. Det er for risikabelt.

   

Skulle berre ynskje ungane forstod kvifor. Føler så at eg skuffar dei no, med å plutseleg berre “forsvinne” i lang tid. Og veker/månader for barn blir jo til og føles som ein heil EVIGHET. Håpar berre ikkje dei har gløymt meg heilt. Sjølv om dei ikkje er mine så er dei allikevel samstundes litt “mine”.

Dei var sjølvsagt med med heile vegen i Russland, både mentalt og i hjartet, men barnehagebilete hang også på veggen ved senga mi frå dag ein til dagen eg reiste heim. Til alle foreldre i barnehagen, som les bloggen min- hels ungane masse frå meg, er de snill! Og sei at eg ikkje har gløymt dei, eg kjem på besøk så snart eg kan og eg savnar dei heilt enormt!

 

Etter mykje grillkos og kaffi gjekk eg heim for å ta ei treningsøkt. No er det jo to dagar sidan sist, og på tide med ei ny økt. Fann fram vektene, musikk og tok på meg treningsklede.

 

Hodeplagg gav eg blaffen i nett no, skulle jo berre trene- aleine. Herleg å kunne vere litt “frank og fri” i blandt. No skal eg faktisk gi litt f*** i kva folk meiner og tenkjer (som Fugelli oppmoda alle om), gi litt blaffen i janteloven og faktisk dele eit bald-trenings-bilete med dåke. 

   

3 km kjapp gange i takt med musikken, på rett under ein halvtime! Og også i dag på 6 km/t 😀

  

Musklane eg hadde før behandlinga er forsvunnen, og bytta ut med store gode steroide-kinn. Føler meg verkeleg slik:

 

Men berre vent- eg skal nok få kinna tilbake til eigentlege størrelse, ein vakker dag no snart (forhåpentlegvis). Og musklane likeså, eg skal jobbe meg opp og komme i same form igjen som då eg reiste. Men det kjem til å ta tid- og den tida skal eg gi meg sjølv.

Mestringsfølelsen kom altså på besøk igjen idag etter treningsøkta! Digg. Og ikkje nok med det, men Dex måtte jo også få sin daglege luftetur. Så rett etterpå tok eg og ho mor oss ein kveldstur i nydelege Kråko. Herleg! Ca 2 km til. 5 km totalt i dag! Pluss ein liten gåtur tidlegare på dagen opp til søster mi og tilbake.

 

Kroppen spelar verkeleg på lag for tida! Og eg kjenner at eg blir sterkare og sterkare for kvar dag som går, både mentalt og fysisk. Sjølv om dette kanskje ikkje gjenspeglar seg i form av musklar og utstrålande styrke heilt endå –  men heller i form av ei blid og fornøyd Karina. Ei som føler ho har kome styrka ut av heile denne prosessen i det siste.

Eg gjentar, livet smiler verkeleg til meg for tida! Og det ser no verkeleg lyst ut, lysare enn det nokon gong har gjort ! 🙂 Og dette er ikkje kun sola si fortjeneste nei.

Eg håpar alle andre også har hatt ei strålande helg også ynskjer eg alle ei fortsatt fin veke! Hugs ny veke – nye moglegheitar.

Ta vare på kvarandre <3

1 kommentar
    1. Det er så kjekt å lese hvor godt det går med deg 💕 dette fortjener du skikkelig . Du vet å sette pris på livets goder . Stor klem 😘

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg