For ei helg!

For ein spesiell dag det var igår!

Eg hadde fått beskjed om at publiseringa på nett skulle kome kl 07.00, så eg hadde alarm på kl.06.50 for å få dette med meg. Men kroppen var visst allereie innstilt på dette, for kl.06.00 vakna eg av meg sjølv. Og då klarte eg ikkje sovne igjen, var så spent. Ikkje ofte at eg står opp kl.06.00 på ein helgedag altså! Så kom øyeblikket. Det vart ganske spesielt og rart å lese om seg sjølv i ei slik stor avis. Ikkje akkurat kvardagskost. Og noko så personleg og sårbart i tillegg.

Men det vart heldigvis kun positiv respons og MS-forbundet delte også denne saka på facebook-sida si. Så det var jo kjempeflott! Kryssar fingrane for at det snart skjer litt framgong i Noreg, angåande denne behandlingsmetoden! Eg må få takka nok ein gong for alle varme og gode ord eg fekk.  Det tikka inn på meldingar heile dagen i går, frå folk som hadde lese avisa. 

For dei som ikkje fekk det med seg, så legg eg linken til nettutgåva her også:

https://www.bt.no/btmagasinet/i/J1Ebm4/Dette-er-mitt-einaste-hap-no-Eg-foler-verkeleg-at-det-star-om-livet–#Echobox=1529733979

Tusen takk for all støtte! Det betyr enormt mykje <3 Håpar dåke er klar over det. Eg vert både sterkare og meir motivert av slik fantastisk støtte frå dåke alle! Og akkurat den motivasjonen har eg verkeleg hatt behov for påfyll av, denne helga. Eg er snart blitt stamkunde hos legevakta. Neida, men to ganger siste dagane har det blitt. Og til slutt fekk eg endeleg bredde spekter antibiotika for problemene mine.

Mageproblematikken min har jo vart i nesten ei veke no, muligens eit magevirus? Elles har eg hatt feber i 3 dagar og blitt skikkeleg forkjøla. Og med mitt immunforsvar så tåler eg svært lite no og dette er ganske risikabelt. Ikkje rart at eg får det meste no på ein gong, då immunforsvaret blir meir og meir svekka for kvar nye infeksjon og nye utfordringar den må jobbe hardt med. Igår begynte det også plutseleg å verke på innsida av kinnet mitt og rundt visdomstanna mi. Det var rødt og betent rundt tanna.

Før eg reiste til Moskva var eg til tannlegesjekk for å sjå at alt var bra, slik at eg ikkje var i faresonen for infeksjonar i isolasjonstida, utan immunforsvar. Tannlegen fann einaste ei visdomstann som ikkje var komen heilt fram, og sa at det kunne uheldigvis havne bakteriar rundt eller under denne- men mest sannsynleg ikkje. No var det nettopp denne tanna som verka og var betent. Snakk om uflaks! 

Eg gjorde ikkje noko med det igår, men såg det an til idag. Då eg vakna var idag, hadde eg heldigvis ikkje feber lenger! Men det var endå meir verk i venstre kinn, fortsatt betent (rødt) og det var no komen ein stor klump på sida av tanna. Eg ringte legevakta, sjølv om eg slit litt med viljen akkurat her. Føler meg som den hypokonderen som ringer for den minste ting. Er så ubehageleg- redd dei ikkje skal ta meg seriøst til slutt.

Men det er jo nettopp det eg har fått beskjed om å gjere, å ringje så snart man får infeksjonstegn eller feber over 37,5. Og siste tida har eg jo hatt begge deler faktisk. Med mitt immunforsvar nett no så skal det ingenting til før det plutseleg kan bli svært alvorleg. Litt skremmande. Men hos legevakten denne gangen fekk eg heldigvis 10-dagers antibiotikakur, men må til fastlege og tannlege imorgon den dag. Håpar berre dei slepp meg til snarast! Då skal nok dette nok gå bra 🙂 

Vil også skryte nok ein gong av min fantastiske lege i Russland! På fredagskveld hadde han altså eit webseminar for pasientar, pårørande og alle andre interesserte om stamcellebehandling. Dette hadde han ilag med ei veteran av behandlinga, som har hatt god effekt i mange år. Akkurat dette webseminaret var det jo absolutt helsevesenet i Norge som burde sitt på. Men uannsett, heile 1,5 time holdt han på. På fritida si. Der han svarte på spørsmål som kom inn til han undervegs. Heilt utruleg- FOR EIN LEGE!!! Eg blir heilt rørt av denne oppfølginga hans og føler meg svært heldig og priviligert som har fått behandling av nettopp denne erfarne mannen, på det unike sjukehuset; Pirogov. Og no i helga når eg har hatt litt trøbbel- har han svart meg jkun minutter etter eg har sendt mail til han. Han ber meg også heile tida halde han oppdatert. Snakk om å bli ivaretatt!! <3 

Har lyst å dele ein kortfilm med dåke, som ikkje kom på nettsida til BT igår allikevel. Denne var eigentleg planlagt å publisere. Det er fleire av de samme filmklippa som låg på nettutgåva i denne- pluss litt ekstra og med nydeleg bakgrunnsmusikk. STERK film for meg i alle fall. Tårene rann som berre det fyrste gong eg såg den. Håpar dåke også syns den er fin. Har fått lov av fotografen i BT å publisere den, håpar berre det verkar og at dåke får spelt den av: 

video:Kampen mot MS

Ynskjer alle ei fin veke folkens!

Ta vare på kvarandre <3 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg