Veka som var og ein konsert utan like!

Tid for ny oppdatering!

Det blir ikkje like ofte nye blogginnlegg her heime, som det vart i Russland, under behandlinga. Mykje på grunn av at det er ikkje så mykje “nytt” å oppdatere og blogge om her heime, som det derimot var kvar dag der borte. Men eg skal prøve å i alle fall oppdatere dåke med eit blogginnlegg i veka, eventuelt meir dersom det skulle skje noko uventa.

(Bilete henta frå behandlinga i Russland. Gomlar på slikkepinn for å få vekk metallsmaken, medan eg nyt friheten på sjukehusområdet.)

På mandag var det tid for mine 1 mnd post blodprøvar, hos legen. Er så spent på å få vite resultatet neste veke 🙂 Satsar på det fortsatt går på fram! Dette var også dagen for utreise igjen, for Marius. Men sidan han har vert sjukemeldt ei stund no, så skulle han berre ta dei resterande vekene av jobb-turen sin no. Og det blei då 2 veker, istadenfor 5 veker (!!) som er det vanlege. Heldigvis blei det dermed ein mjuk start no, og han er heldigvis snart heime igjen hos meg 🙂 Eg klarar meg heilt fint heime aleine no, men det er sjølvsagt kjekkast når han er heime med meg. Heldigvis er eg aldri heilt aleine, då eg har Dex.

Han passar alltid på meg! Entan det er under avslapping ute på terrassen vår:

Eller ved å pushe meg ut på tur i både fint og grått ver:

 

 

Eller ved å liggje og passe på når eg kviler. Han er aldri langt vekke frå ho matmor. For nokre dagar sidan så fekk eg meg ein liten sjokk-oppdagelse. Eg kom nemleg heim til Dex med parykk, men heiv den som vanleg av meg då eg kom inn. Halen til Dex gjekk rett ned då eg kasta vekk parykken. Og at halen hans heng ned, er aldri noko positivt teikn.

Fekk heilt vondt av han, då all slags tankar surra rundt i hovudet mitt. “Var han redd den skalla versjonen av meg? Føler han at han har “mista” mammo si, ved at eg ser heilt annleis ut utan parykk?” Eg prøvde å kose mykje med han, og seinare denne dagen motbeviste han heldigvis det eg frykta. Labben hans kvilte nemleg på den nakne skallen min, medan me tok oss ein kvil ilag, på same pute. Dex`en min <3

Tirsdag fekk eg ei koseleg melding av mitt eldste tantebarn, Nikolai, om eg kunne komme å sjå på fotballkampen hans. Det ville eg sjølvsagt 🙂 Dei vann, heile 15-3 trur eg det vart til slutt! Det var nesten litt i meste laget, eg fekk litt vondt av det andre laget. Sluttresultatet spelar eigentleg NULL rolle for meg, men eg veit det alltid er kjekt med seier – så det unner eg han og laget hans. Men for min del så er det nok å berre sjå han i aksjon på fotballbanen, så teknisk god og samtidig flink til å sentre til alle medspelarane sine på laget. Eg er alltid like stolt over han! Uannsett sluttresultat.

På kvelden kom Malene på besøk til meg på tacokvelds. Dette var berre sååå kos. Eg og Malene var to uadskillelege bestevenner på barne- og ungdomsskulen. Dessverre så mista me litt kontakten opp gjennom dei neste årene, av ein eller annan grunn. Men heldigvis har me gjenoppretta denne kontakten no i seinare tid, noko som eg er SÅ glad for! <3 Det er nett som i “gamle dagar” der me ler og atmosfæren og tonen mellom oss er så naturleg og avslappa. Og sist men ikkje minst, eg føler at eg kan dele alt med henne. Noko eg absolutt gjorde denne kvelden, ved å vise og fortelle henne svært personlege ting. Takk for dei nydelege blomane og ein fantastisk koseleg kveld, Malene! <3

  

Onsdag var det tid for dagen både eg og yngste nevø, Sebastian, har venta på lenge! Klassen hans skulle nemleg denne dagen ha konsert med “klasse-bandet” sitt forran både foreldre og besteforeldre. Eg var også så heldig å få invitasjon både frå læraren og Sebastian sjølv. Sebastian har øvd LENGE og mykje til denne konserten. Han spelar piano og er faktisk svært dyktig allereie. Det er lenge sidan eg fekk vite om denne konserten, så eg har gleda meg enormt mykje i lang tid. Dette var også noko som eg kunne sjå fram til, då eg var under behandling i Russland.

No var endeleg dagen her. Men eg anka litt på om Sebastian skulle skjemst over tante der ho sat med både parykk og munnbind blandt alle desse folka og forran klassekameratane hans stakkars. Me snakka heldigvis litt om dette dagen før, og han fekk då kome med ynskje om kva slags parykk eg skulle ha på meg. Han spurte også om eg kunne gå med same caps som eg hadde på meg då eg kom heim frå Russland. Dette ynskje skulle eg sjølvsagt oppfylle for han 🙂 Tante kom med både caps og den utvalgte parykken.

Dei opna konserten med ein flott intro av dei to program-leiarane, der dei blant anna nemnde at dei hadde hatt mykje om stress og gjennomført eit stressmeistringskurs dette året. I denne samanhengen hadde dei invitert to “æresgjester” , som dei kalla det, til konserten. Der eg og min pappa (rektor) vart nemnd. Dei meinte at me begge to hadde takla stress på ein veldig god måte, pappa gjennom travle skule-kvardagar og eg gjennom behandlinga. Rørandes å høyra! Og FOR ein fantastisk rørandes konsert! Ein konsert som varte i ein time, med varierande innslag av både triksing med ball, dansing, synging og speling av ulike instrument. Alt dei kunne!! Og alle deltok! Eg vart igjen, ei SÅ stolt tante! Siste sangen måtte eg verkeleg kjempe imot tårene. Noko så fantastisk. Der stod heile klassen å haldt kvarandre i armane og vugga att og fram medan dei sang den nydelege sangen: Himmel full av stjerner. 3.klassingar altså! For ein dyktig lærar dei har, som har klart å setje saman alt dette. Imponerandes! Gledar meg allereie til neste konsert!

På onsdag, dagen etter konserten, stakk eg oppom i klasserommet til Sebastian. Heilt uanmeldt, der eg hadde med meg ispinnar og kjeks til elevane. Og sjølvsagt ein liten blom til læraren. Morosamt å sjå uttrykket til Sebastian då eg kom inn, heilt øverraska og forstod ingenting. Men dette gjorde eg for å vise kor takknemleg eg var for å få invitasjon og gav samstundes uttrykk for kor utruleg flinke eg syns dei var på konserten dagen før. Eg fortalde dei også at; er det nokon som verkeleg kan takle stress godt, så er det denne 3.klassen. Det beviste dei på konserten, både elevane og læraren <3 Suksessen kom nok uten tvil av mykje øving, men også av at læraren hadde trua på kvar einaste ein av elevane sine. Ho gav dei moglegheit til å få kjenne på meistringsfølelse. Noko som eg tenkjer er heilt avgjerande, også i barnehagesammenheng.

På ettermiddagen blei eg invitert på fiskemiddag hos mammo og pappen 🙂 Heldige meg! Har så mange gode folk rundt meg som verkeleg passar på og tar vare på meg!

Seinare på kvelden gjennomførte eg nok ei treningsøkt på tredemølla mi. Denne gangen med lett jogging i ein halvtime! Første joggetur sidan cellegifta og det føltes så godt!! Meistringsfølelse delux! Eg hadde “treningsfri” på mandag, men har gått 3 km alle dei andre dagane. Herleg å vera i bevegelse igjen og kjenne at kroppen faktisk taklar det 🙂 Dex`en ligg alltid på toppen av kjellar-trappa når eg trenar her nede, og har derifra full kontroll.

 

Eg prøvar fortsatt å ete så sunt eg kan i vekedagane. Men denne torsdagskvelden unte eg meg både Pepsi Max og tacorestar, sjølv om det ikkje var helg.

 

Gjorde det godt igjen med denne middagen i går då, med både grønnsaker og laks.

I går blei eg også invitert på lunsj hos mamma ilag med bror hennar, onkel Atle 🙂 Så koseleg! Han hadde med seg ein heilt nydeleg hund som han var barnevakt for no i helga. Dex vart så glad for selskap! Endeleg nokon på hans eigen størrelse som ville leike med han!

På ettermiddagen i går var det også tid for familiens faste ritual- nemleg fredagskaffi 🙂 Kos! 

Deretter kom fredagskvelden snikandes innpå og det vart VM på tv-skjermen saman med mitt faste helge-ritual; Pepsi Max og ostepopp. God helg, folkens! 🙂

Ta vare på kvarandre! <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg